TIPS OG RÅD
Mi husforsikring
Takk for at du har husforsikringa di hos oss!
Vi har samla ein del nyttige råd om husforsikringa di, tips til vedlikehald og svar på spørsmål mange andre lurer på.
TIPS OG RÅD
Takk for at du har husforsikringa di hos oss!
Vi har samla ein del nyttige råd om husforsikringa di, tips til vedlikehald og svar på spørsmål mange andre lurer på.
Informasjon om husforsikringa di finn du ved å logge inn til mine forsikringar (min side). Her kan du mellom anna:
Det er utallege ting som kan skje med huset ditt, og det er ikkje alltid like lett å finne fram i vilkåra. Her er nokre av dei vanlegaste skadane, forsikringsselskapet vårt Fremtind behandlar:
Finn du ikkje svaret, kan du prøve kundeservicesidene eller kontakte oss direkte.
Som huseigar har du eit viktig vedlikehaldsansvar. Manglande vedlikehald og oppfølging som fører til skadar som skjer over tid, vil i dei fleste tilfelle ikkje vere dekt av husforsikringa.
For å hjelpe deg med dette, har vi i samarbeid med fagekspertar laga ein vedlikehaldskalender. Kalenderen gir deg steg-for-steg guidar for kvar årstid, med oppgåver du bør utføre for å halde bustaden din i god stand.
Viss du er usikker, kan du kontakte oss så skal vi hjelpe deg.
Sjå også:
Korleis endrar eg forfallsdato?
Korleis endrar eg kor ofte eg betaler for forsikringane?
Du vel sjølv kor ofte du vil betale for forsikringane dine. Vi tilbyr 4 ulike betalingsfrekvensar på forsikringane dine:
Viss du ønsker å forandre på betalingsfrekvensen du har i dag, kan du logge inn til «forsikringane mine» (eller mobilbank/nettbank – vel forsikringane mine). Der vel du «faktura» i menyen, gå vidare til «betalingsavtalar» og endre betalingsintervall.
Er du usikker kan du kontakte oss så hjelper vi deg med å endre.
Sjå også:
Kva er sesongvariert forsikringspris?
Kva er fordelane med eFaktura/AvtaleGiro?
Eg har spørsmål om fakturaen eg har fått frå Fremtind?
«Frå dato» som avvik frå den gjeldande terminen betyr at det er gjort endring med tilbakeverknande kraft. Vi har difor føretatt ein avrekning med verknad frå same dato. Om din forsikringspris er endra vil du få eit tillegg, eventuell frådrag, med bakgrunn i kva som tidlegare er fakturert.
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.
AvtaleGiro
Du vil ofte motta første faktura i posten, fordi denne som regel blir produsert før AvtaleGiro eller eFaktura er registrert hjå oss.
eFaktura
I nettbanken vel du «Innstillinger» og «Betaling» og der kan du velje «Tillat eFaktura» for å motta eFaktura. Avtale om eFaktura krev at du har valt dette og ikkje reservert deg.
Ta kontakt med oss, viss du framleis får forsikringsfakturaen i posten.
Når du sel huset, må du hugse å seie opp husforsikringa. Kjøper du nytt hus må du kjøpe ny forsikring. Har du innbuforsikring, kan du endre adresse på denne, mens LOfavør innboforsikring automatisk følgjer di folkeregistrerte adresse.
Skal du selje boligen din? Sjå våre tips og råd til det som kanskje er ditt livs viktigaste handel.
Forsikring av garasje eller andre bygningar tilknytt huset, er tilleggsdekningar du vel å kjøpe når du kjøper husforsikring. Du kan sjekke kva bygningar som ligg i avtalen under «tilleggsbygg» i husforsikringa di, ved å logge inn til «mine forsikringar».
Har du nylig bygd deg garasje, anneks eller eit anna bygg, kan du kontakte oss og legge til dette i forsikringsavtalen din.
Viss du leiger ut huset ditt eller delar av det, må du melde frå til oss om at du har utleige. Då vil du få ei utleieforsikring som tilleggsdekning, som mellom anna sikrar deg viss leigetakarane:
Har du hatt uhell eller skade?
Dersom det skjer ei skade på huset eller hytta som fører til vasslekkasje og vasskade, er sjølve huset eller bygninga dekka av husforsikring. Det vil seie tak, veggar, golv og alt som sit fast i bustaden (parkett, peis, varmtvannsberedar, varmepumpe, kjøkkeninnreiing osv.). Det same gjeld for hytta dersom du har hytteforsikring.
Blir møblar eller frittståande kvitevarer øydelagt, er det innbuforsikring som vil dekke dette.
Ved vasslekkasje frå tak
Forsikringa di skal dekke det som skjer plutseleg og tilfeldig. Viss til dømes taket ditt sakte, men sikkert blir øydelagt fordi du ikkje held det ved like, er det ein skade som skjer over tid. Då dekkast den heller ikkje av forsikring. For å vere dekka mot følgeskader som kjem av tak (inntil 50 år gammalt) som ikkje er tett, må du ha topp husforsikring.
Kva gjer eg ved vasslekkasje?
Har du både innbu- og husforsikringane hos oss, får du éin eigenandel, eitt kontaktpunkt og eit samla oppgjer ved skade.
Sjå også
Dekker husforsikring at varmepumpe?
kva dekker innbuforsikring?
Er eg dekka for maten i fryseboksen min?
Å vite forskjellen på husforsikring og innbuforsikring kan vere vanskeleg i ein del tilfelle. Men forskjellen er eigentleg ganske enkel. Husforsikringa dekkar skader på sjølve bygningen og dei delane som sit fastmontert i bygningen, medan innbuforsikringa dekkar alle tinga dine, som du oppbevarer i bustaden og som du tar med deg når du flyttar.
Her er nokre eksempel på ting som er dekka av dei forskjellige forsikringane.
Husforsikringa dekkar ting som:
Har du hytte, treng du ein eigen hytteforsikring for sjølve bygningen, med tilhøyrande innbuforsikring som dekkar tinga på hytta.
Sjå også
Gjeld innbuforsikring eg har heime på hytta òg?
Gjeld innbuforsikring for ting eg har i garasjen?
Korleis rekne ut kor mykje må eg ha i innbuforsikring?
Punktert vindauge
Eit punktert vindauge skuldast som oftast at vindauget er gammalt og slitt. Då vil ofte innfatning tørke ut eller sprekke opp, og sleppe inn luft. Dette dekkast dessverre ikkje av bygningsforsikringane (hus- og hytteforsikring).
Er vindauget nytt kan du få dekt dette av garantien på vindauget. Då må du ta kontakt med forhandlaren eller snekkaren som sette det inn.
Knust vindauge
Er vindauget knust som følgje av ein skade eller fått termisk brudd kan du vere dekt av hytte- og husforsikringa. Dersom du leiger eller bur i eit sameige eller burettslag har du ikkje husforsikring, men du kan vere dekka av innbuforsikring. Skaden må som hovudregel knytast til ei hending og eit tidspunkt.
Liten/inga drenering rundt huset eller tette dreneringsrøyr kan forårsake vanninntrenging og vasskader på bygningen. Bygningsforsikring (hytte- og husforsikring) dekker normalt ikkje skader som oppstår over tid, om skaden kjem av manglande vedlikehald av dreneringa. Innbuforsikring kan dekke deg for følgjeskadar om tinga dine har blitt øydelagt av vatnet.
Har du fått vasskader og følgjeskadar på huset som følgje av naturskadar eller utvendig lekkasje frå røyr vil du normalt vere dekka av bygningsforsikring.
Sjå også
Vasskade og vannlekkasjar
Frosne vassrøyr
Kva er vedlikehaldsansvar?
Ein varmepumpe kan vere dekka av både husforsikring og innboforsikring. Det vanlegaste er at varmepumpa er ein integrert del av huset, og då er ho dekka av husforsikring. Er det ein frittståande varmepumpe som du kan flytte rundt på, er ho definert som innbo og dermed dekka av innboforsikring.
Skade
Har du hatt fysisk skade på selve varmepumpa som til dømes skuldast brann, hærverk, kortslutning på grunn av lynnedslag eller spenningsfeil på straumnettet, kan du vere dekka for varmepumpa (minus eigenandel og aldringsfradrag).
Lekkasje
Har du fått skade på bygningen som følgje av lekkasje frå varmepumpa er du ikkje dekka. Her vil heller ikkje følgeskader vere dekka.
Slitasje og produktfeil
Forsikringen dekker ikkje slitasjeskader eller produkt-/monteringsfeil på varmepumpe. Har varmepumpa sluttet å virke bør du sjekke med forhandlaren, montøren eller leverandøren om det framleis er garanti på varmepumpa. Eventuelt om du kan reklamere.
Sjå også
Kva dekker husforsikringa?
Dekker forsikringen handverkarfeil?
Hva dekker innboforsikringen?
Dekker forsikringa knust platetopp?
Dekker innboforsikringa kvitevarer?
Dersom huset eller leiligheita di ikkje går an å bu i som følgje av ein skade, kan du vere dekt for utgifter til ein midlertidig bustad, samt meirutgiftene du får som følgje av skadane. Det er forsikringsselskapet som avgjer om bustaden din går å bu eller ikkje, og deretter dekt for ein midlertidig bustad og meirutgifter.
Bygningsforsikringa dekker marknadsleige for bustaden din i perioden du ikkje kan bu der som følgje av reparasjon av skadene. Du kan også få dekt tapte husleieginntekter dersom du har leigetakarar på kontrakt. Har du leigd ut bustaden utan at dette står i forsikringsavtalen, kan du få avkortning på erstatninga.
Har du innbuforsikring kan du også få dekt meirutgifter. Det vil seie utgifter til leige utover det som vert dekt av bygningsforsikringa. Meirutgifter kan også vere eksempelvis ekstra reiseveg, pass av kjæledyr, lading av elbil og omadressering av post.
Dersom du får skade og du både har hus- og innbuforsikringa di hos oss, treng du berre å betale éin eigenandel.
Har bustaden din blitt umogleg å bu i?