Forbrukslån
Uventa utgifter på rekke og rad? Forbrukslån kan hjelpe deg med utgifter som kjem overraskande på.
- Lån utan sikkerheit
- Trygg og forutsigbar nedbetalingsplan
- Betal inn ekstra så ofte du vil
Uventa utgifter på rekke og rad? Forbrukslån kan hjelpe deg med utgifter som kjem overraskande på.
Priseksempel: Effektiv rente 16,6 %. Låner du 70.000 over 5 år, koster lånet 30.848, og du betaler totalt 100.848 kroner.
Forbrukslån er eit kortsiktig lån utan sikkerheit, noko som betyr at vi ikkje tar pant i bustaden din eller andre ting du eig. Derfor har forbrukslån høgare rente enn andre lån, og du bør prioritere å betale ned lånet raskt.
Priseksempel: Effektiv rente 16,6 %. Låner du 70.000 over 5 år, koster lånet 30.848, og du betaler totalt 100.848 kroner.
Forbrukslån er levert av Kredittbanken ASA.
Ein bufferkonto er gull verd for å takle plutselege kostnadar som måtte dukke opp.
Med ein økonomisk buffer har du alltid litt pengar i bakhand til uventa hendingar.
Det finst fleire offentlege refusjonsordningar for ulike typar hendingar. Spesielt gode er dei innanfor helse. Sjå helsenorge.no for meir informasjon om desse.
Les om forsikringane eller kontakt oss for å høyre om hendinga blir dekt av forsikringa.
Har du ledig sikkerheit i bustaden kan det vere fornuftig å nytte denne i staden for å ta opp eit kortsiktig lån utan sikkerheit. Merk at lånet kan bli veldig dyrt om du følger nedbetalingsplanen for bustaden.
Ved låge beløp vil etableringsgebyret på eit kortsiktig lån utan sikkerheit utgjere ein høg del av kostnadane, og dette unngår du viss du bruker kredittkort i staden.
I mange tilfelle vil forsikringa di dekke ein vasskade. Uansett er det som regel viktig å få utbetra vasskadar hurtig for å unngå at bustaden din får følgeskadar.
Plagar i tenner og munnhole kan vere smertefullt, og kan påverke kvardagen til både deg og familien din veldig negativt.
Dei fleste familiar treng bil for å levere barn i barnehagen eller handle mat. Ikkje alle bilar har ei forsikring som dekker alle typar skadar. Ved større utlegg som ikkje dekkast av forsikringa kan forbrukslån vere ei løysing.
Ein uventa skade eller sjukdom kan skape hindringar i kvardagen, og gjere det vanskeleg å kome seg på jobb. Nokre behandlingar får du refusjon for, nokre må du dekke sjølv. Eit alternativ er behandling hos private helseføretak finansiert med kortsiktig lån.
Får du innvilga forbrukslån frå oss, vil du få pengane på konto innan to virkedager etter du har signert lånedokumenta.
For dei som ønskjer lån på dagen kan dette opplevast som lang tid, men dette er vanleg praksis i Noreg, og ein ekstra tryggleik for deg fordi det gjer det vanskelegare for svindlarar å ta opp kreditt i andre sitt namn via ID-tyveri. Av same grunn varslar vi deg i tillegg på SMS før vi faktisk utbetalar pengane.
Har du av og til behov for å ha litt ekstra pengar tilgjengeleg umiddelbart, kan kredittkort vere eit alternativ for deg. Og hugs at det alltid er fornuftig å ha ein bufferkonto!
Vi har inga fast øvre grense på kor stort eit forbrukslån kan vere, men vurderer kvar enkelt lånesøknad individuelt ut frå privatøkonomien til den som søker. Då spelar ting som jobbsituasjonen din og eksisterande gjeld inn. Kor mykje du kan få låne hos oss, kan vi derfor først svare på etter vi har fått informasjonen vi treng frå deg, altså etter du har søkt.
Føresetnader for i det heile å få forbrukslån hos oss er at du er minst 20 år gammal, har ein trygg og stabil økonomi, og at du ikkje har betalingsmerknader.
Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei.
Derfor bør du samanlikne den effektive renta til bankane, og ikkje den nominelle renta, når du skal søke lån. Når du samanliknar effektiv rente er det viktig at du ser på nedbetalingstida. For å kunne samanlikne effektiv rente må nemleg nedbetalingstid vere heilt lik, då den effektive renta vil i mange tilfelle bli lågare viss du aukar nedbetalingstida på lånet.
Sjå også
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er forskjellen på fast og flytande rente?
Eit priseksempel eller renteeksempel viser deg dei reelle kostnadane med eit lån, slik at du enkelt kan sjå kva eit lån kostar i praksis.
Slik ser for eksempel priseksempelet for refinansiering av forbruksgjeld ut:
Nominell rente 12,9. Effektiv rente 14,7 % Låner du 150 000 over 5 år, kostar lånet 58.602 kroner, og du betaler totalt 208.602 kroner.
Priseksempelet viser deg rett og slett kva eit lån på eit gitt beløp, nedbetalt over ei viss tid, vil koste. Lånekostnaden og den effektive renta inkluderer alle eventuelle gebyr som etableringsgebyr, årsgebyr og termingebyr. Totalkostnaden som er oppgitt i priseksempelet inkluderer òg det opphavelege lånebeløpet.
Ikkje nødvendigvis. Det er jo for eksempel ikkje sikkert du skal låne akkurat så mykje som priseksempelet legg til grunn. Dei fleste lån har dessutan individuelt tilpassa rente, og då får du kanskje ikkje same rente som er brukt i priseksempelet.
Priseksempelet skal imidlertid vere representativt, altså reflektere låna til gjennomsnittskunden, med tanke på både lånesum, rente og nedbetalingstid.
(Her er det nokre unntak gitt ved lov, som for kredittkort, der lova blant anna seier at nedbetalingstida i priseksempelet skal vere 12 månadar. Du kan så klart betale ned kredittkortgjelda di både raskare og saktere enn det, alt etter kva du har behov for.)
I nedbetalingsplanen som følger lånetilbodet frå banken ser du konkret kva du må betale for lånet ditt. For lån du allereie har, finn du nedbetalingsplanen i nett- og mobilbanken.
Sjå også:
Kva er forskjellen på nominell og effektiv rente?
Kva er belåningsgrad?
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er lån utan sikkerheit?
Å refinansiere forbrukslån og kredittkortgjeld er å samle gammal gjeld i eitt felles lån til betre vilkår. Då får du betre oversikt og kontroll – og ikkje minst meir å rutte med i månaden.
Sjekk kor mykje du kan spare på å refinansiere Vi har laga ein refinansieringskalkulator som kan gi deg ein peikepinn.
Finn svar på det du lurer på – og nokre nyttige tips:
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no