Førstegangskjøpar
Eg skal kjøpe min første bustad
Det å kjøpe bustad er spennande, men kan også følast overveldande. Slik går du fram, steg for steg.
Førstegangskjøpar
Det å kjøpe bustad er spennande, men kan også følast overveldande. Slik går du fram, steg for steg.
Du har spart opp eigenkapitalen, og du er no klar for å ta steget ut i bustadmarknaden.
Før du byrjar å leite etter draumebustaden, må du finne ut kor mykje du kan kjøpe bustad for. Det ordnar du enkelt og uforpliktande ved å søke om finansieringsbevis.
Når søknaden er send inn, behandlar vi den så raskt som mogleg.
Finansieringsbeviset er gyldig i 6 månadar, og du treng ikkje vere kunde hos oss for å søkje.
Med finansiering på plass er det på tide å gå på visningar.
Det kan vere freistande å kjøpe den første og beste bustaden du finn. Vi tilrår å gå på fleire visningar for å få oversikt over kva du kan få til kva pris.
Psst! Ikkje vis finansieringsbeviset til meklaren, då har du avslørt kor langt du kan gå i budrunda.
Når du har vunnet budrundene, er det klart for å realisere kjøpet.
Du og seljar møter hos meklar for å signere kjøpekontrakta.
Når signert kjøpekontrakt er sendt til banken, blir lånet ditt gjort klart for signering.
No er finansieringsbeviset gjort om til eit lån, og du har kjøpt din første bustad.
Priseksempel Bustadlån for unge: Låner du 2 millionar over 25 år kostar lånet totalt 3 669 700 kr. Effektiv rente er 5,61 % og månadleg terminbeløp 12.151 kr
Vi veit at det å kjøpe første bustad kan følast overveldande. Våre flinke rådgivarar er her for å guide deg gjennom kvart steg. Du bestemmer sjølv om du vil snakke med rådgjevaren i lokala til banken, i eit digitalt møte, eller på telefon.
Møte med rådgjevar er sjølvsagt heilt gratis og uforpliktande.
Når du søker lån, er det viktig for oss å forstå heile økonomien din. Då kan vi gi deg eit lån du faktisk har råd til, både no og på sikt.
Med lånekalkulatoren kan du enkelt berekne kor mykje bustadlånet vil koste eller kor mykje du kan låne. For å få eit nøyaktig lånetilbod må du søke om bustadlån. Det er gratis og heilt uforpliktande.
Ein kausjonist er ein person (som regel foreldre) som gir ein garanti til banken om å betale lånet ditt viss du sjølv ikkje klarer det.
For unge som skal kjøpe bustad for første gong, kan kausjon vere god løysing for å få det lånet dei har behov for. Foreldre bør tenkje godt gjennom ansvaret sitt før dei inngår ein kausjonsavtale.
Ein medlåntakar er like ansvarleg som hovudlåntakar for at lånet blir nedbetalt, og har meir ansvar enn ein kausjonist. Vi kallar medlåntakar og hovudlåntakar samskyldnarar. Ein kausjonist blir først stilt ansvarleg om lånet blir misleghalde.
Medlåntakaren er ansvarleg til heile lånet er nedbetalt, medan ein kausjonist kan velje å berre garantere for delar av lånet. Kausjonist blir ofte brukt viss du manglar pengar til eigenkapital, medan medlåntakar kan vere ei løysing for å kompensere for låg inntekt.
Sjå også
Kva er medlåntakar?
Kva er kausjonist?
Belåningsgrad er kort sagt kor stort eit lån er samanlikna med verdien på det du har kjøpt. Det handlar som regel om bustadlån når vi snakkar om belåningsgrad, altså kor mykje du har i bustadlån i forhold til marknadsverdien på bustaden.
Du reknar belåningsgrad ved å ta bustadlånet og dele det på verdien av bustaden din. La oss sei at bustaden din har ein marknadsverdi på 4,5 millionar og at du har eit bustadlån på 3 millionar. For å finne belåningsgraden tek du då 3.000.000,- og deler på 4.500.000,-. Belåningsgraden i dette tilfellet blir 0,66 = 66 %.
Belåningsgraden blir endra når du betaler ned på bustadlånet, om du refinansierer lånet eller bustaden din aukar i verdi.
Når du søker om eit vanleg bustadlån kan ikkje banken gi deg eit lån med høgare belåningsgrad enn 90 prosent. Noko som betyr at du minst må ha 10 prosent av summen i eigenkapital.
Låg belåningsgrad kan gi deg fleire fordelar. Ofte vil du få betre rente og moglegheit for avdragsfritak om belåningsgraden din er under 60 prosent. Lågare belåningsgrad gir deg også større økonomisk fleksibilitet, til dømes viss du ønsker å refinansiere lånet for oppussing eller liknande.
Når du skal kjøpe bustad, kan du velje mellom ulike eigarformer. Det er nokre viktige forskjellar mellom sjølveigar og burettslag, og begge eigarformene har både fordelar og ulemper.
Sjølveigar
Du eig bustaden sjølv, med dei rettane og plikter det inneber. Du kan til dømes pantsetje den, leige ut eller pusse opp utan å innhente løyve frå nokon. Du er òg ansvarleg for alle bustadrelaterte utgifter sjølv, som til dømes kommunale avgifter, vedlikehald og husforsikring.
Burettslag
Eit burettslag er eit selskap som er eigd av dei som bur der. Kjøper du bustad i eit burettslag eig du ein del i burettslaget, og får einerett til bruk av bustaden din. Ein del av kjøpesummen i eit burettslag vil vere eit felleslån, som blir betalt av deg og dei andre bebuarane.
Sjekk alltid burettslaget sin økonomi før du byr på ei burettslagsleilighet. Viss burettslaget til dømes har avdragsfritak på lånet for ein periode vil dei månadlege kostnadane auke når den er over.
Hugs at det er styret og generalforsamlinga som bestemmer både over felles gjeld og større investeringar. Dette gjer at du som bebuar kan få høgare månadskostnad.
Sjå også
Kor mykje kan eg låne til bustad?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Når vi får ein søknad om finanseringsbevis får du normalt sett svar etter 1-2 arbeidsdagar, men det kan variere mellom høg- og lågsesong. Med eit finansieringsbevis har du ei stadfesting på at du har fått innvilga lånet ditt, og er klar til å hive deg inn i bodrunden.
Finansieringsbeviset kan du enkelt finne i mobilbanken din. Hugs at du ikkje bør fortelje eigedomsmeklaren kor mykje du har fått i finansieringsbevis. Dette er forhandlingskortet ditt i bodrunden.
Sjå også:
Kva er eit finansieringsbevis?
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 90 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 10 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 400 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du skal kjøpe bustad. Merk at du ikkje kan spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegere i år.
Det er mogleg å låne meir enn 90 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
Sjå også:
Eigenkapital og finansiering
Ta opp bustadlån utan eigenkapital