Bruk kalkulatoren og sjå kva eit forbrukslån vil koste deg.
Forbrukslån kalkulator
Når du treng litt ekstra
Eit forbrukslån eller lån utan sikkerheit hjelper deg med å betale for ting som kjem overraskande på.
Prisdøme: Effektiv rente 16,6 %. Låner du 70.000 over 5 år, koster lånet 30.848, og du betaler totalt 100.848 kroner.
Kva lurer andre på om forbrukslån?
Får du innvilga forbrukslån frå oss, vil du få pengane på konto innan to virkedager etter du har signert lånedokumenta.
For dei som ønskjer lån på dagen kan dette opplevast som lang tid, men dette er vanleg praksis i Noreg, og ein ekstra tryggleik for deg fordi det gjer det vanskelegare for svindlarar å ta opp kreditt i andre sitt namn via ID-tyveri. Av same grunn varslar vi deg i tillegg på SMS før vi faktisk utbetalar pengane.
Har du av og til behov for å ha litt ekstra pengar tilgjengeleg umiddelbart, kan kredittkort vere eit alternativ for deg. Og hugs at det alltid er fornuftig å ha ein bufferkonto!
Vi har inga fast øvre grense på kor stort eit forbrukslån kan vere, men vurderer kvar enkelt lånesøknad individuelt ut frå privatøkonomien til den som søker. Då spelar ting som jobbsituasjonen din og eksisterande gjeld inn. Kor mykje du kan få låne hos oss, kan vi derfor først svare på etter vi har fått informasjonen vi treng frå deg, altså etter du har søkt.
Føresetnader for i det heile å få forbrukslån hos oss er at du er minst 20 år gammal, har ein trygg og stabil økonomi, og at du ikkje har betalingsmerknader.
Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei.
- Nominell rente er rentesatsen på lånet før gebyr, og er vanlegvis oppgitt som ei årleg rente.
- Effektiv rente er nominell rente pluss gebyr og andre kostnadar. Talet på avdrag du betalar (betalingsterminar) og lånet si løpetid (nedbetalingstida) påvirkar òg den effektive renta. Denne fortel deg den faktiske prisen på lånet.
Derfor bør du samanlikne den effektive renta til bankane, og ikkje den nominelle renta, når du skal søke lån. Når du samanliknar effektiv rente er det viktig at du ser på nedbetalingstida. For å kunne samanlikne effektiv rente må nemleg nedbetalingstid vere heilt lik, då den effektive renta vil i mange tilfelle bli lågare viss du aukar nedbetalingstida på lånet.
Sjå også
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er forskjellen på fast og flytande rente?
Eit priseksempel eller renteeksempel viser deg dei reelle kostnadane med eit lån, slik at du enkelt kan sjå kva eit lån kostar i praksis.
Slik ser for eksempel priseksempelet for refinansiering av forbruksgjeld ut:
Nominell rente 12,9. Effektiv rente 14,7 % Låner du 150 000 over 5 år, kostar lånet 58.602 kroner, og du betaler totalt 208.602 kroner.
Priseksempelet viser deg rett og slett kva eit lån på eit gitt beløp, nedbetalt over ei viss tid, vil koste. Lånekostnaden og den effektive renta inkluderer alle eventuelle gebyr som etableringsgebyr, årsgebyr og termingebyr. Totalkostnaden som er oppgitt i priseksempelet inkluderer òg det opphavelege lånebeløpet.
Er priseksempelet det eg skal betale?
Ikkje nødvendigvis. Det er jo for eksempel ikkje sikkert du skal låne akkurat så mykje som priseksempelet legg til grunn. Dei fleste lån har dessutan individuelt tilpassa rente, og då får du kanskje ikkje same rente som er brukt i priseksempelet.
Priseksempelet skal imidlertid vere representativt, altså reflektere låna til gjennomsnittskunden, med tanke på både lånesum, rente og nedbetalingstid.
(Her er det nokre unntak gitt ved lov, som for kredittkort, der lova blant anna seier at nedbetalingstida i priseksempelet skal vere 12 månadar. Du kan så klart betale ned kredittkortgjelda di både raskare og saktere enn det, alt etter kva du har behov for.)
Kor ser eg kva eg faktisk skal betale for lånet?
I nedbetalingsplanen som følger lånetilbodet frå banken ser du konkret kva du må betale for lånet ditt. For lån du allereie har, finn du nedbetalingsplanen i nett- og mobilbanken.
Sjå også:
Kva er forskjellen på nominell og effektiv rente?
Kva er belåningsgrad?
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er lån utan sikkerheit?
Å refinansiere forbrukslån og kredittkortgjeld er å samle gammal gjeld i eitt felles lån til betre vilkår. Då får du betre oversikt og kontroll – og ikkje minst meir å rutte med i månaden.
Sjekk kor mykje du kan spare på å refinansiere Vi har laga ein refinansieringskalkulator som kan gi deg ein peikepinn.
Har du spørsmål om ditt forbrukslån?
Finn svar på det du lurer på – og nokre nyttige tips:
Samanlikn prisar
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no