Driv du eige landbruk?

Då kan IPS lønne seg. Du får gunstigare skattefordelar med individuell pensjonssparing (IPS).
 

IPS for dei med eige landbruk

Når du driv eige landbruk, må du sjølv sørge for å spare til din eigen pensjon. Viss du ikkje gjer det, vil du kun få utbetalt det som er sett av i pensjon frå folketrygda. Det er kun lønn opp til 7,1 G (1 G er 124.028 kroner) som gir opptening. Dette kan for mange bety halvering av dagens lønn og med andre ord mindre enn det du treng som pensjonist. Derfor blir det anbefalt at alle som driv landbruk, sparar til pensjon på eigenhand.

Det finst to måtar å spare til pensjon på som gir skattefordelar. Du kan enten opprette ei pensjonsordning gjennom bedrifta di og spare i innskotspensjon, eller du kan velge å spare i IPS-ordninga individuell pensjonssparing med skattefordel.

Kva som er best for deg, avheng av kor mykje du tener. Viss du tener over 7,1 G, kan innskotspensjon lønne seg. Viss du tener under 7,1 G, bør du vanlegvis velje IPS.


Kva passar for deg?

Innskotspensjon

Med innskotspensjon for sjølvstendig næringsdrivande kan du auke din framtidige pensjon og samtidig få skattefordel.

IPS

IPS er individuell pensjonssparing med skattefordel og passar for deg som kan binde pengane til du er 62 år.

IPS er forbeholdt pensjonstida

Med IPS kan du spare inntil 25.000 kroner i året og få 22 % av sparebeløpet igjen på skatten.

Det vil seie at viss du sparar 25.000 kroner i år, vil du få tilbake 5500 kroner neste år. Du vel sjølv kor mykje du ønskjer å spare kvart år, og om du vil ta pause i sparinga. Du kan òg sette inn eingangsbeløp når du ønsker det.

Du skattar ikkje av avkastninga medan du sparer og betaler heller ikkje formueskatt for oppspart beløp, men sidan sparepengane er forbeholdt pensjonstida, binder du sparepengane dine til du fyller 62 år.

I og med at pengane er bundne til du er 62 år, er det viktig at du tenker over kva for beløp du har moglegheit til å sette av til pensjon.

Skattefordelen med IPS

Skattefordelen med IPS kan sjåast på som et slags «lån» som må betalast tilbake når du tek ut pensjonen, men som du har fått avkastning av i alle åra du har spart. Fordelen ved dette «lånet» aukar jo lenger tid det er til du byrjar å ta ut pensjonen. 

Ein anna fordel med IPS er at når du byrjar å ta ut pengane, beskattes dei kun som alminneleg inntekt, og ikkje som ei pensjonsinntekt.

Marianne Christensen

Pensjonsekspert

SpareBank 1 Forsikring

Marianne har jobba med pensjon i SpareBank 1 Forsikring i over 15 år. Ho brenn for å gjere pensjon enkelt for folk flest – og til og med litt gøy!

Pensjon, Sparing, Økonomi, Leiing

marianne.christensen@sparebank1.no

Synest du det er vanskeleg å spare langsiktig, og tek litt frå sparekontoen av og til? Då er IPS ei svært god spareordning for å spare til pensjon. Med IPS får du ei gunstig og forutsigbar sparing som sikrar at pengane ikkje blir brukt opp før du blir pensjonist.

Oppsummert: Dette er IPS

  • Du kan spare opptil 25.000 kroner i året.
  • Du får ein skattefordel på 22 % av sparebeløpet, i form av utsett skatt. 
  • Det er fyrst når du begynner å ta ut pengane, du begynner å skatte.
  • Du må ikkje betale formuesskatt på det du sparer.
  • Pengane er forbeheldt pensjon. De kan difor takast ut tidlegast ved fylte 62 år.
  • Pengane beskattast kun som alminneleg inntekt ved uttak, og ikkje som pensjonsinntekt.
  • Utbetalinga må skje over minimum 10 år, og minst til fylte 80 år. Det vil seie at om du startar å ta ut pengane når du er 62 år, vil minimum utbetalingstid difor bli 18 år.

Pensjonssparing leverast av SpareBank 1 Forsikring AS

Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?
Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema, enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.

Skal du starte utbetaling av pensjonen din?
Her finn du informasjon og kan starte utbetaling.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }