SpareBank 1s utvalde
For deg som ønskjer å spare i fond som har vist solide resultat over tid. Fonda er nøye utvalde og spreiar investeringane dine på tvers av geografi og bransjar.
For deg som ønskjer å spare i fond som har vist solide resultat over tid. Fonda er nøye utvalde og spreiar investeringane dine på tvers av geografi og bransjar.
SpareBank 1 Indeks Global
Dette fondet er med i pakken for å spre risiko, og gi deg lågare totalkostnad på sparinga. SpareBank 1 Indeks Global følger verdsindeksen og investerer i rett under 1500 av dei største selskapa i verda på tvers av bransjar og sektorar.
SpareBank 1 Global
Dette fondet er med i pakken for å gi deg spreiing på tvers av sektorar og regionar. Fondet er aktivt forvalta og investerar i mellomstore og store selskap med gode konkurransefortrinn og vekstmoglegheiter.
SpareBank 1 Norge Verdi
Fondet investerar i solide norske selskap med høg utbyttegrad. Det er med i pakken for at du skal ta del i verdiskapinga her heime.
SpareBank 1 Norge Verdi fekk terningkast 6 av Dine Penger 17. november 2025 (betalingsmur).
Enten du skal spare nokre hundrelappar eller fleire millionar er anbefalinga lik frå fagfolka våre.
Når du sparer i fond, bør den største delen vere i den globale marknaden, og noko bør vere i fond som investerer her heime i Norge. Ved å fordele sparinga di på denne måten, reduserer du risikoen og held kostnadene nede.
Du får
Når du sparer på konto får du renter på beløpet du har på kontoen, i fond kallar ein dette for avkasting. I fond kallast dette for avkasting.
Forventa avkasting seier noko om kor mykje du får tilbake for investeringane dine, og er basert på avanserte reknestykke og historiske data.
Storleiken på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkasting for det fondet. Eit aksjefond med 100 % aksjar har ein forventa høgare avkasting enn eit rentefond, men inneber altså ein viss risiko.
God tid er nøkkelen til trygg sparing i fond. Jo lenger tidshorisont du har, jo høgare andel aksjar kan du ha utan at risikoen aukar. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkasting enn ved andre spareformer.
Sjå også
Kva er fond?
Kan eg tape pengar på å spare i fond?
Kva er aksjefond og rentefond?
Kva er indeksfond?
Det er ei viss risiko knytt til å spare i fond, som betyr at du kan tape pengar. Når du sparar i fond er det viktig å hugse at god tid er nøkkelen til trygg sparing. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkastning enn ved andre spareformer.
Risiko
Risikoen i eit fond seier noko om kor mykje du kan forvente at fondet svingar i verdi. Fond med høgare risiko vil svinge meir over tid, men kan også gje høgare forventa avkastning.
Det betyr at dersom du ønsker at sparepengane dine skal vekse mykje i verdi, må du tole periodar med store verdisvingningar, sjølv om dette kan gje negativ verdi i periodar. Uansett er det viktig å hugse at om du skal spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit mellombels fall i marknaden.
Kor lenge du skal spare, påverkar kor stor risiko du bør ta for sparepengane dine. Skal du spare lenge kan du tole å ta høgare risiko, fordi du gir sparinga di betre tid til å ta igjen periodar med verdifall. Har du derimot ein kort sparehorisont, bør du velje fond med lågare risiko.
Aksjeandelen bestemmer
Aksjar kan gje høg avkastning, men inneber altså ei viss risiko. Størrelsen på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkastning. Å eige aksjar i fond gir lågare risiko enn å eige aksjar i berre eitt selskap. Fordi eit fond kjøper bitar av mange forskjellege selskap blir risikoen meir spreidd. Viss eit selskap gjer det dårleg treng du ikkje merke noko til det, fordi det kan gå bra med alle dei andre.
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.
Aksjefond
Eit aksjefond består av eigardelar i fleire børsnoterte selskap. Dette betyr at du ved å investere i eit aksjefond indirekte eig aksjar i dei ulike selskapa som fondet har investert i. Når den samla verdien av selskapa i fondet stig, stig òg verdien på pengane du har spart i fondet.
Aksjefond passar for deg som ønsker høg avkasting, skal spare i 10 år eller meir, og toler at sparepengane dine svingar ein del. Du tar mindre risiko ved å spare i aksjefond framfor enkeltaksjar, sidan du ikkje set alle pengane dine i berre eitt selskap.
Aksjefond bør du kjøpe innanfor ein aksjesparekonto. Aksjesparekonto gir deg fridom til å kjøpe, selje og byte fond og aksjar utan å betale skatt undervegs.
Vel du å spare i aksjefond kan du velje korleis pengane dine skal plasserast, og forvaltast. Det er i hovudsak to kategoriar aksjefond du kan velje mellom: indeksfond og aktivt forvalta fond.
Rentefond
Rentefond er eit samleomgrep på fond der pengane dine blir plasserte i lånepapir frå selskap, styresmakter og kommunar. Ein obligasjon er eit verdipapir som bevis på at du har lånt vekk pengar. Du tener pengar på renta som selskapa betaler på lånet.
Rentefond passar for deg som ønsker høgare avkasting enn på sparekonto, utan å ta for stor risiko.
Rentefond kjem i ulike variantar, og det er forventa at noko svingar meir enn andre. Kor høg avkasting du kan forvente å få i eit rentefond avheng av kor høg risiko fondet tar. Likevel har rentefond normalt sett lågare svingingar og risiko enn viss du skulle spare i eit 100 prosent aksjefond.
Ein skil mellom aktiv og passiv fondsforvalting, også kalla aktivt forvalta fond og indeksfond.
Indeksfond er passivt forvalta fond, der fondet har som mål å følge utviklinga til ein referanseindeks, til dømes Oslo Børs. Det er ingen forvaltarar som aktivt tar stilling til kva aksjar eller verdipapir som skal kjøpast og seljast. Denne typen forvaltning krev lite oppfølging, noko som gir lågare kostnadar.
Risikoen i fondet følger den generelle risikoen i referansemarknaden over tid.
Til samanlikning har aktivt forvalta fond ein forvaltar, eller eit team av forvaltarar, som bestemmer kva aksjar eller verdipapir som skal kjøpast og seljast. På denne måten har forvaltaren moglegheit til å ta ansvarlege val for investeringane dine. Målet er å gi deg som eig fond høgare avkasting enn referanseindeksen fondet blir målt mot.
Sjå også
Ja, det kan du! Det er ingen bindingstid på sparing i fond. Du kan selje fondsandelar når du sjølv ønsker det.
Hugs på at overføring eller sal av fond kan gi skattemessige konsekvensar.
Vurderer du å spare i fond og treng å snakke med nokon som har peiling?
Rådgjevarane våre er her for å hjelpe deg.
Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.
For deg som handlar fond og verdipapir
Sjå avtalar og retningslinjer
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no