Skal barna reise utanlands utan deg kan det vere greitt at dei har med seg reisekortet. Dette finn du både i mine forsikringar, nettbanken og mobilbanken. Logg inn så kan du laste ned, skrive ut, få det tilsendt på e-post eller få tilsendt i posten.
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.
Reiseforsikring med familiedekning gjeld for barn inntil 21 år som har folkeregistrert adresse heime. Reiseforsikringa gjeld uavhengig av om de reiser saman eller kvar for seg.
Barn som er dekka:
Barn og stebarn*
Fosterbarn
Barn du har vergeansvar for
Barnebarn og oldebarn som reiser i følgje med deg, utan foreldre.
*Som høyrer til din husstand og som har folkeregistrert adresse hos ein av foreldra.
Både reiseforsikringsbeviset og reisekortet ditt finn du ved å logge inn i «mine forsikringar», mobilbanken eller i nettbanken.
Logg inn så kan du laste ned, skrive ut, få det tilsendt på epost eller få tilsendt i posten. Etter du er logga inn finn du reisekortet og informasjon under: Forsikringsoversikt > Mine forsikringar > Reiseforsikring > Til reisekortet.
Har du enkeltreiseforsikring via Mastercardet ditt finn du reiseforsikringsbeviset under: Mastercard > Fordelar > Reisefordelar
Kva dekker avbestillingsforsikringa? Avbestillingsforsikring er ei dekning du har gjennom heilårs reiseforsikringa di og reiseforsikringa du har gjennom kredittkortet ditt. Avbestillingsforsikringa gir deg pengane tilbake viss du treng å avbestille ei reise på grunn av uforutsette hendingar, som:
Du, reiseledsager, næraste familie eller nøkkelperson i reisefølge blir råka av alvorleg akutt sjukdom, ulykke eller dødsfall.
Brann, innbrot eller vasskade som krev at du må vere til stades.
Avbestilling av reise, hotell og andre reservasjonar Kontakt flyselskapet, hotellet, reisebyrået eller der du har gjort reservasjonen, og avbestill. Ta vare på stadfesting for eventuelle avbestillingsgebyr du må betale. Sjekk om reiseselskapet dekker noko ved avbestilling.
Be om legeerklæring og annan dokumentasjon Skuldast avbestillinga eigen sjukdom, skaff ei legeerklæring som stadfestar dette. Viss det skuldast annan sjukdom i familien, barn eller nøkkelperson i reisefølge, få ein stadfesting på dette. Viss avbestillinga skuldast andre årsaker enn sjukdom, som for eksempel branntilløp, ulykker og skadar, ta vare på alt som forklarar kvifor reisa måtte avbestillast.
Meld ifrå til forsikringsselskapet Få rettleiing og fyll ut skjema hos forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
Mange aktørar prøver å selje deg ekstra avbestillingsbeskyttelse og avbestillingsforsikring når du kjøper ei reise – hugs at du er godt dekka gjennom avbestillingsforsikringa du har inkludert i reiseforsikringa hjå oss.
Ønsker du ei ekstra god dekning anbefaler vi at du kjøper fleksible billettar.
Aldersfrådrag ved erstatning
For nokre gjenstandar som er kjøpt nye er det aldersfrådrag ved erstatning. Skal det gjerast aldersfrådrag på reisegods, gjerast dette før eigenandelen trekkast.
Gjenstand
Frådragsfrie år
Frådrag per påbegynte år (maks 80 %)
Mobiltelefon
1
20 %
Elektronisk utstyr med tilbehør
1
10 %
Sykkel
3
20 %
Briller
1
10 %
Det er greitt å vite at andre gjenstandar blir erstatta med marknadspris, gjenanskaffelsespris eller omsetningsverdi som brukt – avhengig av type gjenstand. Det kan òg vere makserstatning eller andre avgrensingar. Sjå vilkår eller forsikringsavtale for detaljar.
Viss bagasjen din er meir enn 4 timar forseinka ved utreise, får du erstatning. Er du på jobbreise dekkast nødvendige utgifter uansett kor kort tid bagasjen er forseinka. Forseinka bagasje ved heimreise er ikkje dekka av reiseforsikring.
Dette skal du gjere viss bagasjen din er forseinka ved utreise:
1. Meld frå til flyselskapet
Oppsøk skranken til flyselskapet for å melde ifrå.
Få ein stadfesting på forseinkinga – ein såkalla PIR-rapport.
2. Kjøp det du treng Blir bagasjen meir enn fire timar forseinka etter ankomst, kan du handle det nødvendige av klede og toalettsaker for inntil 5.000 kroner per person. Gjeld berre ved utreise (ikkje heimreise). Vi dekker ikkje utgifter til ting du kjøper etter at bagasjen er tilbake. Dette dekker òg eventuell leige av nødvendig barnevogn/sykkel/ski eller anna sportsutstyr.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}