Bunadsforsikring
Har du ein dyr bunad kan det vere lurt med bunadsforsikring. Med reise- og innbuforsikring er du berre delvis dekt.
Har du ein dyr bunad kan det vere lurt med bunadsforsikring. Med reise- og innbuforsikring er du berre delvis dekt.
Dersom du har ein dyr og fin bunad med høg affeksjonsverdi kan det vere lurt å kjøpe ei eiga forsikring til bunaden. Affeksjonsverdien kan vi aldri erstatte, men du er dekka mot mellom anna uhell, skadar og tjuveri.
Har du allereie innbuforsikring og/eller reise-forsikring er du berre dekt for visse hendingar.
Reiseforsikringa dekker bunaden utanfor heimen, medan innbuforsikring dekker bunaden i heimen. Med ei eiga verdisakforsikring på bunaden er du dekt mot nesten alle hendingar, i heile verda.
Oversikta er forenkla. For detaljar, sjå vilkår .
| Dekningar | ||
|---|---|---|
| Tjuveri | Dekkes av Reiseforsikring | |
| Brann | Dekkes ikke av Reiseforsikring | |
| Vasskadar | Dekkes ikke av Reiseforsikring | |
| Uhell | Dekkes ikke av Reiseforsikring | |
| Mista/blitt vekke | Dekkes ikke av Reiseforsikring | |
| Forsikringssum og eigenandel | ||
| Erstatningssum | ||
| Eigenandel | ||
Her kan du laste ned fullstendige vilkår som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Har du verdisakforsikring hos oss fra før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Bunaden vert ofte teken i bruk på 17. mai, konfirmasjonar og ved andre typar fest. Då er det fort gjort at bunaden får både rifter og søl på seg. Ønsker du eiga forsikring på bunaden, er du dekt for slike uhell (som verken reise- eller innbuforsikring dekker):
Du kan sjølv velje forsikringssum, slik at du er sikker på å få full erstatning om noko skulle skje. Eigenandelen er berre 1.000 kroner.
Små merker og riper som ikkje påverkar bruken eller heilhetsinntrykket, blir vanlegvis ikkje dekt.
Har du hatt uhell, skade eller tjuveri av bunaden?
Nei, verken innbuforsikring eller reiseforsikring dekker ting som blir mista.
For å få dekt ting du mistar må du ha ei eiga verdisakforsikring. Viss du for eksempel mistar gifteringen, må denne vere forsikra med ei heilt eiga verdisakforsikring for å kunne få erstatta tapet.
Unntaket er viss du mistar husnøkkelen din og det er ein sjanse for at den som finn nøkkelen kan finne ut kor nøkkelen passar.
1: Meld frå
2: Finn fram dokumentasjon
For å hjelpe deg er dette relevant for oss:
Når du kjem heim, lag ei liste på stjålne gjenstandar og finn kvitteringar.
3: Kontakt oss
Ring oss på (+47 915) 02300 viss du trengjer praktisk og umiddelbar hjelp.
Ellers kan du vente med å kontakte oss til du kjem heim.
4: Hva skjer etterpå?
Har du all nødvendig dokumentasjon tilgjengeleg når du kontaktar oss, blir vi som oftast einige i første telefonsamtale. Vi fortel deg kva du eventuelt trengjer å sende av dokumentasjon.
Viss du har hatt ein skade eller alt har meldt inn ein sak, er det forsikringsselskapet vårt Fremtind du skal kontakte.
Viss du har hatt skade, tap eller sjukdom
Skade meldast direkte til Fremtind, og det går raskast å gjere det på nett.
Treng du hjelp eller rettleiing? Kontakt Fremtid på 915 02300.
Viss du treng hjelp med kjøp, endringar eller faktura
Forsikringsrådgjevarane i banken kan hjelpe deg med:
Du kan snakke med oss på telefon, chat eller ved å besøke oss på eit kontor. Kontaktinformasjon finn du nedst på sida, eller ved å logge inn til «mine forsikringar».
Logg inn til mine forsikringar
Få oversikt over forsikringane dine og korleis du kan kontakte oss. Du kan òg sjå fakturaer og dokument, sjekke prisar og kjøpe og gjere endringar på forsikringane dine.
Forsikringssum er den summen du får utbetalt viss det skjer noko som forsikringa di dekker. Forsikringssummen må ikkje forvekslast med forsikringspremien, som er prisen du betalar for forsikringa.
Skadeforsikringar
For skadeforsikring er forsikringssummen det same som ein makssum, mens den reelle summen er den summen det kostar å reparere eller skaffe ny (minus eventuelle frådrag og eigenandel). Tre eksempel på forsikringssummar:
Personforsikringar
For personforsikring er det litt annleis. Her har du to eksempel:
Ved utbetaling av for eksempel uførepensjon i uføreforsikringa og barneforsikringa reknast forsikringssummen ut i antal G (grunnbeløpet i folketrygda).
Høg vs låg forsikringssum?
I mange tilfelle kan du velje forsikringssum sjølv, som for eksempel i dyreforsikringane og dei fleste personforsikringane. Jo lågare forsikringssum du vel, jo billegare blir forsikringa.
Reisegods er personlege eigedelar du tar med deg når du reiser eller forlet huset. Forsikringa dekker blant anna tjuveri, brann og mista innsjekka bagasje, med nokre få unntak.
Med vår heilårs reiseforsikring er det inga øvre grense for kor mykje du totalt kan få i erstatning for reisegods. For enkeltgjenstandar er erstatninga avgrensa til 40.000 kroner per enkeltgjenstand. For kontantar, pass og reisedokument er erstatning inntil 15.000 kroner per person.
For enkeltreiseforsikringa i kredittkortet er den totale forsikringssummen 30.000 kroner, og erstatninga er avgrensa til maksimalt 10.000 kroner per enkeltgjenstand.
Følgande eigendelar erstattast som éin enkeltgjenstand:
(eksempel: tar du med deg 5 dyre smykker på reise med heilårs reiseforsikring, er makserstatninga på 40.000 kroner til saman for alle smykka).
Har du ekstra verdifulle ting?
Gjenstandar utover det som står nemnt over vert erstatta med inntil 40.000 kroner per gjenstand i heilårs reiseforsikring (10.000 for enkeltreiseforsikring). Har du verdisaker som for eksempel sykkel, briller, smykker eller klokker som er verdt meir, så anbefaler vi å forsikre dei med verdisakforsikring. Då får du igjen heile verdien, i tillegg til at du er dekt for fleire hendingar.
Følgande gjenstandar er ikkje ansett som reisegods, og er derfor ikkje dekt av reiseforsikring:
Sjå også
Kva er eigenandelen på reiseforsikringane?
Dekker reiseforsikringa mista bagasje?
Er sykkelen min dekka av innbu- eller reiseforsikringane?
Dekker reiseforsikring tap av briller?
Dekker reiseforsikring knust mobil?
Dekker reiseforsikringa skada og øydelagt bagasje?
Definisjonen på innbu og lausøre er gjenstandar som ikkje er ein del av den faste eigedomen. Innbu og lausøre inkluderer ting du eig og brukar heime, og som du vanlegvis tek med deg når du flyttar. Du kan tenke på innbu som dei tinga som fell ut viss du snur huset ditt på hovudet.
Innbu er typiske ting som ikkje sit fastmontert i bustaden. Døme på dette er møblar, klede, elektrisk utstyr, bøker, syklar, verktøy, grasklippar og snøfresar. Ting som står lagra i kjellaren, loftet og garasjen, reknast også som innbu. Desse tinga kan forsikre gjennom ein innbuforsikring.
Det er viktig å merke seg at gjenstandar som golv, varmepumpe, kjøkkeninnreiing og integrerte kvitevarer ikkje blir sett på som innbu, men som ein del av huset. Skade på desse tinga dekkast vanlegvis av husforsikring, ikkje innbuforsikring.
Ting du tek med deg på reise, kallast reisegods.
Løysøre for bedrifter og landbruk
Bedrifta sitt innbu og løysøreforsikring kallast gjerne løysøreforsikring, inventarforsikring eller eigedomsforsikring. Den kan dekke tjuveri og skade på gjenstandar som til dømes varer, verktøy, maskiner, utstyr og innreiing. Hos landbruk heiter dette driftslausøyreforsikring.
Sjå også:
Kva dekkar innbuforsikring?
Gjeld innbuforsikring eg har heime på hytta òg?
Kva er innbuforsikring?
Kva dekker husforsikringa?
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test-utmerkingar
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.