Ferietips

Er du klar for å skape nye ferieminne? Då er det lurt med reiseforsikring og Mastercard. Putt mobilen og to kort i lomma, så har du med deg det du treng.

Bubilferie ved ein fjord i Norge.foto

Sjekkliste før du reiser

Hugs gyldig reiseforsikring!

Reiseforsikringa gjeld så fort du går ut døra, uansett om du skal handle på butikken, dra på hytta, eller på lengre reiser.

Dersom noko skulle skje får du og familien hjelp heile døgnet på telefon +47 915 02300. Hugs å bestille før du reiser heimefrå!

Hugs at du må kjøpe reiseforsikring før du bestiller reisa for at avbestillingsforsikringa skal vere gyldig.

Hendingar som kan påverke reisa di

La kredittkortet bli feriekortet

Kredittkortet er ikkje knytt opp til kontoen din, så kontoen blir ikkje tømt viss du blir utsett for kortsvindel. Viss du betaler minst halvparten av reisa med kredittkortet, får du dessutan reiseforsikring og avbestillingsforsikring med på kjøpet.

Treng du leigebil på ferien? Med SpareBank 1 Mastercard får du inntil 20 % rabatt på leigebil, og du får dekt eigenandel med inntil 12.000 kroner.

Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner.

Ta med mobilbanken på ferie

  • Sjekk saldo med eit sveip
  • Enkelt å sperre kort og opne det igjen 
  • Du har reiseforsikringsbeviset lett tilgjengeleg.
  • Rask tilgang til å melde skade viss uhellet skulle vere ute.
  • Endre regionsperre på korta dine, slik at du får brukt kortet der du skal på ferie.
  • Rekningar du får på papir eller e-post betaler du enkelt med mobilbanken.
  • Bestill grønt kort eller internasjonalt forsikringsbevis, viss du skal ha med deg bilen din på ferie.

Reise-SMS

Dei fleste av oss hugsar ikkje kva vi skal gjere viss vi kjem ut for ei ulykke, ein av ungane får øyreverk eller bagasjen blir borte medan vi er på ferie.

Viss du har reiseforsikring hos oss, kan du få SMS når du kjem til eit nytt land, med påminning om kva du skal gjere, og kor du kan få hjelp.


Skal du til utlandet i sommer? 4 tips om valuta og kursar

1. Vel lokal valuta når du betaler med kort
Betal alltid i lokal valuta når du bruker kortet i utlandet. Då får du den beste kursen.

2. Betal med kort når det er mogleg
Det er som oftast billegare å betale med kort enn å ta ut pengar og betale kontant.

3. Treng du kontantar? Ta dei ut på reisemålet
Skal du ta ut kontantar, bør du gjere det på reisemålet. I Norge får du dårlegare kurs og ofte høgare gebyr. Med kredittkort frå SpareBank 1 kan du ta ut kontantar i utlandet utan gebyr.

4. Unngå vekslingskontor
Vekslingskontora har vanlegvis høgare gebyr enn minibankane.


Kva gjer du viss du blir sjuk?

Viss du blir sjuk eller må til legen, får du raskt hjelp ved å ringe alarmsentralen vår på + 47 22 96 50 45. Vi hjelper deg døgnet rundt! 

Melde forsikringsskade?

Vi er her viss du treng oss. Meld skade eller ta kontakt på 915 02300 viss du treng hjelp med forsikringane dine.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }