KUNDESERVICE
BankID
Sjekk først om chatboten har svaret. Viss den ikkje kan hjelpe deg, koplar vi deg raskt vidare til ein rådgjevar.
Du finn også nyttige spørsmål og svar lenger ned på sida.
KUNDESERVICE
Sjekk først om chatboten har svaret. Viss den ikkje kan hjelpe deg, koplar vi deg raskt vidare til ein rådgjevar.
Du finn også nyttige spørsmål og svar lenger ned på sida.
Laster chat ...
Viss du har gløymt BankID-passordet ditt kan du bestille nytt passord sjølv i BankID-appen.
Her finn du moglege årsaker og tips til korleis du kan løyse problemet.
Skriv inn feilmeldinga di i feltet under. Chatboten vår gir deg svar med ein gong – enkelt, raskt og tilpassa akkurat ditt problem.
Laster chat ...
Viss du heller vil bla sjølv, finn du ei oversikt over kjente feilmeldingar og kva dei betyr nedanfor:
BID-14B1 Denne feilen skuldast tidsavbrot ved innlogging. Det kan vere problem med mobilnett eller nettverket du nyttar medan du forsøker å logge inn Løysing: Undersøk om det er noko feil med nettet du nyttar. Viss det ikkje er til hjelp kan du restarte eininga du loggar inn med, i tillegg til å slette og laste ned BankID-appen på nytt viss du brukar den til innlogging. |
|
BID-14D1 Denne feilmeldinga kan du få viss du bruker for lang tid på å skrive inn ditt personlege passord etter du har tasta inn eingongskode. Løysing: Prøv innlogginga på nytt, og ikkje vent for lenge mellom eingongskode og passord. |
|
BID-1437 og BID-1407 Dette er ein mellombels feil som kan oppstå ved innlogging. Løysing: Forsøk på nytt. Ta kontakt med kundeservice dersom feilen held fram. |
|
BID-1433 Tenesta er ikkje tilgjengeleg for augeblikket, eller det er ein midlertidig feil på BankID. Løysing: Prøv å logge inn igjen litt seinare. |
|
BID-1403 BankID din har blitt sperra. Løysing: Ring oss på 57 82 97 00 så hjelper vi deg. |
|
BID-1439 Denne feilen betyr at din BankID har blitt sperra. Det kan skje viss du har tasta feil eingongskode for mange gonger, eller viss du har logga på frå fleire ulike PC’ar eller nettbrett. Løysing: Ta kontakt med kundeservice så opnar vi BankID-en din igjen. |
|
BID 5000 og BID-5007 Dette er ein kommunikasjonsfeil som kan komme av innstillingar i nettlesaren din eller nettverket du er tilkopla. Løysing:
|
|
BID-1200 Denne feilen oppstår når du ventar for lenge med å skrive inn passordet ved innlogging. Løysing: Vennligst prøv igjen. |
|
BID 2030, 2031, 2032, 2033, 2034, 20a1, 20a2, 20b0, 20b1, 20c1 Kort fortalt oppstår desse feilmeldingane på grunn av tekniske kommunikasjonsfeil. Løysing: Prøv å lukke nettlesar og opne på nytt, eller bytte nettlesar og logg inn på nytt. Viss problemet ikkje løyser seg, kan du ta kontakt med oss for å få hjelp.
|
Du kan òg sjå om du kan få hjelp på bankid.no/feilmeldingar
Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje får brukt BankID. Dette kan skuldast nettlesaren, BankID-appen, eller at nettbanken er mellombels utilgjengeleg.
Viss du får ei feilmelding som startar med BID, så handlar feilen om BankID.
Har du tasta inn feil BankID-passord for mange gonger, eller BankID er sperra av andre årsaker, må du kontakte oss på 57 82 97 00 for å få opna BankID igjen.
Problem: Viss du tastar inn feil kode for mange gonger, blir kodebrikka sperra.
Løysing:Ring oss på 57 82 97 00 så hjelper vi deg.
Problem: Kodebrikka viser ingen tal på skjermen, eller den viser ein dato.
Bestill ny kodebrikke.
NB: Det kan ta opp til 10 dagar før du får ny kodebrikke. Viss du lastar ned BankID-appen får du tilgong med ein gong.
Har du både BankID-app og kodebrikke, og det feilar ved innlogging kan du prøve følgande:
Viss du ønsker å bruke både kodebrikke og app:
Det er ikkje lenger mogleg å nytte både BankID-appen med biometri og kodebrikke på grunn av tryggleik. Har du biometri aktivert må du:
Viss du ønsker å berre bruke kodebrikke:
Viss du får ei feilmelding som startar med BID (BID er ei forkorting for BankID), så har desse feilmeldingane med BankID å gjere. Sjå kva feilmeldingane betyr og kva som kan vere løysinga.
Vi anbefaler å bruke siste versjon av nettlesaren din. Sjekk om du har siste oppdaterte versjon.
Tips! Viss du får problem i éin nettlesar, kan det fungere å prøve ein annan nettlesar. Til dømes: Google Chrome, Microsoft Edge, Firefox, eller Safari for Mac OS.
Då kontaktar du oss på kundesenteret mellom klokka 7 - 22 (10 - 18) , så hjelp vi deg.
Du kan dessverre ikkje endre passordet sjølv. Kontakt oss på kundesenteret mellom klokka 7 - 22 (10 - 18), så hjelp vi deg.
For å kunne logge inn i banken treng du anten BankID eller tenesta Utan BankID. For å få BankID eller Utan BankID må du møte opp i din lokale SpareBank 1 med gyldig legitimasjon og D-nummeret ditt. Då hjelper vi deg slik at du kan logge inn i nettbanken og mobilbanken.
Gyldig legitimasjon for å få BankID er pass eller norsk nasjonalt ID-kort.
Gyldig legitimasjon for å få tenesta Utan BankID er: pass, norsk reisebevis for flyktningar, norsk førarkort, norsk utlendingspass og nasjonalt id-kort frå EØS-land og Schengen godkjent for reiser innan Schengen.
Opphaldskort er ikkje gyldig legitimasjon.
Sjå òg:
BankID
For å gå over til BankID må du møte opp i banken med pass m/RFID, reisebevis m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort.
Har du D-nummer kan du også få BankID. Ta med gyldig legitimasjon og D-nummeret ditt til oss, så hjelper vi deg med BankID.
Ja, innlogginga kan brukast på tvers i alle Sparebank 1-bankar, og kan brukast til dei digitale tenestene våre.
Då kontaktar du oss på kundesenteret mellom klokka 7 - 22 (10 - 18) , så hjelper vi deg.
Når du loggar inn utan BankID får du tilgong til mobil- og nettbanken, men du har nokre avgrensingar. Ein del av tenestene i banken krev at du må signere med BankID, til dømes viss du skal søke om kredittkort eller bustadlån. Viss du treng tilgong til fleire tenester må du ta kontakt med banken for å opprette BankID.
Nei, det må du ikkje, og du kan bli kunde hos oss med BankID frå annan bank.
Men når BankID med annan bank opphøyrer, og du må få ny BankID, kan du få det ved å møte hos din næraste SpareBank 1 med pass m/RFID, reisebevis m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort.
Har du tasta inn feil BankID-passord for mange gonger, eller BankID er sperra av andre årsaker, må du kontakte oss på 57 82 97 00 for å få opna BankID igjen.
Har du berre gløymt passordet, og BankID ikkje er sperra, kan du bestille nytt passord i BankID-appen.
Sjå også:
Sperre kort
Sperre BankID
Gløymt BankID passord?
Barn kan få BankID frå dei er 12 år. Det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnets vegne.
Når dei vaksne har signert avtalen, sender vi ein SMS med beskjed om at BankID er klar. Då kan barnet kome innom banken med pass (norsk eller utanlandsk), norsk nasjonalt ID-kort, norsk utlendingspass eller norsk reisebevis for flyktningar og få BankID.
Er du over 18 år og har pass eller ID-kort kan du bestille nytt passord sjølv i BankID-appen.
Slik gjer du:
Du kan også gå inn på denne sida hos bankid.no og skanne QR-koden som deretter opnar BankID-appen for deg.
Dersom du er under 18 år, ikkje har pass/ID-kort, eller har tastet inn feil BankID-passord for mange gonger og fått BankID-en sperra, kan du ringe oss på 57 82 97 00, så hjelp vi deg vidare.
Sjå også:
Dersom din BankID er utløpt må den bestillast på nytt. Av sikkerheitsmessige årsakar må du kontakte oss på telefon 57 82 97 00, for å ordne dette.
Kodebrikka kan vere grei som ei reserveløysing, men er ikkje nødvendig å ha. Bruker du BankID-appen i staden har du med deg kodebrikka overalt, heile tida! Viss du har registrert mobilnummer og e-post i nett- eller mobilbanken kan du enkelt komme i gong ved å lese meir og laste ned BankID-appen her.
Dersom du ikkje bestiller ny kodebrikke og heller vel BankID-appen, bidreg du også til å redusere elektronisk avfall. Godt for miljøet og enklare for deg!
Viss du ønsker å bestille ny kodebrikke, kan du gjere dette innlogga på chat eller ta kontakt med oss på 57 82 97 00. Det tar omlag 3-10 virkedagar før du mottek kodebrikka i postkassa di. Kodebrikka er personleg og skal ikkje nyttast av andre.
Nei, av sikkerheitsmessige årsaker kan du berre ha BankID-app på éin mobil eller eitt nettbrett av gongen. Når du aktiverer BankID-app på ein ny mobil eller nettbrett, vil appen slutte å fungere på den gamle.
Det kan vere fleire årsaker til at BankID-appen ikkje fungerer. Her er nokre feilsituasjonar som kan oppstå, sjekk om rettleiinga kan hjelpe:
Då har du mest sannsynleg slått av varslingar på mobilen din. Opne BankID-appen og slå på varslingar ved å trykke på meldinga som ligg på heim-skjermen. Då får du ein snarveg inn i appen kvar gong du skal godkjenne ein førespurnad.
Du må velje BankID, og ikkje BankID på mobil, når du skal logge inn med app. Når du loggar inn første gong med app, velg du app som metode: klikk på "Velg anna BankID" under feltet for eingongskode. Så vel du ønska kodeapp i lista, trykker deg vidare og følger instruksjonane på mobilen din.
Dersom du ikkje får opp pushmeldingar frå BankID-appen, må du først sjekke om du har skrudd på varslingar på mobilen eller nettbrettet du bruker. Dette blir gjort i innstillingane på telefonen eller nettbrettet. Dersom du har skrudd på varslingar, men framleis ikkje får pushvarslingar frå BankID-appen når du loggar inn, bør du sjekke om du har aktivert fokusmodus som «Ikkje forstyrr». I innstillingane kan du velje kva appar denne modusen ikkje skal gjelde for.
Dersom du ikkje fekk trykt på pushvarselet frå BankID-appen når du skulle gjere ein innlogging, kan du gå inn i appen for å godkjenne innlogginga. Deretter må du gå tilbake til brukarstaden der du gjorde innlogginga, for å taste inn BankID-passordet ditt.
Viss du prøver å logge inn med BankID-appen og den blir ståande å rulle utan at noko skjer, har du mest sannsynleg ikkje fått trykt på pushvarselet som kom opp. Då kan du manuelt gå inn i BankID-appen for å bekrefte at det er du som prøver å logge inn.
Viss BankID-appen er sperra etter for mange forsøk på innlogging må du kontakte oss på 57 82 97 00 for å låse opp BankID-appen igjen. Det hjelper ikkje å aktivere appen på nytt.
På bankid.no kan du finne endå fleire detaljar viss du har problem med BankID-appen.
Får du ei feilmelding?
Har du ikkje mottatt aktiveringskodane?
Du må laste ned appen på den nye mobilen din, og aktivere den på nytt. Når BankID-appen er aktivert på ein ny telefon eller nettbrett vil den slutte å fungere på den gamle.
Du kan aktivere BankID-appen på den nye telefonen din med den BankID-appen du har på den gamle telefonen din. Last ned BankID-appen på nye telefonen og vel metode "Aktiver med kodebrikke eller app".
No har det kome ei ny teneste i BankID-appen som gjer at du kan bruke den som legitimasjon. Førebels blir dette godtatt som gyldig legitimasjon på Posten og Vinmonopolet. På BankID.no finn du meir informasjon om tenesta.
Ja, BankID-appen har støtte for blinde og svaksynte, og følger vanleg standard for mobiltelefon. Dette kan du sjølv aktivere i innstillingane på mobilen din.
Du må slette BankID-appen, laste demn ned på ny og aktivere den på ny med BankID frå SpareBank 1.
Viss innloggingsbilete heng utan at du kjem vidare, har du sannsynlegvis ikkje skrudd på varsling på mobilen. Mobilen din må godta varslar frå BankID-appen. For å skru på varslar må du gjere følgjande:
Gå til Innstillingar på mobilen din:
Har du iPhone?
Vel Varslingar – BankID – Tillat varslingar
Har du Android?
Vel Appvarsler – BankID – Tillat varslar
Når du no har skrudd på varslar skal BankID-appen fungere!
Enkelte gonger kan det ta litt tid før varslinga slår inn, så viss du framleis ikkje får varsel frå appen på mobiltelefonen opnar du berre BankID-appen manuelt.
Mange som brukar BankID vil den komande tida bli bedt om å bekrefte identiteten sin i BankID‑appen på mobilen.
Kvifor må dette gjerast?
Det er eit krav frå myndighetene om å kontrollere at du er rett innehavar av din BankID. Ved å skanne (ta bilde av) pass eller nasjonalt ID‑kort i appen, kan vi vere sikre på at BankID er utstedt til rett person.
Det er ingen tidsfrist, og BankID-en din blir ikkje sperra om du ikkje gjer dette umiddelbart. Du held BankID og BankID‑appen som normalt.
Har du utanlandsk pass, ID‑kort eller er under 18 år kan du sjå bort frå meldinga i appen førebels. Det er enno ikkje mogleg å bekrefte identiteten digitalt i desse tilfella. Du vil få meir informasjon når dette blir mogleg.
Kva må eg gjere?
Følg stega som tilrådd i appen. Sørg for at du har gyldig pass eller nasjonalt ID-kort. For å bekrefte identiteten din, må du skanne gyldig pass eller nasjonalt ID-kort i BankID-appen. På den måten kan vi koble saman deg som person og din BankID. Treng du hjelp til å skanne legitimasjonen eller andre steg i prosessen, kan du spør ein du stolar på.
Kan dette vere svindel?
ID‑kontrollen utførast kun inne i BankID‑appen. Du skal aldri bekrefte identiteten din via ein lenke du får i e‑post, SMS eller sosiale medium. Viss du mottek ei melding utanfor appen som ber deg trykke på ei lenke for å bekrefte identiteten din, er det svindel.
Du kan lese meir om ID-kontroll i BankID-appen hos bankid.no
Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med oss på 57 82 97 00.