KUNDESERVICE
Barn og ungdom
Sjekk først om chatboten har svaret. Viss den ikkje kan hjelpe deg, koplar vi deg raskt vidare til ein rådgjevar.
Du finn også nyttige spørsmål og svar lenger ned på sida.
KUNDESERVICE
Sjekk først om chatboten har svaret. Viss den ikkje kan hjelpe deg, koplar vi deg raskt vidare til ein rådgjevar.
Du finn også nyttige spørsmål og svar lenger ned på sida.
Laster chat ...
Barn kan få BankID frå dei er 12 år. Det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnets vegne.
Her kan du enkelt ordne alt barnet ditt treng av bankting – som kort, konto og BankID
Lurer du på noko anna?
Ja, du kan spare til barnet sjølv om barnet ikkje er kunde hos oss. Du kan opprette ein sparekonto i ditt namn og gi kontoen eit namn som gjer det enkelt å skilje den frå anna sparing, som til dømes namnet til barnet. Du kan òg spare i fond til barnet i ditt namn.
Når du sparer i ditt namn, har du full kontroll over pengane og kan sjølv bestemme når du ønsker å overføre pengane til barnet.
Sjå også:
Spare til barn
Når du sparer til barn, er det viktig å vurdere om pengane skal sparast i ditt namn eller i namnet til barnet. Her ser du fordeler og ulemper med begge alternativa.
Spare til barnet i ditt namn
Fordelar
Ulemper
Spare til barnet i namnet til barnet
Fordelar
Ulemper
Dette gjer du sjølv i mobilbanken eller nettbanken under menypunktet Kort. Vel kortet du vil sperre, og trykk på Sperr kort.
Har du barn som har Bankkort for barn eller Bankkort for ungdom sperrar du òg desse korta i mobilbanken eller nettbanken din.
Om du ikkje får sperre kortet ditt sjølv, kan du òg kontakte oss på 57 82 97 00. Er du i utlandet, ringer du +47 57 82 97 00.
1 av 5
Funne igjen eit sperra kort?
Sjå korleis du kan opne eit kort som er sperra her
Har barnet ditt mista sitt Bankkort for barn eller Bankkort for ungdom, kan du som forelder bestille nytt kort i din eigen nett- eller mobilbank, under menypunktet Kort. Vel barnet sitt kort i kortmenyen, trykk Vis meir, og vel Erstatte kort litt lenger nede på sida.
Dersom ungdommen har BankID, kan ungdommen også erstatte kortet sjølv i nett- eller mobilbank sin.
Sjå òg:
Korleis sperrar eg kortet mitt?
Viss sparekontoen står i namnet til ungdommen, vil ungdommen få tilgang til kontoen når hen fyller 18 år. Dette betyr at ungdommen får full kontroll over pengane sine og kan bruke dei som hen vil.
Samtidig mistar du som forelder tilgangen til denne kontoen. Du vil ikkje lenger sjå kontoen i nettbanken din med mindre ungdommen vel å gi deg tilgang til dette.
Har du spart til ungdommen på ein sparekonto i ditt namn, kan du sjølv bestemme når du overfører pengane til ungdommen.
Sjå også:
Endeleg 18 år!
Barnet kan få eigne bankprodukt når det fyller 6 år. Produkta opprettast i barnets namn og kan brukast av barnet sjølv.
Når du bestiller bankprodukt til barnet, får barnet ein brukskonto med bankkort og ein eigen sparekonto. I tillegg kan de laste ned mobilbanken Spink på barnets mobil, slik at barnet sjølv kan følge med på sine eigne pengar.
Viss barnet ditt er yngre enn 6 år, kan du framleis spare til barnet. Som forelder kan du opprette ein sparekonto i barnet sitt namn allerede frå det er nyfødd, eller velje å spare til barnet i ditt eige namn. Uansett kva du veljer, gir det barnet ein god økonomisk start.
For å følgje med på barnet sitt fondssparing må du bestille innsyn til barnet si sparing. Det gjer du ved å sende oss ei melding innlogga frå mobil- eller nettbanken. Kravet for å få innsyn er at du sjølv har fond, porteføljekonto eller aksjesparekonto hos oss.
Foreldre/verjer får ikkje moglegheit til å kjøpe, byte eller selje barns fond i sin nettbank eller mobilbank, kun innsyn.
Ja, det kan du!
Ein aksjesparekonto kan kun gi i gåve i si heilheit. Dersom du ønsker å dele aksjesparekontoen på fleire barn, eller kun ønsker å skille ut delar av kontoen, må du først opprette ny(e) aksjesparekonto(er) i ditt eige namn, før du kan flytte kontoen. Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg med å overføre aksjesparekontoen (gåva) korrekt.
Se også:
Kan aksjesparekonto arvast?
Les meir om korleis du kan dele opp aksjesparekontoen.
Det er fleire fordelar med å opprette ein eigen aksjesparekonto til barnet ditt:
Ein barneforsikring er først og fremst ein økonomisk forsikring for barnet ditt. Den skal gi barnet ditt økonomisk tryggleik viss hen blir alvorleg sjuk eller utsatt for ei ulykke.
Den viktigaste dekninga i ein barneforsikring er uføredekninga. Dersom barnet ditt ikkje kan jobbe som vaksen, blir hen i praksis minstepensjonist og må klare seg med uføretrygd frå NAV. Denne trygda er mykje lågare enn ein gjennomsnitts lønning. Ein barneforsikring vil då kunne gi barnet ein mykje betre økonomisk situasjon som vaksen.
Sjå også
Nokon tenker nok at barneforsikring er unødvendig og bortkasta pengar, ettersom vi har eit offentleg helsevesen i Noreg som prioriterer barn. Det er i og for seg sant at barna våre er godt dekte, og det er kanskje her den største forvirringa rundt barneforsikring oppstår. Barneforsikring er ikkje istadenfor, men eit supplement til den offentlege støtta vi får.
Kvifor treng eg barneforsikring?
Barneforsikringar handlar ikkje om behandlinga av sjukdom eller skader etter ulykke. Det handlar om situasjonen som kjem i etterkant. Barneforsikringane gjer det økonomisk enklare for barnet og familien i tida etter sjukdom eller ulykke.
Uføreforsikring for barn
Om barnet ditt aldri får moglegheit til å delta i arbeidslivet på grunn av sjukdom eller ulykke, kan ei barneforsikring med uførepensjon utgjere ein stor forskjell. Det vil gje barnet ein betre økonomisk situasjon også som vaksen.
Viss barnet ditt ikkje kan jobbe blir hen i praksis minstepensjonist og må klare seg med uføretrygd frå NAV. Denne uføretrygda er vesentleg lågare enn ein gjennomsnittleg lønning. Derfor bør du velje ei barneforsikring som også dekkjer uførhet.
Les meir om uføreforsikringa i barneforsikringa.
Barneforsikringa varar fram til barnet fyller 26 år.
På datoen «barnet» fyller 26 år vert barneforsikringa automatisk avslutta. Samtidig blir det oppretta nye forsikringar (kalla forsettelsesforsikring). Sjølve barneforsikringa blir erstatta av ei ulykkesforsikring, medan uføredelen blir erstatta med uføreforsikring for vaksne.
«Barnet» treng ikkje å fylle ut nytt helseerklæringsskjema. Forsikringssummane blir rekna ut ifrå grunnbeløpet på 26-årsdagen, som per dags dato er på 124.028 kroner. Den nye ulykkesforsikringa får ein forsikringssum lik 15 gonger grunnbeløpet (124.028 x 15). Det same gjeld for uførepensjonen, der forsikringssummen blir rekna ut frå om barneuførepensjonen er på 0,5 G, 0,8 G eller 1 G. Ved uførepensjon på 1 G i barneforsikringa, blir reknestykket enkelt: 124.028 kroner.
«Barnet» kan velje å auke forsikringssummane seinare viss hen har tilstrekkeleg inntekt, men det vil krevje ei ny helsevurdering.
Sjå også
Er barneforsikring nødvendig?
Kva kostar barneforsikring?
Kva er personforsikring?
Bilforsikringa fungerar på same måte som om du ikkje øvingskøyrde. Per definisjon er det den som sit i passasjersetet og gir opplæring som er førar av bilen når ein lærekøyrer. Du treng ikkje registrere sjåfør under 23 år i bilforsikringar ved øvingskøyring. Altså er det ingen høgareeigenandel eller større avkortning på erstatningen enn vanleg, viss det skulle skje noko.
Hugs at den som skal øvelseskøyre må ha gjennomført trafikalt grunnkurs og vere over 16 år. Ledsagaren må ha hatt førarkort samanhengande dei siste 5 åra og vere over 25 år.
God tur og køyr fint :)
Logg øvingskøyring og få billegare bilforsikring
Loggar du 2.000 km med lærekøyring får du 70 % startbonus på bilforsikringa.
Reiseforsikring med familiedekning gjeld for barn inntil 21 år som har folkeregistrert adresse heime. Reiseforsikringa gjeld uavhengig av om de reiser saman eller kvar for seg.
Barn som er dekka:
*Som høyrer til din husstand og som har folkeregistrert adresse hos ein av foreldra.
Etter barnet fyller 21 år og flyttar heimefrå kan det vere lurt med ungpakka: Innbu- og reiseforsikring for unge.
Ja, mange premature barn kan få barneforsikring. Ved svært låg fødselsvekt kan det imidlertid vere nødvendig å vente til barnet har vokst litt, før vi kan vurdere om barneforsikring kan tilbys.
Ved fødselsvekt mellom 1500 gram og 2000 gram, kan det søkjast om barneforsikring etter barnet har gjennomført eittårskontroll ved helsestasjonen. Barn med lågare fødselsvekt enn 1500 gram må vente til fireårskontrollen er gjennomført før de kan søkje om barneforsikring.
I kva grad det har vore fødselskomplikasjonar eller ved andre forhold knytt til barnets helsetilstand, vil også påverke vurderinga. For barn som ikkje kvalifiserar for barneforsikring, kan vi tilby barneulykkesforsikring.
Ja, du kan kjøpe vår test-vinnande barneforsikring frå spedbarnet er 2 månader gammalt. Forsikringane gir blant anna utbetaling ved utvalde sjukdomar, dagpengar ved sjukehusinnlegging, tekniske hjelpemiddel, ombygging av bustad og uførepensjon. Når barnet fyller 26 år, blir barneforsikring omgjort til ei fortsettelsesforsikring.
For fleire detaljar og oversikt, sjå kva barneforsikringa dekker
Prisen for barneforsikringa våre varierer frå kva dekningar og forsikringssum du vel. Du må bestemme om du vil ha uførepensjon eller ikkje. Viss du vel uførepensjon, kan du velje mellom forsikringssum på anten 0,5 G eller 1 G kvart år. Du kan tilpasse barneforsikringa etter økonomien din og behov og sjå pris før du bestemmer deg for å kjøpe.
Etter du har kjøpt barneforsikringa til barnet må du fylle ut eit lovpålagt helseerklæringsskjema.
Dersom du allereie har barneforsikring ein annan stad, bør du lese reglane for flytting av personforsikringar før du seier opp barneforsikringa i det andre selskapet.
Barneforsikringa vår er forresten kåra til Norges beste barneforsikring av forbrukarar med barneforsikring, både i 2022, 2023 og 2024.
Barneforsikringa kan dekke ADHD gjennom dekningane for utvida hjelpestønad og uføreforsikringane.
Utvida hjelpestønad
Viss du får godkjent hjelpestønad frå NAV i samband med at barnet ditt har fått påvist ADHD, vil du også kunne få dekt utvida hjelpestønad på barneforsikringa.
Uføreforsikring
Viss barnet ditt blir ufør på grunn av ADHD vil du kunne få utbetaling frå uføredekningane i barneforsikringa.
Les meir om utvida hjelpestønad og uføredekningane under "Kva dekker barneforsikringa?".
Har barnet ditt fått ADHD?
Barneforsikringa dekker insulinavhengig diabetes. Diagnosen skal vere stilt av barnelege eller indremedisinar.
Skulle barnet få diabetes, så vil forsikringane gi ein eingongsutbetaling når diagnosen er stilt. Om NAV på bakgrunn av auka pleiebehov innvilgar hjelpestønad, supplerer barneforsikringa stønad med å utbetale utvida støtte. Størrelsen på utbetalinga avheng av stønadssatsen frå NAV, og kan maksimalt kome opp i 10 G.
Har barnet fått diabetes?
Barn kan få BankID frå dei er 12 år. Det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnets vegne.
Når dei vaksne har signert avtalen, sender vi ein SMS med beskjed om at BankID er klar. Då kan barnet kome innom banken med pass m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort og få BankID.
Ungdom over 15 år kan komme innom eit av våre kontor for å bestille BankID sjølv, om at dei alt er kunde.
PIN-koden til kortet ditt finn du under menypunktet Kort i mobilbanken eller nettbanken. Vel det aktuelle kortet, og trykk på Vise PIN.
Gjeld det PIN-kode på bankkort for barn eller bankkort for ungdom, må du kontakte banken for å få tilsendt koden.
Det kostar ikkje noko å laste ned eller bruke Spink – mobilbanken for barn. Det kostar heller ikkje noko å ha bankkort for barn frå SpareBank 1.
Spink er mobilbanken for barn mellom 6 og 15 år, med hovudfokus på dei mellom 8 og 14 år. Appen kan brukast med både iPhone og Android-telefonar. Viss barnet er over 12 år og har eigen BankID, kan barnet sjølv sette opp Spink. Viss ikkje kan ein av foreldra aktivere Spink på barnet sin mobil med sin BankID.
For å kunne bruke Spink må barnet vere kunde i ein SpareBank 1-bank, og hen må ha ein bankkonto tilknytt eit bankkort frå SpareBank 1. For å få tilgang til å spare i appen, må barnet ha ein eigen sparekonto.
Spink er vår mobilbank for barn. Har barnet ditt bankkort hos oss, kan de som foreldre laste ned og aktivere Spink på barnets mobiltelefon – eller på deira eiga.
Har barnet ikkje eige bankkort enno, kan de bestille det her. Les meir om Bankkort for barn og Bankkort for ungdom.
Viss poden er eldre enn 12 år kan han eller ho få BankID for ungdom, og kan då bruke vanleg mobilbank. Er barnet mellom 12 og 15 år er det er dei med foreldreansvar som må bestille BankID på barnets vegne. Når dei vaksne har signert avtalen, sender vi ein SMS med beskjed om at BankID er klar. Då kan barnet kome innom banken med pass m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort og få BankID.
Ungdom over 15 år kan kome innom eit av våre kontor for å bestille BankID sjølv, forutsatt at dei alt er kunde.
Sjå også
Du kan enkelt legge til barnet sin eigen sparekonto. Då kan barnet lage eigne sparemål og sjølv overføre pengar frå kortkonto til sparekontoen.
Foreldre har innsyn og disposisjonsrett, og kan følge med på sparinga i sin eigen mobil- og nettbank. Sidan barnet disponerer kontoen, anbefaler vi at den ikkje blir nytta til pengegåver som foreldre eller gjevar ikkje ønsker at barnet sjølv skal kunne disponere.
Ja, bankkort for ungdom kan brukast til netthandel, men BankID er nødvendig for å gjennomføre betalinga.
For bankkort for ungdom er det beløpsgrense for uttak i minibank i utlandet på 15.000 kroner. I nokre land kan desse beløpsgrensene vere lågare. Ved varekjøp er det berre saldo på kontoen som bestemmer kor mykje du kan bruke eller inntil 100.000.
Sjå kva som gjeld for:
Viss ungdommen din ikkje har bankkort for barn frå før, kan du bestille bankkort for ungdom via knappen under.
Når du bestiller bankkort for ungdom, opprettast det automatisk ein eigen brukskonto som kortet knytast til. I tillegg får ungdommen sin eigen sparekonto, som dei sjølv har tilgang til, og kan bruke til å spare pengar.
Tips: For å gi barnet oversikt og kontroll over eigne pengar, kan de laste ned appen Spink – vår smarte og enkle mobilbank for barn og unge.
Nytt kort kjem i posten i løpet av 7-10 dagar.
Har barnet allereie bankkort for barn, er det ikkje nødvendig å bestille nytt. Korta blir oppdatert til bankkort for ungdom med moglegheit for netthandel når barnet fyller 13 år.
Sjå også: Korleis bestiller eg bankkort for barn?
Ved netthandel med bankkort eller kredittkort vil du ofte bli bedt om å oppgi kortnummer, utløpsdato og CVV2-/CVC2-kode. Denne sikkerheitskoden er ei tallrekke på tre siffer som står på baksida av kortet ditt. På nyare kort står det tydeleg forklart på baksida kva tre tall som er «security code» eller CVV.
CVV-koden til bankkortet ditt kan du òg finne i mobilbanken. Vel Meir i bunnmenyen, deretter Kort. Under rett kort veljer du Vis meir og deretter Sjå kortnummer og CVV i menyen nedanfor kortet.
På bankkort for ungdom gjeld følgjande beløpsgrenser i Norge:
10.000 kroner i løpet av 4 dager i minibankane våre. I tillegg kan du ta ut 10.000 i minibankane til andre bankar. Du kan òg ta ut kontantar i dei fleste butikkar.
Sjå kor mykje du kan ta ut med bankkort for ungdom i utlandet
Sjå kor mykje du kan ta ut i minibanken med:
Nei, Bankkort for barn kan ikkje brukast til netthandel. Når barnet fyller 13 år, oppgraderast kortet automatisk til Bankkort for ungdom, og kortet kan då opnast for netthandel, men BankID er nødvendig for å gjennomføre betaling.
Du bestiller bankkort for barn via knappen under.
Når du bestiller bankkort til barnet, opprettast det automatisk ein eigen brukskonto som kortet knytast til. I tillegg får barnet sin eigen sparekonto, som dei sjølv har tilgang til, og kan bruke til å spare pengar.
Tips: For å gi barnet oversikt og kontroll over eigne pengar, kan de laste ned appen Spink – vår smarte og enkle mobilbank for barn og unge.
Sjå også:
På bankkort for barn er beløpsgrensa for uttak i minibank i utlandet 1000 kroner i løpet av 4 dagar. Ved
varekjøp er grensa 1000 kroner i løpet av 4 dagar.
Barn kan få bankkort frå dei er 6 år.
Du bestille bankkort for barn via knappen under. Når du bestiller bankkort til barnet, opprettast det automatisk ein eigen brukskonto som kortet knytast til. I tillegg får barnet sin eigen sparekonto, som dei sjølve har tilgang til, og kan bruke til å spare pengar.
Tips: For å gi barnet oversikt og kontroll over eigne pengar, kan de laste ned Spink, vår smarte og enkle mobilbank for barn og unge.
Sjå også:
Beløpsgrensa for varekjøp er 1000 kroner i løpet av 4 dagar, og for minibankuttak er det 1000 kroner i løpet av 4 dagar.
Det er inga øvre grense for kor mykje pengar som kan setjast inn på kortet.
På bankkort for barn gjeld følgjande beløpsgrenser i Norge.
1000 kroner i løpet av 4 dagar i minibankane våre. I tillegg kan du ta ut 1000 kroner i løpet av 4 dagar i minibankane til andre bankar.
Sjå kor mykje du kan ta ut i utlandet med bankkort for barn