Bustadlånsrente
Om du eig eigen bustad vil bustadlånsrente vere noko du må forhalde deg til. Her er det du treng å vite om rente på bustadlån.
Om du eig eigen bustad vil bustadlånsrente vere noko du må forhalde deg til. Her er det du treng å vite om rente på bustadlån.
Renter er kort fortalt det du betalar for å låne pengar. Viss du har lån vil du betale renter på dette lånet som betaling for at banken t.d. låner deg pengar til å kjøpe bustad. Dette blir omtalt som utlånsrente på bankspråk.
Viss du har pengar ståande i banken får du på same måten renter av det beløpet. Dette kallar vi innskotsrente. Den blir som regel utbetalt ein gong i året.
Når vi snakkar om rente skil vi på nominell og effektiv rente. Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei.
Renta blir oppgitt i prosent, og kallast rentefot eller rentesats. Viss du låner 100 kroner og renta er 5 prosent, så er det 5 kroner ein betaler i renter. Etter eit år vil du då skulde 105 kroner.
Kor høg renta er på bustadlånet ditt blir påverka av fleire faktorar:
Nokon lån har gunstig rente viss du møter visse kriterium, som til dømes førsteheimslån, bustadlån for unge og grønt bustadlån.
I tillegg vil ting som betalingshistorikk, inntekt og familiesituasjon ha ein påverknad. Med andre ord: det å sette bustadlånsrente har ikkje ei fast oppskrift og det vil vere ei individuell vurdering på kvart enkelt lån.
Lån med flytande rente er den vanlegaste lånetypen. Eit lån med flytande rente følger rentemarknaden. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar, medan du får lågare lånekostnadar viss rentenivået går ned.
Med fast rente binder du renta i ein avtalt periode. Då veit du nøyaktig kor mykje du skal betale kvar månad, uavhengig av kva som skjer i rentemarknaden. Hos oss får du fastrentelån med ei bindingstid på 3, 5 eller 10 år.
Du treng ikkje velje mellom det eine eller det andre. Du kan velje å binde renta på til dømes halve lånet.
Om du bør velje fast eller flytande rente er avhengig av fleire faktorar.
Har du økonomi som toler at det svingar litt viser det seg over tid at det som regel lønner seg å velje flytande rente.
Styringsrenta i Norge er renta som bankane får på innskota sine i Norges Bank. Dette er Norges Bank sitt viktigaste verkemiddel for å stabilisere prisvekst og utvikling i norsk økonomi.
Styringsrenta blir fastsett åtte gongar i året.
Når rentene blir heva kallar vi dette ei renteauke. Det betyr at lånet ditt vil bli dyrare.
Då du fekk bustadlån i banken vart det lagt inn i utrekninga at du skulle tole ei renteauke på 3 prosentpoeng (tidlegare var krava på fem prosentpoeng), eventuelt ei bustadlånsrente på minst 7 prosent.
Rente på lånet ditt før andre kostnadar, som etableringsgebyr og termingebyr, er lagt til.
Den totale prisen på lånet ditt. Kort fortalt den nominelle renta pluss etableringsgebyr, termingebyr og liknande.
Med fastrente på bustadlånet unngår du auka rentekostnadar i den perioden du avtaler med banken.
Renta på bustadlånet ditt held seg stabil, uansett om styringsrenta går opp eller ned.
Eit lån med flytande rente følger marknadsrenta. Går rentenivået opp følger bustadlånsrenta med, men du får òg lågare lånekostnadar dersom rentenivået går ned.
"Å binde renta" er det same som å ha fastrentelån. Du kan velje å binde renta på heile eller delar av lånet. Hos oss får du fastrentelån på 3, 5 eller 10 år.
Rentefrådrag, eller skattefrådrag, er eit frådrag for rentekostnadane du har betalt i løpet av eit år. Du rapporterar inn rentene i skattemeldinga di, og det er som regel mykje pengar å spare på at dette er gjort riktig.
I tillegg til rentefrådraget på bustadlån kan du òg få frådrag for omkostningar knytt til å ta opp lån, kostnadar relatert til den individuelle nedbetalinga di på fellesgjeld og omkostningar knytt til refinansiering av lån.
Omgrepet realrente, også kalla reell rente, er renta som beskriv kva eit lån faktisk kostar.
I praksis seier realrenta berre noko om dei framtidige utsiktene i samband med lånet, og ikkje kva lånetakar sine kostnadar er på kort sikt.
Morarente er eit anna ord for forseinkingsrente, og er den renta som seljar kan legge på toppen av ei rekning dersom den blir betalt for seint.
Pengemarknadsrenta, ofte berre marknadsrenta, viser til det generelle rentenivået i marknaden.
Pengemarknadsrenta blir heile tida endra, i motsetning til styringsrenta som blir heldt stabil mellom Norges Bank sine rentemøte.
Viss du seier opp eit fastrentelån før avtaleperioden er over, bereknast ein over- eller underkurs. Då må enten du eller banken betale, avhengig av kva veg renta har svinga sidan du tok opp lånet ditt.
Sjølv om styringsrente og bustadlånsrente ikkje er det same, heng dei tett saman. Det siste året har Norges Bank sett opp styringsrenta fleire gongar. Kva betyr dette for deg som har bustadlån?
Viss du søker lån i fleire bankar, eller vurderer å flytte bustadlånet ditt, blir du fortalt at du skal samanlikne effektiv rente. Er det riktig? Lær meir om kva du må sjå etter her!
Ei renteauke vil bety at du får auka kostnadar på lånet, og høgare innbetaling per månad. Du kan bruke bustadlånskalkulatoren vår for å få eit inntrykk av kva ein renteauke har å seie for akkurat ditt bustadlån. Vel fana til høgre der det står «Kva kostar lånet». Legg inn lånesummen din under «kjøpesum» og sett 0 på eigenkapital. Husk å justere nedbetalingstida slik at den er det same som lånet ditt.
Vi har tatt høgde for at du skal kunne tole ei renteauke på 3 % frå dagens nivå eller minst 7 % bustadlånsrente. I utgangspunktet treng du derfor ikkje å vere nervøs sjølv om det er varsla at rentenivået skal stige. Vi anbefaler likevel at du set deg inn i korleis ei framtidig renteendring påverkar privatøkonomien din.
Dette bør du gjere no
Viss du veit kor mykje innbetalinga på lånet ditt vil auke framover kan det vere lurt å sette desse pengane inn på ein eigen konto. Dette har to fordeler:
I periodar med renteauke er det viktig at du har oversikt over økonomien. Med «Min økonomi» i mobilbanken kan du sjå kva du bruker pengar på og kor du eventuelt kan spare.
Sjå også
Kor finn eg informasjon om renter og neste innbetaling på lånet mitt?
Bør eg velje fast eller flytande rente?
Når vi endrar renta på lån, har vi ein varslingsfrist på to månadar. Det betyr at frå datoen vi varslar deg om ei renteendring går det to månadar før den trer i kraft på lånet ditt. Det gjeld uansett om renta går opp eller ned.
Du får beskjed om endringa på SMS og som melding i mobil- og nettbanken. Du finn renteendringa under «Mine meldingar». Viss du har valt å få informasjon via brev vil du få det.
Sjå også
Kva er renta hos dykk?
Om du bør velje fast eller flytande rente er avhengig av fleire faktorar. Treng du forutsigbarheit, kan det vere ein god idé å velje fast rente. Har du større behov forfleksibiliteti nedbetalinga, vil flytande rente vere eit betre alternativ.
Du treng ikkje velje mellom det eine eller det andre. Du kan velje å binde renta på til dømes halve lånet.
Sjå også
Du kan velje å binde renta på heile eller delar av lånet. Korleis går eg fram?
Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei.
Derfor bør du samanlikne den effektive renta til bankane, og ikkje den nominelle renta, når du skal søke lån. Når du samanliknar effektiv rente er det viktig at du ser på nedbetalingstida. For å kunne samanlikne effektiv rente må nemleg nedbetalingstid vere heilt lik, då den effektive renta vil i mange tilfelle bli lågare viss du aukar nedbetalingstida på lånet.
Sjå også
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er forskjellen på fast og flytande rente?
Eit priseksempel eller renteeksempel viser deg dei reelle kostnadane med eit lån, slik at du enkelt kan sjå kva eit lån kostar i praksis.
Slik ser for eksempel priseksempelet for refinansiering av forbruksgjeld ut:
Nominell rente 12,9. Effektiv rente 14,7 % Låner du 150 000 over 5 år, kostar lånet 58.602 kroner, og du betaler totalt 208.602 kroner.
Priseksempelet viser deg rett og slett kva eit lån på eit gitt beløp, nedbetalt over ei viss tid, vil koste. Lånekostnaden og den effektive renta inkluderer alle eventuelle gebyr som etableringsgebyr, årsgebyr og termingebyr. Totalkostnaden som er oppgitt i priseksempelet inkluderer òg det opphavelege lånebeløpet.
Ikkje nødvendigvis. Det er jo for eksempel ikkje sikkert du skal låne akkurat så mykje som priseksempelet legg til grunn. Dei fleste lån har dessutan individuelt tilpassa rente, og då får du kanskje ikkje same rente som er brukt i priseksempelet.
Priseksempelet skal imidlertid vere representativt, altså reflektere låna til gjennomsnittskunden, med tanke på både lånesum, rente og nedbetalingstid.
(Her er det nokre unntak gitt ved lov, som for kredittkort, der lova blant anna seier at nedbetalingstida i priseksempelet skal vere 12 månadar. Du kan så klart betale ned kredittkortgjelda di både raskare og saktere enn det, alt etter kva du har behov for.)
I nedbetalingsplanen som følger lånetilbodet frå banken ser du konkret kva du må betale for lånet ditt. For lån du allereie har, finn du nedbetalingsplanen i nett- og mobilbanken.
Sjå også:
Kva er forskjellen på nominell og effektiv rente?
Kva er belåningsgrad?
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er lån utan sikkerheit?