Tips og råd
Fondssparing er lurt!
Du har kanskje høyrt at det er smart å spare i fond, men kvifor er det eigentleg det?
Du har kanskje høyrt at det er smart å spare i fond, men kvifor er det eigentleg det?
Når du skal spare i fond, bør du finne den fondsstypen som passar best for deg og sparinga di. Du kan velje mellom aksjefond, indeksfond, rentefond eller kombinasjonsfond.
Aksjefond passar for deg som ønsker høg avkasting, skal spare i 10 år eller meir, og toler at sparepengane dine svingar ein del.
Indeksfond passar for deg som er opptatt av låge kostnadar, enten du er nybegynnar eller ein erfaren fondssparer.
Kombinasjonsfond passar for deg som ikkje ønsker like store verdisvingingar som du kan få i eit aksjefond.
Rentefond passar for deg som ønsker høgare avkasting enn på sparekonto, utan å ta for stor risiko.
I SpareBank 1 Fonda finn du fonda som passar best for økonomien din. Plukk dine eigne favorittar, eller la oss hjelpe deg med å velje.
Når du sparer til barnet, er det som regel langsiktig. Då kan det ofte løne seg å spare i fond.
Når du sparer på konto får du renter på beløpet du har på kontoen. I fond kallast dette for avkasting.
Forventa avkasting seier noko om kor mykje du får tilbake for investeringane dine, og er basert på avanserte reknestykke og historiske data.
Storleiken på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkasting for det fondet. Eit aksjefond med 100 % aksjar har ein forventa høgare avkasting enn eit rentefond, men inneber altså ein viss risiko.
God tid er nøkkelen til trygg sparing i fond. Jo lenger tidshorisont du har, jo høgare andel aksjar kan du ha utan at risikoen aukar. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkasting enn ved andre spareformer.
Sjå også
Kva er fond?
Kan eg tape pengar på å spare i fond?
Kva er aksjefond og rentefond?
Kva er indeksfond?
Du bestemmer sjølv kor mange fond du vil spare i, men det kan vere lurt å spreie risikoen gjennom å spare i fond på tvers av geografi og bransjar. Då blir du mindre utsett om aksjemarknaden eller bransjen i eit land skulle falle. Uansett er det viktig å hugse at om du skal spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit mellombels fall i marknaden.
Våre fremste fagfolk tilrår at du har ei hovudvekt av sparinga i globale aksjefond, og noko i fond som investerar her heime i Norge. Det kan du gjere ved å velje ein av våre tre fondspakkar, som hjelper deg raskt i gang med sparinga. Du kan òg velje eit fond som investerer i fleire fond – slik som fonda du finn i den smarte fondsløysinga Alt-i-eitt.
Det er ei viss risiko knytt til å spare i fond, som betyr at du kan tape pengar. Når du sparar i fond er det viktig å hugse at god tid er nøkkelen til trygg sparing. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkastning enn ved andre spareformer.
Risiko
Risikoen i eit fond seier noko om kor mykje du kan forvente at fondet svingar i verdi. Fond med høgare risiko vil svinge meir over tid, men kan også gje høgare forventa avkastning.
Det betyr at dersom du ønsker at sparepengane dine skal vekse mykje i verdi, må du tole periodar med store verdisvingningar, sjølv om dette kan gje negativ verdi i periodar. Uansett er det viktig å hugse at om du skal spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit mellombels fall i marknaden.
Kor lenge du skal spare, påverkar kor stor risiko du bør ta for sparepengane dine. Skal du spare lenge kan du tole å ta høgare risiko, fordi du gir sparinga di betre tid til å ta igjen periodar med verdifall. Har du derimot ein kort sparehorisont, bør du velje fond med lågare risiko.
Aksjeandelen bestemmer
Aksjar kan gje høg avkastning, men inneber altså ei viss risiko. Størrelsen på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkastning. Å eige aksjar i fond gir lågare risiko enn å eige aksjar i berre eitt selskap. Fordi eit fond kjøper bitar av mange forskjellege selskap blir risikoen meir spreidd. Viss eit selskap gjer det dårleg treng du ikkje merke noko til det, fordi det kan gå bra med alle dei andre.
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.
Rentes rente oppstår når du får renter, ikkje berre på beløpet du starta sparinga med, men også på rentene som kvart år blir lagt til det opphavlege sparebeløpet ditt.
Dette kallast òg rentes rente-effekten, ettersom du får renter (gevinst) både på sparepengane du har sett inn og på allereie oppnådd gevinst. Når du sparar i fond vil det seie avkastning på avkastninga.
Døme:
Viss du sparar i aksjefond, kan beløpet ditt i gjennomsnitt doble seg omtrent kvart tolvte år (før skatt og prisstigning), basert på ei forventa årleg avkastning på 6,25 prosent. Dette skuldast rentes rente-effekten og korleis du kan oppnå avkastning på avkastninga. Les meir om utrekninga og formelen på rentes rente-effekten her.
Sjå også:
Kva er forventa avkasting på fond?
Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning.
Skal du spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit midlertidig fall i aksjemarknaden. Faktisk kan det vere ein fordel – no kan du kjøpe billege aksjar, som kan stige i verdi når marknaden går oppover igjen. Ein gyllen regel for aksjeinvesteringar er å kjøpe når det er billeg og selje når det er dyrt. Pengar tent!
Har du derimot dårleg tid, eller er avhengig av å kunne ta ut pengane dine på kort varsel, vil det same fallet i aksjemarknaden kunne slå uheldig ut. Du sel deg ut på eit dårleg tidspunkt, fordi du ikkje har tid til å vente på den neste positive utviklinga i marknaden. I verste fall kan du tape pengar.
Is i magen lønner seg, og på sikt har marknaden historisk alltid gått oppover.
Sjå også
Sparing i fond:
Kort om kjøp og sal av aksjar
Kva er forventa avkastning på fond?
Her finn du det du treng å vite om fondssparing. Kom i gang du også, så når du måla og draumane dine fortare.
SpareBank 1 Forvaltning tilbyr rapporteringsportal for storkundar. Dette gir deg ei betre kundeoppleving og god oversikt.
Du kan følge utviklinga på investeringane dine ved å logge inn på rapporteringsportalen Investrack.
Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.
For deg som handlar fond og verdipapir
Sjå avtalar og retningslinjer
Sparing i fond er det beste valet når du skal spare langsiktig. Her kan du få hjelp til å kome i gang, setje saman di eiga sparing, eller lære meir om fond.
Vel det alternativet som passar deg.
| Sparetid: frå 2 år |
Vi fiksar alt
Ei smart og komplett fondsløysing, inspirert av proffane. Vel planen din, så passar vi på sparinga di.
| Sparetid: frå 10 år |
Vi hjelper deg i gong
Våre fremste fagfolk har sett saman tre fondspakkar, som hjelper deg raskt i gang med sparinga.
| Sparetid: frå 2 år |
Vel fond sjølv
Set saman di eiga sparing. Vel blant over 200 fond frå dei aller beste leverandørane.
| Pris på fond | Prisliste fond (PDF) |
| Pris til banken | 0,20 % - 0,60 % |
| Bindingstid | ingen |
| Minsteinnskot | frå 100 kr |
Når du sparer i fond, betaler du for forvaltninga av fondet og for tenesta du bruker for å kjøpe og eige fondet.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no