Jobb og karriere


  • Banken lyser ut alle ledige stillingar i aktuelle aviser og andre relevante media. Søknadar skal vere skriftelege og sendast via e-post. Alle søkjarar får stadfesting om at dei er registert som søkjar og informasjon om vidare framdrift. Aktuelle kandidatar vert kalle inn til intervju, i tillegg så kan ein bli utfordra på ulike testverkty. Intervjua vert gjennomført av banken si HR avdeling og relevante leiarar på alle nivå unnateke toppsjef stillinga. Det vert gjennomført inntil 3 intervju rundar. Eit tilsettingsutval er det formelle tilsettingsorgan. Etter at tilsettinga er gjennomført, vert alle kandidatar som har vore inne til intervju informert om resultatet av tilsettinga.

  • Vi lever av kompetansen vår, og vi vil alltid søke etter den beste kompetansen. Men vi lever ikkje av kompetanse vår åleine. Vi treng medarbeidarar som aktivt bidreg til at vi kontinuerlig utviklar oss og opprettheld våre målsettingar. Det betyr at banken har eit ansvar i å ta vare på medarbeidarane våre, slik at dei trivast og kan utikle seg vidare i banken. Banken og leiarane våre har eit krav på seg å legge til rette for denne utviklinga. Vi har fokus på «ansvar for eiga læring» og det vil difor vere opp til den enkelte om å nytte seg av dei moglegheitene som er i banken. Å tilsette nye medarbeidarar er ei investering, ikkje berre i kroner og øre, men også i omdømme og kvalitet. 

  • Vi tilset aktive og motiverte medarbeidar. Det er difor viktig at det er god balanse mellom jobb og fritid. Skal du som medarbeidar gjere ein best mogleg jobb for banken er det viktig at du også trivast utanom jobben. At du som tilsett hos oss er aktiv i lag og organisasjonar eller deltek i lokalpolitikken, er berre positivt. Dette viser engasjement og interesse, og det er vi ute etter. Som tilsett har du også høve til å disponere banken sine to fritidseigedomar. Disse står til dei tilsette sin dispensasjon og er svært populære og kan leigas til ein rimeleg pris. Vi har også eit aktivt velferdslag, som invitere på ulike aktivitetar gjennom året. Holmenkollstafetten er ein slik aktivitet.

  • Vi søkjer etter medarbeidarar som kan vere med på å utvikle og framtidsrette banken vidare.  "Å utføre jobben" medfører at nye medarbeidarar må passe inn i kulturen vår, men også være ein pådrivar for å vidareutvikle kulturen. Vi trenger folk som kan samarbeide, finne nye løysingar saman med andre. Vere tydelige og seie ifrå. Vere lojale til alt det vi står for og vere ein aktiv bidragsytar i å styrke arbeidsmiljøet, slik at vi når måla våre. Vi treng medarbeidarar som aktivt delar sin kompetanse, slik at vi stadig utviklar ein beste mogleg praksis og heile tida betrar prosessane våre.

  • Som sjølvstendig bank vil SpareBank 1 Søre Sunnmøre vere ein lokal arbeidsplass, som vil tilby kompetansearbeidsplassar på eit breitt og høgt nivå. Vi har i dag om lag 70 arbeidsplassar innanfor ulike nivå. Erfaringa viser at karrieremoglegheitene er store og intern rekruttering vert i stor grad nytta. Banken har i dag stillingar frå sal og rådgjeving, kontroll og dokumentproduksjon til leiing og fagstillingar av ulike slag. Gjennomsnittsansienniteten er lang og turnoveren er liten. Det er eit teikn på at medarbeidarar trivast med oppgåver og ansvar i banken.

  • Vi har heile tida behov for kompetanse. Tilsetting av unge motiverte medarbeidarar er viktig og nyttig for banken. Årleg har vi inne sommarvikarar som er under utdanning. Vi har svært god erfaring med slike vikarar. Dei får prøve seg innanfor bank- og finansyrket og vi får høve til å vurdere dei som framtidige potensielle talent. Vi har også regelmessige trainee-ordningar som legg til rette for at unge, nyutdanna får høve til å prøve seg i bankyrket. Denne gruppa og andre unge som får prøve seg, er eit positivt stimuli for kulturen i banken.