Rekningskonto
Med rekningskonto har du full kontroll over dei faste utgiftene dine.
Med rekningskonto har du full kontroll over dei faste utgiftene dine.
Med rekningskonto får du endeleg kontroll på utgiftene dine. Du unngår irriterande purregebyr, og får fordelt rekningane dine over heile året. Då har du pengar på konto når rekningar og avgifter strøymer inn i januar og mars.
Rekningskonto er ei smart løysing uansett om du styrer økonomien åleine eller de er to som deler utgiftene. Er økonomien trong, er kontroll på utgiftene desto viktigare.
Lage ein oversikt over alle dine faste utgifter. Kva rekningar får du kvar månad? Kva betaler du fast for kvart kvartal? Kva faste utgifter kjem kun årleg?
Dele årlege utgifter på 12, halvårlege på 6 og kvartalsvise på 4 slik at du får eit gjennomsnittleg månadleg beløp for kvar av dei. Legge saman alle utgiftspostane. No har du gjennomsnittet for dei månadlege utgiftene dine.
Når du har gjennomsnittet for dei månadlege utgiftene dine, er du klar for å sette opp ei fast overføring frå brukskontoen din til rekningskontoen. Vel gjerne at pengane skal overførast så snart du får lønn inn på kontoen.
Merk at det er lurt å ha ein buffer på kontoen til å handtere større postar som berre kjem kvartalsvis, halvårleg eller årleg. Ikkje alle desse rekningane vil vente på seg fram til du har spart opp nok pengar på rekningkontoen!
Gjer rekningbetalingen endå lettare, og sørg samtidig for at rekningane blir betalt i tide:
Med eFaktura slepp du å få papirfakturaer i posten, og treng heller ikkje taste inn lange KID-nummer, kontonummer, forfallsdato og beløp. Går du for AvtaleGiro i tillegg, blir rekningane dine betalt automatisk – på forfallsdato.
Og hugs: Du har alltid full oversikt over betalingane i nett- og mobilbanken.
Same bank som deg
Er mottakar kunde i same bank som deg, kjem pengane på konto med ein gong.
Annan bank enn deg
Er mottakar kunde i ein annan bank enn deg, blir det utført betalingar fem gonger i døgnet.
| Betal før | Mottakar får pengane ca. |
| 00.05 | 05.50 |
| 07.45 | 09.50 |
| 10.05 | 11.50 |
| 11.40 | 13.50 |
| 15.00 | 15.50 |
I helgene er det ingen overføringar mellom bankane.
Hastar det?
Har du det travelt og vil vere sikker på at pengane kjem fram med ein gong, kan du bruke straksbetaling. I mobilbanken aktiverer du straksbetaling under Meir og Betaling. Merk at beløpsgrensa di i nettbanken òg gjeld straksbetaling.
Også med Vipps vil pengane kome fram med ein gong viss du vippser frå konto og ikkje frå kort. (Viss du bruker kortet til å vippse, kan det ta tre virkedagar før mottakaren får pengane.)
Skal du betale eller overføre pengar til utlandet?
Her ser du kor lang tid det tar før mottakar i utlandet får pengane på konto.
Du finn alle betalte rekningar i nettbanken og mobilbanken. I oversikta vel du konto og trykker på den betalinga det gjeld, så får du opp detaljar om transaksjonen. Du kan òg nytte søkefeltet i kontoen for å finne transaksjonar. I nettbanken kan du også skrive ut betalingsdetaljane. NB: Betalingsdetaljar er ikkje gyldig som kvittering.
Du kan også finne oversikt over alle utførte betalingar og overføringar i historikk:
Mobilbank: Meir - Betaling - Historikk
Nettbank Betaling - Historikk
Beløpsgrense er maksbeløpet du kan betale rekningar for kvar kalendermånad. Du kan sjølv velje eller endre beløpsgrensa under Innstillingar – Betaling – Beløpsgrense.
Du kan avslutte ein brukskonto inne i mobilbanken eller nettbanken. Gå til Innstillingar og Konto. Vel den kontoen du ønsker å avslutte, der finn du Avslutt konto nedst på sida.
Skal du avslutte ein annan konto?
Avslutt sparekonto
Avslutt BSU-konto*
Avslutt depositumkonto
Ei fast betaling er når du på faste dagar eller datoar betaler til kontoar i andre bankar. Ei fast overføring er når du regelmessig overfører pengar mellom kontoar du disponerer hos oss.
I mobilbanken og nettbanken kan du enkelt opprette, endre eller slette faste betalingar og overføringar.
Skal du endre eller slette ei fast betaling eller overføring? Trykk på den aktuelle betalinga/overføringa, då får du opp to knappar – ein for å endre og ein for å slette.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no