Refinansiering av kredittkort

Betaler du renter på fleire kredittkort kvar månad? Då bør du sjekke om det løner seg for deg å refinansiere kredittkortgjelda.

Prisdøme: Nominell rente 12,9. Effektiv rente 14,7 % Låner du 150 000 over 5 år, kostar lånet 58.602 kroner, og du betaler totalt 208.602 kroner.

Refinansiering kjapt og enkelt i mobilbanken

Å bruke kredittkort er å låne pengar av banken. Viss du ikkje betaler heile kredittkortrekninga ved forfall, byrjar det å løpe renter på lånet, og som du sikkert veit, har kredittkort høg rente samanlikna med dei fleste andre lån. Tar du opp kredittkortgjeld, bør du difor ha ein plan for å betale ned denne gjelda så raskt som mogleg.

Viss du har fleire kredittkort her og der som du betaler på kvar månad, bør du vurdere å refinansiere.

Kva betyr det å refinansiere?

Når du refinansierer forbruksgjeld, samlar du fleire kredittkort, handlekontoar og/eller forbrukslån i eitt lån til betre vilkår.

Eit kredittkort du refinansierer, vert sagt opp og kan ikkje brukast meir.

e-faktura

Kvifor refinansiere kredittkort?

Å refinansiere kredittkortgjelda di har ei rekkje fordelar:

  1. Lågare rente. Kredittkortgjeld har høg rente, typisk mellom 20 % og 30 % effektiv årleg rente. Med eit refinansieringslån betalar du ned den same gjelda til ein lågare rente.
  2. Færre gebyr. Samlar du gjeld frå fleire kredittkort i eitt lån, kuttar du ned på talet av termingebyr.
  3. Betre oversikt. Det kan vere lett å miste oversikten når ein har kredittkort i ulike bankar. Med eit refinansieringslån kan du samle alt èin stad, og få full oversikt over privatøkonomien din i Norges beste mobilbank.
  4. Enkel opprydding i kortbunken. Kredittkort du ikkje lenger brukar aktivt, bør du uansett kvitte deg med, for sjølv ubrukte kredittrammer påverkar kor mykje du kan få i lån. Når du refinansierer kredittkortgjeld, seier vi opp korta for deg.

Kor mykje kan eg spare på å refinansiere kredittkort?

Med refinansieringskalkulatoren vår får du ei indikasjon på kor mykje du kan spare på å refinansiere.

Merk at renta på refinansieringslån setjast individuelt, og at kalkulatoren baserer seg på gjennomsnittstal. Refinansieringskalkulatoren viser med andre ord berre kva ein gjennomsnittskunde med din forbruksgjeld har spart. Besparelsen din kan bli både større og mindre.

For å finne ut nøyaktig kva din besparelse blir, må du søkje om refinansiering. Hvis du innvilgar eit refinansieringslån, vil du sjå i tilbodet frå oss kor mykje du sparer på å samle alt i eitt lån.

Og hugs: Hos SpareBank 1 får du berre innvilga refinansiering viss det gir deg lågare totalkostnadar. Du har med andre ord ikkje noko å tape på å sjekke moglegheitene for å refinansiere.

mor og dotter sit i sofaen og pratar om alvorlege ting

Korleis refinansiere kredittkort?

Å samle kredittkort og eventuelle forbrukslån og handlekontoar i eitt nedbetalingslån er mindre jobb enn du kanskje trur:

  1. Start ein uforpliktande søknad.
  2. Der får du opp all uteståande forbruksgjeld og kredittrammer, inkludert alle kredittkort. Du vel enkelt sjølv kva kredittkort du ønskjer å refinansiere.
  3. Viss vi ser at du kan spare pengar på å refinansiere og øvrige krav er innfridde, får du eit tilbod frå oss du takkar ja til ved å signere digitalt.
  4. Resten fikser vi – inkludert å seie opp kredittkortene du har valt å refinansiere.

Må eg seie opp kredittkortet berre fordi eg vil refinansiere gjelda på det?

Kredittkort kan vere nyttig for deg som innimellom har behov for å låne litt pengar i ein kortare periode. I tillegg er kredittkort det tryggaste å betale med på reise og når du handlar på nettet. Det kan difor vere gode grunnar til å ønskje å fortsette å ha kredittkort sjølv om du har behov for å refinansiere.

Når du refinansierer, overtar vi gjelda du har hos andre bankar og kredittkortselskap og samlar det i eitt lån hos oss, men difor må også korta seiast opp. Viss du i søknaden velg å refinansiere all forbruksgjelda du står oppført med i gjeldsregisteret, vil du samtidig få moglegheita til å be om eit nytt kredittkort frå oss som erstatning for korta som blir sagt opp.

To tips til billigare refinansieringslån

  1. Velg kortast mogleg nedbetalingstid. Du kan få opptil 10 års nedbetalingstid på refinansieringslån hos oss. Vi er behjelpelige med å tilpasse lånet etter di økonomiske situasjon, og for nokre er det viktigare med lågare månadlege utgifter enn kortast mogleg nedbetalingstid. Hugs berre på at lang nedbetalingstid kan gjere lånet dyrare totalt.
  2. Betal inn ekstra når du kan. Du kan alltid betale inn ekstra på lånet ditt når du sjølv ønskjer. Då går du berre inn på lånet i nett- eller mobilbanken, og brukar knappen Ekstra innbetaling. Det er pengar å spare på å betale ned lånet raskare, og jo høgare lån og lengre nedbetalingstid du har, desto meir sparar du på å betale inn ekstra.

Prisdøme: Nominell rente 12,9. Effektiv rente 14,7 % Låner du 150 000 over 5 år, kostar lånet 58.602 kroner, og du betaler totalt 208.602 kroner.

Renter og vilkår for refinansiering

  • Inga øvre grense på lånebeløpet
  • Nominell rente frå 8,9 % til 20,9 %
  • Etableringsgebyr (lån under 30.000 kr): 390 kr
  • Etableringsgebyr (30.000-249.999 kr): 990 kr
  • Etableringsgebyr (250.000 kr eller over): 1.990 kr
  • Renta blir sett individuelt

Priseksempel: Nominell rente 12,9. Effektiv rente 14,7 % Låner du 150 000 over 5 år, kostar lånet 58.602 kroner, og du betaler totalt 208.602 kroner. Refinansiering av forbruksgjeld blir levert av Kredittbanken ASA.

Er du medlem i eit LO-forbund?

Kva lurer andre på?

Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }