IPS, individuell pensjonssparing, er ein smart måte å spare til pensjon, samtidig som du får skattefordelar.
Her er det viktigaste du bør vite om IPS og om det passar for deg.
IPS er sparing som gir skattefordel
IPS står for individuell pensjonssparing med skattefordel og kan hjelpe deg å spare pengar til pensjonstida.
Du bestemmer sjølv om du vil spare lite eller mykje, men du kan spare inntil 25.000 kroner i året på IPS-kontoen. Uansett kor mykje du vel å spare får du ein skattefordel på 22 % av sparebeløpet. Skattefordelen er utsett skatt, for det er først når du byrjar å ta ut pengane du skattar.
Forbeholdt pensjonstida
Du skatter ikkje av avkastninga medan du sparer og treng heller ikkje betale formueskatt for oppspart beløp, men sidan sparepengane er satt av til pensjonstida, binder du sparepengane dine fram til du fyller 62 år.
Eittersom pengane er bundne til du er 62 år, er det viktig at du tenkjer over kva beløp du ønskjer å spare og kor mykje du klarar å setje av til di framtidige lønn.
Spar pengar på å spare
Belønninga med utsett skatt frå staten kan sjåast på som eit slags «lån» som må tilbakebetalast når du tek ut pensjonen, men som du har fått avkastning av i alle åra du har spart. På denne måten sparer du pengar på å spare.
Ein annan stor fordel med IPS er at når du byrjar å ta ut pengane, skattast dei kun som alminneleg inntekt, og ikkje som ei pensjonsinntekt.
Marianne Christensen
Pensjonsekspert
SpareBank 1 Forsikring
Marianne har jobba med pensjon i SpareBank 1 Forsikring i over 15 år. Ho brenn for å gjere pensjon enkelt for folk flest – og til og med litt gøy!
Synes du det er vanskeleg å spare langsiktig, og tar litt frå sparekontoen av og til? Då er IPS ei svært god spareordning for å spare til pensjon. Med IPS får du ei gunstig og forutsigbar sparing som sikrar at pengane ikkje blir brukte opp før du blir pensjonist.
"name": "Marianne Christensen",
"firstname": "Marianne ",
"jobTitle": "Pensjonsekspert",
"organization": "SpareBank 1 Forsikring ",
"description":"Marianne har jobba med pensjon i SpareBank 1 Forsikring i over 15 år. Ho brenn for å gjere pensjon enkelt for folk flest – og til og med litt gøy! ",
"image": "/content/dam/SB1/foto/ansatte/MarianneC2.jpg",
"expertise": ["Pensjon", "Sparing", "Økonomi", "Leiing" ],
"email": "marianne.christensen@sparebank1.no",
"linkedIn": "https://www.linkedin.com/in/marianne-christensen-202a65110/",
"masterBioSide":"/content/sites/sb1/nn/sogn-fjordane/om-oss/vare-eksperter/marianne-christensen",
Kven kan opprette IPS?
Pensjonsreformen som kom i 2011, gjer at pensjonen frå folketrygda blir mindre. Dette vil ramme alle av oss, og for å oppretthalde den levestandarden vi er blitt vand med, må vi setje av pengar til pensjon sjølv også.
Alle mellom 18 og 75 år som er skattepliktige i Noreg, kan opprette ein IPS-konto. Kontoen er for alle som ønskje å spare til pensjon, og som synest det er greit å binde pengane til pensjonstida.
Du får ein skattefordel på 22 % av sparebeløpet, i form av utsatt skatt.
Det er fyrst når du begynner å ta ut pengane, du begynner å skatte.
Du må ikkje betale formuesskatt på det du sparer.
Pengane er forbeheldt pensjon. De kan difor takast ut tidlegast ved fylte 62 år.
Pengane beskattast som alminneleg inntekt ved uttak (22 % i 2026), og ikkje som pensjonsinntekt.
Utbetalinga må skje over minimum 10 år, og minst til fylte 80 år. Det vil seie at om du startar å ta ut pengane når du er 62 år, vil minimum utbetalingstid difor bli 18 år.
Pensjonen din er pengane du skal leve av i framtida. Å spare smart kan gi deg ein betre kvardag som pensjonist. Vel den livsfasen du er i, så hjelper vi deg i gang.
Du kan spare inntil 25.000 kroner i året med IPS (Pensjonssparing med skattefordel). Minste månadlege sparebeløp er 300 kroner og minste eingongsinnskot er 1.000 kroner. Du bestemmer sjølv kor mykje du ønskjer å spare, samt om det skal skje via månadleg sparebeløp og/eller eingongsinnbetalingar.
Sparar du i IPS får du 22 prosent av det du sparar tilbake på skatten. Sparar du maksbeløpet på 25.000 kroner vil du få 5.500 kroner tilbake på skatten. Saldoen din er fritatt for formuesskatt. Dette betyr at beløpet du til ei kvar tid har ståande ikkje er gjenstand for formueskattlegging. Det er først ved uttak av sparinga du blir skattelagt – og då med ei gunstig skattelegging som er alminneleg inntekt.
Når du kjøper pensjonssparing med skattefordel (IPS) får du alderstilpassa spareprofil der det er alderen din som avgjer korleis pengane vert investert. Når det er lenge igjen til du skal starte utbetaling er aksjeandelen høg. Høg aksjeandel ventar å gi best avkasting på langsikt. Når det er mindre enn 27 år igjen til utbetalingsdato, trappast andelen aksjar gradvis ned for at du skal unngå store svingingar i saldoen når det nærmar seg utbetaling.
Viss du vil endre spareprofilen din, kan du gjere det i mobilbanken eller nettbanken din etter at IPS-avtalen er oppretta.
Som forbrukar har du vanlegvis angrerett på kjøp av varer og tenester over nett og telefon. Derfor gjeld ikkje angrerett for pensjonssparekonto, IPS og eigen pensjonskonto.
Årsaka er at prisane på desse produkta svingar i takt med finansmarknaden, og det er noko vi ikkje kan påverke. Svingingane kjem av at aksjemarknaden går opp og ned.
Sjølv om du ikkje kan angre kjøpet, kan du stoppe vidare sparing. Du kan også ta ut pengane viss dette er tillate i vilkåra.
Pensjonssparing med skattefordel (IPS) er ein pensjonssparing der du kan spare inntil 25.000 kroner per år og få 22 prosent av innbetalinga tilbake på skatten. Pensjonssparinga er fritatt for formueskatt, har alminneleg beskatning ved utbetaling og kan takast ut frå tidlegast fylte 62 år. Du bestemmer sjølv om du vil spare mykje eller lite, samt om du vil spare månedleg og/eller gjere eingongsinnbetalingar. Pensjonssparinga har også garanti for negativ avkastning (verdifall) i utbetalingsperioden, eller etter fylte 70 år om utbetaling startar seinare. Det betyr at saldo i utbetalingstida ikkje kan reduserast med meir enn kostnadar og utbetalt beløp. Garantien sikrar stabilitet og tryggleik i dei åra pengane skal utbetalast.
Du kan når som helst gjere ei ekstra innbetaling til di pensjonssparing med skattefordel (IPS). Når du har starta sparing, finn du avtalen i mobilbanken eller nettbanken din, og der finn du òg nødvendig informasjon for å kunne gjere ei ekstra innbetaling. Viss du ikkje er bankkunde, kan du logge inn til din pensjon. Hugs at maks innbetaling per år er 15.000 kroner.
Reglane for pensjonssparing med skattefordel (IPS) er at desse pengane er låste til du fyller 62 år og utbetalinga skjer over minst 10 år, minimum til fylte 80 år. Startar du utbetaling ved fylte 62 år, blir pensjonen utbetalt over 18 år. Startar du utbetaling ved 70 år, blir pensjonen utbetalt over 10 år. Ved låg saldo vil talet på utbetalingsår bli redusert. Årleg utbetaling skal utgjere minimum 20 % av G, det vil seie ca 20.000 kroner i året.
Ved død vil pensjonskapitalen som er spart i IPS bli nytta til barnepensjon. Har du ikkje barn under 21 år, vil den bli nytta til etterlattepensjon til ektefelle, registrert partner eller samboar. Pensjonskapital som ikkje blir nytta til barnepensjon eller etterlattepensjon utbetalas som eit engangsbeløp til dødsboet.
Alle mellom 18 og 75 år som er skattepliktig i Norge kan starte sparing i IPS, også du som er ufør. Har du rett til arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå folketrygda, har du også rett til å få utbetalt alderspensjon frå pensjonssparinga.
Din uføregrad avgjer kor mykje du får i årleg utbetaling.
I utbetalingstida flyttast saldo over til selskapets kollektivportefølje og det er garanti mot negativ avkastning. Det betyr at saldo i utbetalingstida ikkje kan reduserast med meir enn kostnader og utbetalt beløp. Kollektivporteføljen består av blant anna aksjar, eigedom, omløpsrenter og anleggsobligasjonar.
Har du ein «gammal IPS» kan du fortsette sparinga med dei same skattemessige vilkåra som då dei blei inngått. Det vil løne seg å stoppe sparing i «gammal IPS» og opprette ny pensjonssparing med skattefrådrag (IPS) med dei nye og betre skattereglane i utbetalingstida.
Er du i denne situasjonen, tilrår vi deg å kontakte din lokale SpareBank 1 for å få råd om sparinga di. Det er viktig å få med seg at ein ikkje kan flytte oppsparte midlar frå ein «gammal IPS» til ny pensjonssparing med skattefordel (IPS) fordi dei har forskjellege skattereglar.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}