IPS beløner deg for å spare til pensjon. Uansett kva beløp du sparer, får du 22 % av sparebeløpet igjen på skatten.
Gi deg sjølv ein skattefordel
Det er mykje å hugse på i hektiske førjulstider, men er det éin ting du ikkje burde gløyme, er det å gi deg sjølv ein skattefordel til neste år.
Har du oppretta IPS-konto, må du hugse å setje inn pengar før fristen viss du skal nyte av skattefordelane til neste år. Uansett kor mykje eller lite du klarer å spare, får du tilbake 22 % av sparebeløpet på skatten.
Frå januar 2026 kan du spare opptil 25.000 kroner i året, og med det få inntil 5.500 kroner i skattefordel.
Skatten du får att kvart år, er ein utsetjing som varer heilt til du byrjar å ta ut pensjonen. Når du byrjar å ta ut pengane, skattar du som alminneleg inntekt (som i dag er 22 %).
Vi har full forståing for at mange kanskje synest det verkar litt forvirrande at utsetting av skatt er ein bra ting. Grunnen til at dette er så gunstig, er fordi gjennom alle dei åra du sparer i IPS, får du samtidig avkasting på dei pengane du får att på skatten.
Veldig enkelt forklart får du «låne» pengar som berre kan stå på kontoen din og gi deg avkasting. Når sparinga er over, betaler du tilbake dei pengane du fekk «låne» og sit igjen med eit beløp du kanskje ikkje hadde klart å spare til, utan denne drahjelpa.
Marianne Christensen
Pensjonsekspert
SpareBank 1 Forsikring
Marianne har jobba med pensjon i SpareBank 1 Forsikring i over 15 år. Ho brenn for å gjere pensjon enkelt for folk flest – og til og med litt gøy!
Verdi av skatteutsettinga vil auke i takt med kor mange år du har før «lånet» må betalast tilbake. Derfor løner det seg å starte sparinga medan du framleis har mange år att til pensjonsalder.
"name": "Marianne Christensen",
"firstname": "Marianne ",
"jobTitle": "Pensjonsekspert",
"organization": "SpareBank 1 Forsikring ",
"description":"Marianne har jobba med pensjon i SpareBank 1 Forsikring i over 15 år. Ho brenn for å gjere pensjon enkelt for folk flest – og til og med litt gøy! ",
"image": "/content/dam/SB1/foto/ansatte/MarianneC2.jpg",
"expertise": ["Pensjon", "Sparing", "Økonomi", "Leiing" ],
"email": "marianne.christensen@sparebank1.no",
"linkedIn": "https://www.linkedin.com/in/marianne-christensen-202a65110/",
"masterBioSide":"/content/sites/sb1/nn/sogn-fjordane/om-oss/vare-eksperter/marianne-christensen",
Ikkje komen i gang heilt endå?
Er du ein av dei som veit at det er viktig å spare til pensjon – og har tenkt å byrje – men berre ikkje har komen heilt i gang endå? Fortvil ikkje. Det er veldig enkelt å kome i gang, og opprettar du IPS-kontoen din før nyttår og set inn pengar innan fristen, får du med deg skattefordelen på inneverande år.
Viktig å vite om individuell pensjonssparing med skattefordel (IPS).
Ein ting som er viktig å vite om IPS-sparing er at du ikkje kan ta ut pengane før du fyller 62 år. Utbetalingane skjer over minst 10 år, og kan ikkje avsluttast før du fyller 80 år. Dette er bra for å sikre ei forutsigbar pensjonssparing og unngå at ein bruker pengar som er spart til pensjon på andre ting. Samtidig er det ikkje alle som kan eller ønsker å binde pengane sine over så lang tid.
Det er viktig å vere medviten om det valet du tar når det gjeld pensjonssparing – òg med tanke på kor mykje du ønskjer å sette av i IPS-sparing kvar månad.
Kor er du i livet?
Pensjonen din er pengane du skal leve av i framtida. Å spare smart kan gi deg ein betre kvardag som pensjonist. Vel den livsfasen du er i, så hjelper vi deg i gang.
Du kan spare inntil 25.000 kroner i året med IPS (Pensjonssparing med skattefordel). Minste månadlege sparebeløp er 300 kroner og minste eingongsinnskot er 1.000 kroner. Du bestemmer sjølv kor mykje du ønskjer å spare, samt om det skal skje via månadleg sparebeløp og/eller eingongsinnbetalingar.
Sparar du i IPS får du 22 prosent av det du sparar tilbake på skatten. Sparar du maksbeløpet på 25.000 kroner vil du få 5.500 kroner tilbake på skatten. Saldoen din er fritatt for formuesskatt. Dette betyr at beløpet du til ei kvar tid har ståande ikkje er gjenstand for formueskattlegging. Det er først ved uttak av sparinga du blir skattelagt – og då med ei gunstig skattelegging som er alminneleg inntekt.
Du kan når som helst gjere ei ekstra innbetaling til di pensjonssparing med skattefordel (IPS). Når du har starta sparing, finn du avtalen i mobilbanken eller nettbanken din, og der finn du òg nødvendig informasjon for å kunne gjere ei ekstra innbetaling. Viss du ikkje er bankkunde, kan du logge inn til din pensjon. Hugs at maks innbetaling per år er 15.000 kroner.
Som forbrukar har du vanlegvis angrerett på kjøp av varer og tenester over nett og telefon. Derfor gjeld ikkje angrerett for pensjonssparekonto, IPS og eigen pensjonskonto.
Årsaka er at prisane på desse produkta svingar i takt med finansmarknaden, og det er noko vi ikkje kan påverke. Svingingane kjem av at aksjemarknaden går opp og ned.
Sjølv om du ikkje kan angre kjøpet, kan du stoppe vidare sparing. Du kan også ta ut pengane viss dette er tillate i vilkåra.
Pensjonssparing med skattefordel (IPS) er ein pensjonssparing der du kan spare inntil 25.000 kroner per år og få 22 prosent av innbetalinga tilbake på skatten. Pensjonssparinga er fritatt for formueskatt, har alminneleg beskatning ved utbetaling og kan takast ut frå tidlegast fylte 62 år. Du bestemmer sjølv om du vil spare mykje eller lite, samt om du vil spare månedleg og/eller gjere eingongsinnbetalingar. Pensjonssparinga har også garanti for negativ avkastning (verdifall) i utbetalingsperioden, eller etter fylte 70 år om utbetaling startar seinare. Det betyr at saldo i utbetalingstida ikkje kan reduserast med meir enn kostnadar og utbetalt beløp. Garantien sikrar stabilitet og tryggleik i dei åra pengane skal utbetalast.
Når du kjøper pensjonssparing med skattefordel (IPS) får du alderstilpassa spareprofil der det er alderen din som avgjer korleis pengane vert investert. Når det er lenge igjen til du skal starte utbetaling er aksjeandelen høg. Høg aksjeandel ventar å gi best avkasting på langsikt. Når det er mindre enn 27 år igjen til utbetalingsdato, trappast andelen aksjar gradvis ned for at du skal unngå store svingingar i saldoen når det nærmar seg utbetaling.
Viss du vil endre spareprofilen din, kan du gjere det i mobilbanken eller nettbanken din etter at IPS-avtalen er oppretta.
Ved død vil pensjonskapitalen som er spart i IPS bli nytta til barnepensjon. Har du ikkje barn under 21 år, vil den bli nytta til etterlattepensjon til ektefelle, registrert partner eller samboar. Pensjonskapital som ikkje blir nytta til barnepensjon eller etterlattepensjon utbetalas som eit engangsbeløp til dødsboet.
Alle mellom 18 og 75 år som er skattepliktig i Norge kan starte sparing i IPS, også du som er ufør. Har du rett til arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå folketrygda, har du også rett til å få utbetalt alderspensjon frå pensjonssparinga.
Din uføregrad avgjer kor mykje du får i årleg utbetaling.
I utbetalingstida flyttast saldo over til selskapets kollektivportefølje og det er garanti mot negativ avkastning. Det betyr at saldo i utbetalingstida ikkje kan reduserast med meir enn kostnader og utbetalt beløp. Kollektivporteføljen består av blant anna aksjar, eigedom, omløpsrenter og anleggsobligasjonar.
Reglane for pensjonssparing med skattefordel (IPS) er at desse pengane er låste til du fyller 62 år og utbetalinga skjer over minst 10 år, minimum til fylte 80 år. Startar du utbetaling ved fylte 62 år, blir pensjonen utbetalt over 18 år. Startar du utbetaling ved 70 år, blir pensjonen utbetalt over 10 år. Ved låg saldo vil talet på utbetalingsår bli redusert. Årleg utbetaling skal utgjere minimum 20 % av G, det vil seie ca 20.000 kroner i året.
Har du ein «gammal IPS» kan du fortsette sparinga med dei same skattemessige vilkåra som då dei blei inngått. Det vil løne seg å stoppe sparing i «gammal IPS» og opprette ny pensjonssparing med skattefrådrag (IPS) med dei nye og betre skattereglane i utbetalingstida.
Er du i denne situasjonen, tilrår vi deg å kontakte din lokale SpareBank 1 for å få råd om sparinga di. Det er viktig å få med seg at ein ikkje kan flytte oppsparte midlar frå ein «gammal IPS» til ny pensjonssparing med skattefordel (IPS) fordi dei har forskjellege skattereglar.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}