Delkasko er eit rimeligare alternativ til full kasko-forsikring, og kan passe for deg som har ein eldre bil med låg verdi.
Delkasko (minikasko) | Bilforsikring
Kva er delkasko?
Delkasko (også kalla minikasko) er ei forsikring som dekker brann, tjuveri, innbrot, veghjelp og glasskade, i tillegg til det den lovpålagte ansvarsforsikringa dekker.
Ønsker du å vere dekka mot steinsprut og glasskade må du som minimum ha delkasko (minikasko).
Egenandel
For delkasko er egenandelen fast. Viss du vel kasko eller toppkasko kan du velje eigenandelen sjølv. Viss du vel ein høgare eigenandel vil du få ei billegare forsikring.
Kva dekker delkasko?
Delkasko inkluderer ansvarsforsikring, men dekker i tillegg skadar som følge av:
- Brann
- Tjuveri
- Innbrot
- Glasskade
- Veghjelp
Delkasko er ei god bilforsikring, men viss du ønsker å få dekka skadar på eigen bil som følge av kollisjon og utforkøyring må du anten ha kasko eller toppkasko.
Delkasko pris
Ønsker du å berekne pris på delkasko (minikasko) bilforsikring treng vi litt informasjon om deg og bilen din.
Vilkår og produktinformasjon
Kva lurer andre på?
Dersom du skulle vere uheldig å køyre på eit dyr, vil personskadar alltid bli dekka av bilforsikring. Har du fått skadar på eiga bil, må du ha minimum kasko eller toppkasko bilforsikring for å vere dekka for skadene etter viltpåkjørsel. Ansvarsforsikring eller delkasko vil ikkje dekke skadar på eiga bil. Dersom du har delkasko eller betre vil forsikring dekke veihjelp.
Har du køyrt på eit dyr?
- Vær trygg
Hvis du har køyrt på eit dyr, er det viktig å handle raskt og sikkert. Setje på varsellys, plassere bilen på ein måte som ikkje skaper farlege situasjonar i trafikken, og ta på deg ei refleksvest. Setje også ut ein varseltrekant. Kontakt nødhjelp fyrst, hvis det har skjedd ei alvorleg ulykke.
- Varsle politiet og viltnemnda
Meld frå til politiet på tlf 02800 hvis du har køyrt på og skada eit dyr. Politiet vil varsle viltnemnda, som er ansvarlege for å ta seg av skadde eller døde dyr. Husk også å merke kor du er og kor dyret forsvann, for eksempel ved å setje opp midlertidige merke eller ta bilete av området.
- Ring oss og få veihjelp
Hvis du har problem med bilen etter viltpåkjørselen, kan du ringe oss på tlf (+47 915) 02300 for veihjelp. Vi hjelper deg døgnet rundt!
Det er viktig å melde frå om viltpåkøyrsel fordi dyret kan vera skada eller må avlivast. Du vil ikkje få bonustap, viss viltpåkøyrselen vert meldt til politiet eller viltnemnda. Egenandelen vil òg bli redusert med opptil 2.000 kroner.
Du kan forsikre deg mot motorhavari med toppkasko bilforsikring. Då må bilen vere nyare enn 10 år og ikkje ha gått lengre enn 250.000 km. Motorhavariet må vere ein tilfeldig og plutseleg mekanisk skade.
Maskinskadedekninga kan også dekke tilfeldige og plutselege skader på girkasse, drivverk (drivakslar, mellomakslar, bakaksel), motorens og automatgirkassa si elektroniske hovudstyreenhet, samt hybrid-/elbiler si batteripakke. I tillegg vert dynamo, starter, turbo, mellomkasse og EGR-ventil dekka.
Les meir om motorhavari i maskinskadedekninga.
Har du hatt motorhavari?
Sjå også
Skademeldingsskjemaet for bil/motorvogn kan du raskast få tak i hos dei fleste bilforhandlarar og bensinstasjonar. Du kan også laste det ned eller bestille gratis skademeldingsskjema.
Har du hatt uhell eller skade?
Kva gjer eg?
1. Sikkerheit aller først
- Plasser bilen slik at den ikkje skapar farlege situasjonar i trafikken.
- Sett på varsellys/nødlys.
- Ta på deg refleksvest.
- Sett ut varseltrekant.
2. Bestill veghjelp
Bestill veghjelp digitalt, eller ring Fremtind Forsikring på (+47) 915 02300. Veghjelp har ope 24 timar i døgnet.
Har du ny bil, kan det hende du er dekt av mobilitetsgarantien til bilforhandlaren/verkstaden din. Du kan også vere dekt gjennom medlemskap i NAF. Er du dekt kontaktar du dei direkte, så slepp du eigeanndel.
Når du bestiller veghjelp digitalt tar det som regel kortare tid å få hjelp, då du slepp å stå i ei eventuell telefonkø. I tillegg får vi lettare innhenta opplysningar om blant anna posisjonen til køyretøyet ditt.
3. Mens du ventar
Etter du har bestilt veghjelp vil du motta ein SMS med bekrefting om at bilbergar er på veg, med informasjon om telefonnummeret til bilbergaren, forventa ankomsttid og moglegheit for å følge med på bergingsbilen undervegs.
Kjedelig å vente på veghjelp?
Bruk tida på å sjekke om du er riktig forsikra. Vel di livsfase og sjå kva andre i same situasjon har valt.
4. Når veghjelpa kjem
Bilbergingsselskapet vil forsøke å fikse bilen din på staden. Viss det ikkje går, fraktar dei bilen til næraste verkstad (eller bensinstasjon/ladestasjon viss du er tom for drivstoff). Må bilen på verkstad, må du melde skade på køyretøyet så raskt som mogleg. Viss du treng leigebil vil du òg få hjelp med dette.
5. Ta vare på kvitteringar
Ta vare på kvitteringar og dokumentasjon for eventuelle ekstrautgifter du har hatt i samband med bilberginga. Du kan søke om refusjon av billigste transport heim. Dersom du har brukt ei anna veghjelpsteneste enn vår samarbeidspartner SOS veghjelp, må du legge ut for heile rekninga sjølv. Du får dette refundert minus eigenandel, når du melder sak hos Fremtind.
Kva kostar veghjelp og bilberging?
Prisen på veghjelp er eigenandelen, som er 750 kroner, med mindre det står noko anna i forsikringsbeviset ditt. Eigenandel må betalast så lenge du har delkasko, kasko eller toppkasko, i heile Europa. Viss du kun har ansvarsforsikring på køyretøyet, må du betale full pris for veghjelp (med mindre du er dekt av medlemskap eller annan type forsikring).
Det er ikkje bonustap ved veghjelp og bilberging.
Har du kasko (med leigebil som tilval) eller toppkasko får du også leigebil, viss du skulle trenge det i samanheng med veghjelpa og reparasjon.
Kva kan eg få hjelp med?
Du får veghjelp ved små og store problem, enten du er på vegen eller heime i oppkøyrsla – heile døgnet, heile året. Bilbergaren vil forsøke å fikse problemet på staden. Viss det ikkje går, fraktar dei bilen til nærmaste verkstad (eller bensinstasjon/ladestasjon viss du er tom for drivstoff). Du får hjelp ved til dømes:
- startproblem og flatt batteri
- køyrt fast eller utforkøyring
- motorstopp
- tom for drivstoff/straum
- punktering
- nøklar låst inne i bilen
Vi har avtale med SOS veghjelp, som er Nordens største på veghjelpstenester. Dei hjelper deg enten det gjeld bil, motorsykkel eller lastebil.
Kva anna er eg dekt for?
Du kan òg vere dekt for meirutgifter som til dømes:
- påfylling etter å ha køyrt tom for drivstoff
- utgifter til heimreise, med rimelegaste kommunikasjonsmiddel
(eller utgifter til avgjerdsstad i staden for heimreise, så lenge det er rimelegare enn heimreise) - transport av tilhengar som er med på turen
(er det berre hengaren som er skada vil berre den bli frakta til verkstaden, men då må hengaren ha eiga forsikring)
Viss bilen blir køyrd av nokon under 23 år må dette stå i forsikringsavtalen for bilforsikringa. Det er fordi det er større sjanse for uhell når ein er under 23 år, som vil påverke prisen noko. Forsikringa kan bli avkorta viss dette ikkje står i avtalen og det skjer ei skade.
Er du usikker på kva som står i forsikringsavtalen din kan du sjekke dette i «mine forsikringar», eller i mobilbanken/nettbanken.
Endre sjåfør under 23 år
Ønsker du å endre slik at personar under 23 år kan køyre bilen din? Endre dette sjølv ved å logge inn til mi bilforsikring og velje «endre forsikringa». Når du endrar til «sjåfør under 23 år», kan du ikkje endre tilbake før det har gått 3 månader.
Lærekøyre?
Skal de ut å lærekøyre treng de ikkje registrere førar under 23 år. Per definisjon er det den som sit i passasjersetet og gir opplæring som er førar av bilen når ein lærekøyrer.
Har du bilforsikring i eit anna selskap?