Det finst fire forskjellege typar bilforsikringar du kan velje mellom. Her kan du samanlikne prisar og dekningar for ansvar, delkasko, kasko og toppkasko.
Ei ansvarsforsikring er lovpålagt å ha når du eig eit køyretøy som blir brukt på vegen. Den dekker erstatningar for skadar påført andre personar, deira eigedelar og eigedom. Denne er inkludert i alle bilforsikringar. Lova om ansvarsforsikring omfattar bilansvarslova.
Det som er viktig å hugse på med ansvarsforsikring, er at viss du er skuld i ein kollisjon eller utforkøyring dekker ikkje forsikringa skadar på eigen bil.
Som ein tommelfingerregel bør du utvide forsikringa til kasko eller toppkasko med mindre du har råd til å reparere eller kjøpe ein tilsvarande bil, viss noko skulle skje.
Delkasko (også kalla minikasko) er ei forsikring som dekker brann, tjuveri, innbrot, veghjelp og glasskade, i tillegg til det den lovpålagte ansvarsforsikringa dekker.
Ønsker du å vere dekka mot steinsprut og glasskade må du som minimum ha delkasko (minikasko).
Kaskoforsikring inkluderer minikasko og ansvarsforsikring, og dekker i tillegg skader på eigen bil som følge av kollisjon og utforkøyring.
Full kasko (som kasko også kallast) forvekslast ofte med den beste bilforsikringa, noko som ikkje stemmer. Vår beste bilforsikring heiter toppkasko. Hos andre forsikringsselskap kan toppkasko typisk omtalast som bil pluss, super, utvida, kasko pluss osb.
Viss du har ein nyare bil anbefaler vi kasko eller toppkasko.
Ved sal av bilen vil bilforsikringa bli avslutta automatisk frå den same dagen Statens vegvesen registrerer salsmeldinga. Dette gjeld også viss bilen blir registrert som vraka eller meldt stolen.
Avregistrering av bilen
Dekkes av Toppkasko
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Dekkes ikke av Ansvar
Dersom du avregistrer bilen din, vil forsikringa automatisk gå over til ein lagringsforsikring, der du slepp å betale trafikkforsikringsavgift og for ansvarsdekninga. Prisen vil også bli lågare.
Kva dekker forsikringa?
Ansvar
Dekkes av Toppkasko
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Dekkes av Ansvar
Ansvarsforsikring er lovpålagt å ha når du eig ein bil som blir brukt på vegen. Den dekker skade på personar, og skadar du påfører andre personar sine køyretøy, eigedom og eigedelar.
Du får veghjelp ved små og store problem, anten du er på vegen eller heime i oppkøyrselen. Bilbergaren vil forsøke å fikse problemet på staden. Viss det ikkje går, vil bilen bli frakta til nærmaste verkstad.
Vi har avtale med SOS veghjelp, som er Nordens største på veghjelpstenester.
Vi dekker ny bilnøkkel, programmering og omkoding hos autorisert verkstad/låsesmed med ekstra låg eigenandel.
Tilleggsdekningar
Leigebil
Dekkes av Toppkasko
Dekkes av Kasko
Dekkes ikke av Delkasko
Dekkes ikke av Ansvar
Dersom du har kasko eller toppkasko bilforsikring kan du også kjøpe tilleggsdekning for leigebil. Du får leigebil i inntil 45 dagar om bilen må på verkstad, som følge av skade som blir dekka av forsikring.
For bilar under 10 år kan du kjøpe maskinskadeforsikring som ein tilleggsdekning.
Maskinskade er tilfeldig og plutseleg mekanisk skade på motor, girkasse, drivverk, høgvoltsbatteri og ladeeinheit. Maskinskade gjeld fram til bilen blir 10 år så lenge den ikkje er køyrd lengre enn 200.000 km.
Du vel eigenandelen sjølv på kaskodekninga. Viss du vel ein høgare eigenandel vil du få ein billegare forsikringspris. Nokre eigenandelar er imidlertid faste.
Nokre mindre skadar kan det lønne seg å betale sjølv, viss eigenandelen og bonustapet blir dyrare enn reparasjonen. Har du bilforsikring hos oss får du 15 % rabatt hjå MPS Bilskade.
Selje bruktbil? Ved kjøp og sal av bruktbil vil bilforsikringa til seljar automatisk avsluttast frå den dagen Statens Vegvesen registrerar salsmeldinga. Du treng difor ikkje å seie opp bilforsikringa din sjølv. Hugs å avslutte andre avtaler som står på bilen, som til dømes bombrikke og parkeringsavtalar.
Kjøpe bruktbil? For deg som kjøper bruktbil betyr det at du er nødt til å kjøpe ny bilforsikring før du får omregistrert bilen i ditt namn.
Hos oss får du bilforsikring på dagen, eller faktisk på minuttet viss du kjøper på nett. Du kan òg velje kva dato du ønsker at bilforsikringa di skal gjelde ifrå, om du ikkje har overtatt bilen enno. Du kan òg berekne pris no, og logge inn igjen innan 30 dagar og fullføre kjøpet – utan å taste inn ting på nytt.
Utvida garanti Om du vel tilleggsdekning for maskinskade i bilforsikringane hos oss, får du ein utvida garanti på motor og andre vitale delar. Maskinskadedekninga varer til bilen er 10 år eller fram til den har køyrt 200.000 km. Les meir om maskinskadeforsikringene.
Ja, det er fleire måtar du kan få tilbod på bilforsikring:
1. Få tilbod digitalt Du kan få tilbod på bilforsikring ved å bruke vår bilforsikringskalkulator og berekne prisen sjølv. Kalkulatoren tar høgde for ting som bonus og LOfavør-rabatten. Du kan velje om du vil kjøpe med ein gong, eller lagre tilbodet til seinare.
2. Kontakt forsikringsrådgjevar Ønsker du heller å prate med ein forsikringsrådgjevar for å få tilbod på bilforsikring, kan du kontakte oss via kontaktflatene nedanfor (ring oss, avtal møte, skriv melding, oppsøk eit bankkontor eller chat med oss). Du treng ikkje vere bankkunde for å vere forsikringskunde hos oss.
Er du ung og skal kjøpe din første bil og di første bilforsikring, er det eit par tips det kan vere greitt å vite. Vi har satt saman ein liten guide med nokre viktige tips du bør tenke på i vurderinga di som førstegangskjøpar.
Ansvarsforsikring: Dette er det lovbestemte minimumskravet, som dekkjer skade du påfører andre personar eller deira eigedom dersom du er uheldig. Ansvarsforsikring er påkravd i Norge.
Delkasko: Denne forsikringa dekker i tillegg skadar på bilen din som følgje av brann, tjuveri, glasskade og naturskadar.
Kasko: Dekker det som er nemnt over, og dekker i tillegg skader på eigen bil som følge av kollisjon og utforkøyring.
Toppkasko: Toppkasko er vår beste bilforsikring. Den dekker alt over, men i tillegg får du parkeringsskade utan bonustap, heilt ny bil ved totalskade på inntil 3 år gammal bil, samt lågare eigenandelar på ei rekke dekningar.
Når du skal velje bilforsikring og gjere tilpassingar, er det viktig å vurdere:
Verdien av bilen: Viss bilen din har høg verdi, kan det vere lurt å vurdere toppkasko eller kasko over delkasko eller ansvar. For eldre bilar med låg verdi kan det kanskje halde med delkasko. Har du billån med pant i bilen, krev vi at du minimum har kaskoforsikring på grunn av sikkerheita i lånet.
Alder på bilen: Er det ein ny bil du er avhengig av i kvardagen og som blir vanskeleg å erstatte viss noko skulle skje, anbefaler vi minimum kasko. Er bilen av eldre årgang og lett kan erstattast, treng du kanskje berre ansvar eller delkasko. Er bilen under 5 år kan du vurdere å droppe tilleggsdekning for maskinskade og heller utvide med dette etter bilen er 5 år.
Kor langt du køyrer i året: Køyrelengda er den distansen du køyrer i løpet av eit år. Vi tilbyr køyrelengder frå 6.000 km til ubegrensa. Om du køyrer mykje, bør du òg vurdere ei forsikring som inkluderer veghjelp og leigebil ved skade.
Økonomien din: Eigenandelen er den summen du må betale for å bruke forsikring, med nokre unntak der vi har fast eigenandel (f.eks ved veghjelp og rutebytte). Du kan velje kva eigenandel du ønsker. Har du eksempelvis sett av pengar på bufferkonto til uventa utgifter, kan du også velje ein høgare eigenandel, så blir prisen på bilforsikringa lågare.
Flere bilar: har du fleire bilar kan du vurdere å droppe tilleggsdekning for leigebil.
Andre fordelar: Du får opptil 20 % rabatt på bilforsikringa viss du samlar forsikringane dine hos oss. Er du medlem av eit LO-forbund får du toppkasko til same pris som kasko, samt lågare eigenandel. Bonussystemet gir deg rabatt på forsikring for kvart år du køyrer skadefritt. Hos oss får du 60 % startbonus.
Mange er opptekne av å få den billegaste bilforsikringa for å byggje opp bonus. Men det som er viktig å vite, er prisen etter at alle rabattar er lagt til. Det finst også andre ting for å gjere bilforsikringa billegare.
Ansvarsforsikring er den billegaste bilforsikringen. Den oppfyller minimumskravet for bilforsikring viss du har ein registrert bil du skal bruke på vegen.
Det som er viktig å hugse på med ansvarsforsikring, er at viss du er skuld i ein kollisjon eller utforkjøring, dekkar ikkje forsikringa skadene på eigen bil. Som ein tommelfingerregel bør du berre droppe kasko dersom du har råd til å reparere eller kjøpe ein tilsvarande bil, om noko skulle skje.
Om du ikkje treng å bruke bilen for ei periode, kan du midlertidig avregistrere den. Har du delkasko eller betre vil du automatisk gå over på ein lagringsforsikring, som er den billegaste bilforsikringa.
Ein bil blir sett på som ein veteran når bilen er 30 år gammal. Dette gjeld frå og med 1. januar det året køyretøyet først blei registrert i Norge, eller produksjonsdato dersom den er importert. Det er Toll- og avgiftsdirektoratet som bestemmer definisjonen på veteranbilar, mens Statens vegvesen bestemmer den tekniske klassifiseringa for veteranbilar (teknisk gruppe: M1, M2, O1 osv.).
Viss du brukar veteranbilen din som om det skulle vore ein vanleg bil, kan du forsikre den også forsikre den med vanleg bilforsikring.
Reglar for veteranbil Det er særskilde reglar du må følgje viss bilen din er ein veteranbil og du ønsker å forsikre den med veteranbilforsikring:
Bilen kan berre brukast til hobbykøyring.
Bilen kan maksimalt køyre 6.000 km i året.
Det er ei myte at alle veteranbilar slepp EU-godkjenning. Fram til 2016 gjaldt fritaket for EU-godkjenning bilar registrert før 01.01.1960. Men i 2016 vart dette endra til kun å gjelde bevaringsverdige veteranbilar over 50 år.
Avregistrere veteranbil Viss du avregistrerer veteranbilen i vinterhalvåret, vil du automatisk gå over på ei lagringsforsikring slik at du framleis er dekt mot blant anna brann og tjuveri når køyretøyet står lagra.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}