Ingen veit nøyaktig kva pris ein bruktbil blir selt for til slutt. Riktig pris avheng av kor mange tilsvarande bilar som ligg ute til sals og kor mange det er som har lyst til å kjøpe denne typen bil.
Finn.no har ei fin teneste der du kan legge inn registreringsnummer og få opp pristips på bilen din. Då kan du sjå kva liknande bilar går for basert på modell og total køyrelengde. Då får du eit godt utgangspunkt i kva som er riktig pris for bilen.
Du må sjølv avgjere om kosmetisk og teknisk tilstand, og utstyr vil vere med på å trekke prisen opp eller ned.
Det er ein fordel om bilen er rein og pen når du tek bilete. Kanskje er det verdt å polere den også, før du knipsar bilete? Ta mange bilete av bilen, og få med detaljer. Er ein interessert i ein bil ønsker ein mest mogleg informasjon om bilen, så hugs at «eit bilete seier meir enn tusen ord».
Tenk på målgruppa når du tek bilete. Er det ein familiebil er kanskje kjøparane mest interesserte i sikkerheitsfunksjonane og kor stort bagasjerommet er? Er det ein sportsbil er kanskje interiøret, lakken og felgane viktigare?
Det finst også mykje informasjon om bilen din som eit bilete ikkje kan gi. Det er ikkje alltid lett å vite kva som bør vere med i ein annonse. Då kan det vere lurt å sjå på annonseplassar kva opplysningar som blir tatt med for tilsvarande bilar. Hugs også at mange annonseplassar innhentar mange av opplysningane automatisk når du annonserer bilen.
Statens vegvesen har for øvrig ei gratis teneste som gir deg mykje informasjon om bilen.
Kjøp og sal mellom private regulerast av kjøpslova. Den pålegg deg som sel selen bilen ei opplysningsplikt, og den som kjøper bilen ei undersøkingsplikt. Di opplysningsplikt går lenger enn kjøpar si undersøkingsplikt.
Når du sel bilen privat, har du reklamasjonsansvar i 2 år. Opplysningsplikta handlar om at du som sel pliktar å informere om det du kjenner til. Kjøparen kan klage på:
feilopplysning
utelatne opplysningar
feil som ikkje er ein del av bilen sitt vanlege vedlikehald
Finn fram bilens service-/verkstadshistorikk. Kvitteringar på service og reparasjonar, samt informasjon om bilen er EU-godkjent og neste frist for godkjenning, er viktig informasjon for kjøparen.
Forbrukarrådet mottar ca 10.000 henvendingar om sal av bruktbil kvart år. Du kan potensielt spare deg sjølv for både tid, pengar og bekymringar ved å la ein verkstad gjere ein tilstandsrapport på bilen før du sel. I tillegg vil ei slik vurdering av bilen sannsynlegvis tiltrekke seg fleire moglege kjøparar.
Bilen seljast "som den er"
Viss du sel bilen med generelle atterhald som "seljast som den er", "som den står" eller "utan garanti", betyr det at bilen seljast med dei feil eller manglar den måtte ha. Men, det betyr ikkje at du som seljar er fritatt for alt ansvar. Kjøparen kan likevel klage viss:
Du har gitt feil opplysningar som har betydning for kjøpet.
Du har halde tilbake informasjon som har betydning for kjøparen.
Bilen din er i vesentleg dårlegare stand enn kjøparen kan forvente (for eksempel ut frå pris, kilometerstand og alder på bilen).
Det kan også vere greitt å vite at mange kjøparar kan bli skeptiske til å kjøpe når annonsen inneheld slike atterhald.
4. Annonsere bil til sals
Med mindre du alt har ein kjøpar til bilen, må du no la verda få vite at bilen din er til sals. Det finst mange stadar du kan annonsere bil til sals. Nokre er gratis og nokre kostar pengar.
Det er ikkje sikkert det held med ein «til sals lapp» i ruta. Derfor kan det lønne seg å legge nokre kroner i annonseringa for å få tilgang til fleire moglege kjøparar.
Før prøvekøyringa
Før nokon kjøper ein bil, ønsker dei fleste å prøvekøyre bilen før dei legg pengane på bordet. Eit par tips før prøvekøyringa startar:
Få namn og telefonnummer i forkant, så rekker du å søke opp vedkomande på nettet.
Be om å få sjå legitimasjon så du kan sjå at det er same person.
Be om telefonnummer og ring nummeret for å sjekke at det går til vedkomande.
Ta bilete av førarkort, person som skal prøvekøyre og skiltnummeret på køyretøyet hen kom i.
Bli med i bilen under køyreturen, då kan du også svare på spørsmål undervegs.
5. Prøvekøyringa
Før nokon kjøper ein bil, ønsker dei fleste å prøvekøyre bilen før dei legg pengane på bordet. Her er eit par tips før du tillet prøvekjøring av bilen din:
Få namn og telefonnummer i forkant, så rekker du å søke opp vedkomande på nettet.
Be om å få sjå legitimasjon så du kan sjå at det er same person.
Be om telefonnummer og ring nummeret for å sjekke at det går til vedkomande.
Ta bilete av førarkort, person som skal prøvekøyre og skiltnummeret på køyretøyet hen kom i.
Bli med i bilen under køyreturen, då kan du også svare på spørsmål undervegs.
6. Skriv salskontrakt
Det er viktig at de skriv salskontrakt, også der det gjeld sal til vener eller familie. Salskontrakta er det viktigaste dokumentet du har dersom det skulle oppstå usemje eller tvist i etterkant av salet.
Forbrukarrådet har ein veldig god salsavtale for bil – både ein digital avtale og ein avtale i PDF som du kan laste ned.
Du og kjøpar er no einige om ein sum som skal betalast for bilen.
Viss du har eit billån med sikkerheit/pant i bilen, vil det bety at bilen har ein heftelse. Heftelsen er knytt til registreringsnummeret og ikkje eigaren – sjekk her om bilen har heftelsar. Det er difor viktig for deg som skal selje bilen, å fjerne heftelsen for å trygge kjøparen om at hen ikkje overtar denne.
For å få fjerna heftelsen, må du altså nedbetale restgjelda på bilen. Slik gjer du det:
Du ber kjøparen innbetale direkte til banken som har heftelsen i bilen.
Er salssummen høgare enn restgjelda, ber du kjøpar om å overføre overskotet direkte til deg.
Viss salssummen ikkje dekker restgjelda på bilen, må du finne ein løysing for å innfri restgjelda. For eksempel kan du ta opp eit usikra lån for å betale resten av billånet. Viss du har bustadlån kan det også vere ein moglegheit å bake inn restlånet i bustadlånet.
Når kontrakten er signert, betalinga er gjennomført og bilen skal overleverast til kjøparen, må det sendast inn salsmelding til Statens vegvesen. Eig du bilen saman med nokon, må medeigar også godkjenne salsmeldinga. Både kjøpar og seljar kan sende inn salsmeldinga, men begge partar samt medeigar må godkjenne salsmeldinga.
Du treng ikkje sende inn vognkort når du leverer salsmelding på nett. Kjøparen av bilen din vil få tilsendt midlertidig vognkort digitalt, og nye fysiske vognkort (del 1 og del 2) i posten.
Før kjøparen får betalt omregistreringsavgifta, må bilen vere forsikra. Når du sel bilen din vil bilforsikringa automatisk bli avslutta når salsmeldinga er godkjent.
Kjøparen av bilen må no kjøpe ei bilforsikring som inkluderer trafikkforsikringsavgift, for å unngå dagsbøter frå Trafikkforsikringsforeningen.
Når salsmeldinga er godkjent og kjøparen har forsikra bilen, må kjøparen også betale ein omregistreringsavgift til staten før hen kan bruke køyretøyet. Prisane for omregistrering varierer frå type bil og alderen på bilen.
Frå 1. mai 2022 blei også elbilar pålagde å betale omregistreringsavgift.
11. Sei opp og flytt avtalar
No som sjølve handelen er gjennomført er det viktig å hugse på avtalane dine. Har du avtalar som Autopass-bombrikke, parkeringsavtale eller liknande knytta til bilen, må du sjølv seie opp eller flytte desse, så du slepp å betale rekningane til den nye eigaren.
Viktig å hugse!
Det held ikkje å ta ut bombrikka frå bilen, du må anten seie opp avtalen eller endre til ny bil.
Skal du ha ny bil?
Enten du skal kjøpe, lease eller abonnere på bil er det ein del tenester som det kan vere lurt å skaffe seg:
Ei bombrikke gjer det billegare å passere bomringane og bruke bilferje. Du får også betre kontroll og oversikt på passeringane og bompengane/ferjebillettane du betaler.
Viss du bur i by eller tettstad og du parkerer gatelangs lønner det seg å ha ein parkeringsavtale (bebuarparkering eller bustadsonenparkering). Det er som regel billegare og enklare enn å betale for kvar gong.
Besøk nettsidene til kommunen din for å lese meir om parkeringstilbodet der du bur.
Ei ladebrikke eller -app (for elbil eller hybrid) gjer det enklare og billegare å lade bilen. Brikka/appen koplar seg opp mot eit betalingskort så du slepp å knote med betaling kvar gong du ladar. Her er eit utval operatørar som tilbyr lading, stort sett i heile Norge:
Har du kredittkort frå SpareBank 1 og aktiverer tenesta Pengar tilbake, får du cashback kvar gong du bruker kortet. Du får 0,5 % av kjøpesummen tilbake kvar gong du betaler med kredittkortet, og 5 % rente på all opptent bonus du lar stå på bonuskontoen. Bruker du kortet på bensinstasjonar, verkstad, ladestasjonar, dekkhotell eller andre tenester knytt til bilhaldet, blir det fort pengar av sånt!
Ja, har du kjøpt eller solgt ein bil, må den nye eigaren kjøpe bilforsikring før omregistrering av bilen kan utførast. Etter at salgsmedlinga er sendt inn, må kjøparen forsikre bilen med minimum ansvarsforsikring, før hen får betalt omregistreringsavgifta.
Omregistreringsavgifta skal betalast når salsmeldinga er godkjent. Omregistreringsavgift er avgifta du betaler for at bilen eller køyretøyet skal bli registrert på ny eigar. Det er kjøparen av bilen som er ansvarleg for å betale omregistreringsavgifta.
Når ein bil vert seld, vil bilforsikringen til selgaren automatisk avsluttast når salgsmedlinga er godkjent av Statens vegvesen.
Nei, du treng ikkje seie opp bilforsikring, verken om du sel bilen eller vrake den. Når du sel bilen vil bilforsikring bli avslutta automatisk frå den same dagen Statens vegvesen registrerer melding om eigarskifte (salgsmsg) på bilen. Det same gjeld om bilen blir registrert som vraka eller meldt stjålen.
Ved sal, ver merksam på at den som kjøper bilen, også må kjøpe ei eiga bilforsikring før de kan omregistrere bilen til ny eier. Dette er for å unngå dagsgebyret frå Trafikkforsikringsforeningen ved uforsikra registrert køyretøy.
Har seljar gjeld på bubilen, kallast dette heftelsar. Med eit eige billån sørger vi for at gjelda blir sletta og seljaren får det som blir igjen. Aukar du huslånet for å kjøpe bubil, må du sjølv passe på at seljar betalar det han skuldar.
Sjekk om bilen du skal kjøpe har heftelsar i Brønnøysundregisteret. NB: Heftelsen kan vere mindre enn det som står i Brønnøysund. Den er som då den blei registrert, og endrast ikkje i låneperioden.
Er du ung og skal kjøpe din første bil og di første bilforsikring, er det eit par tips det kan vere greitt å vite. Vi har satt saman ein liten guide med nokre viktige tips du bør tenke på i vurderinga di som førstegangskjøpar.
Ansvarsforsikring: Dette er det lovbestemte minimumskravet, som dekkjer skade du påfører andre personar eller deira eigedom dersom du er uheldig. Ansvarsforsikring er påkravd i Norge.
Delkasko: Denne forsikringa dekker i tillegg skadar på bilen din som følgje av brann, tjuveri, glasskade og naturskadar.
Kasko: Dekker det som er nemnt over, og dekker i tillegg skadar på eigen bil som følgje av kollisjon og utforkøyring.
Toppkasko: Denne dekker alt over, i tillegg maskinskade og utvida leigebildekning.
Når du skal velje bilforsikring, er det viktig å vurdere følgjande faktorar:
Verdien av bilen: Om bilen din har høg verdi, kan det vere lurt å vurdere kasko eller toppkasko. For eldre bilar med låg verdi kan det kanskje halde med delkasko. Har du billån med pant i bilen, krev vi at du har minimum kaskoforsikring på grunn av tryggleiken i lånet.
Køyrelengde: Køyrelengda er den distansen du køyrer i løpet av eit år. Vi tilbyr køyrelengder frå 6.000 km til ubegrensa. Om du køyrer mykje, bør du òg vurdere ei forsikring som inkluderer veghjelp og leigebil ved skade.
Eigenandel: Eigenandelen er den summen du må betale for å bruke forsikringa, med nokre unntak der vi har fast eigenandel (f.eks ved veghjelp). Du kan velje kva eigenandel du ønskjer. Jo høgare eigenandel, jo lågare pris på bilforsikringa.
Andre fordelar: Du får opptil 20 % rabatt på bilforsikringa dersom du samlar dine forsikringar hos oss. Er du medlem av eit LO-forbund får du toppkasko til same pris som kasko, samt lågare eigenandel.
Bonus Bonussystemet gjev deg rabatt på forsikring for kvart år du køyrer skadefritt. Hos oss får du 60 % startbonus.
Mange er opptekne av å få den billegaste bilforsikringa for å byggje opp bonus. Men det som er viktig å vite, er prisen etter at alle rabattar er lagde til. Det finst også andre triks for å gjere bilforsikring billegare.
Selje bruktbil? Ved kjøp og sal av bruktbil vil bilforsikringa til seljar automatisk avsluttast frå den dagen Statens Vegvesen registrerar salsmeldinga. Du treng difor ikkje å seie opp bilforsikringa din sjølv. Hugs å avslutte andre avtaler som står på bilen, som til dømes bombrikke og parkeringsavtalar.
Kjøpe bruktbil? For deg som kjøper bruktbil betyr det at du er nødt til å kjøpe ny bilforsikring før du får omregistrert bilen i ditt namn.
Hos oss får du bilforsikring på dagen, eller faktisk på minuttet viss du kjøper på nett. Du kan òg velje kva dato du ønskjer at bilforsikringa di skal gjelde ifrå, om du ikkje har overtatt bilen enno.
Eit bilkjøp er som regel ei stor investering, og det er nokre ting du bør tenke gjennom før du tar eit billån.
Eige båtlån eller auke bustadlånet?
Det er mange som vel å auke bustadlånet i staden for å ta opp eit eige billån. Det har både fordelar og ulemper. Eit bustadlån har lågare renter enn eit billån, men du vil misse den ledige sikkerheita i bustaden til andre ting, som til dømes oppussing eller til å hjelpe barna inn på bustadmarknaden.
Eigenkapital
Viss økonomien din er god nok til å betale dei månadlege lånekostnadane er det fullt mogleg å få billån utan eigenkapital. Vi anbefaler likevel å stille med noko eigenkapital dersom du har moglegheit til det, då rentene blir høgare om du låner heile kjøpesummen.
Nedbetalingstid
Du bør ta ei vurdering på kor lang nedbetalingstid du skal ha på billånet. Kor lang den bør vere avheng av verdien av bilen. Hos oss får du inntil 10 års nedbetalingstid på billån, men det er lurt å passe på at prisen på lånet ikkje er høgare enn det bilen er verd.
Hugs: For at seljar skal få pengane sine må du signere lånepapira og sende inn ei salsmelding med omregistrering. Når det er gjort utbetalar vi lånet og sørger for at heftelsar blir innfridd. Deretter sender vi deg ei stadfesting på at pengane er utbetalt. Etter det er det berre å hente den nye bilen din – gratulerer!
Det er fleire ting du kan gjere for å påverke prisen på bilforsikringane dine. Her er eit par tips som gjer at forsikringane blir billegare:
Jo høgare eigenandel du vel, jo lågare blir prisen på forsikringane.
Jo lågare køyrelengde, jo lågare forsikringspris. Hugs at du kan justere ned køyrelengda dersom du ser at du ikkje kjem til å køyre så langt som du har valt.
Samlar du fleire forsikringar hos oss kan du få inntil 20 % rabatt
Køyrer du skadefritt aukar du bonusen, og bilforsikringane blir billegare. Vår startbonus for førstegangs-kjøparar er på 60 %, eller heile 70 % viss du øvelseskøyrer 2.000 km.
Har du ein eldre bil som ikkje er så dyr bør du vurdere å velge ein billegare bilforsikring, som ansvar eller delkasko framfor kasko eller toppkasko.
Er du over 23 år, i tillegg til at alle som skal køyre bilen er over 23 år? Då vel du dette ved kjøp eller endrar i etterkant, og prisen blir lågare. Hugs at du ikkje treng å velje «ung sjåfør» ved lærekøyring.
Bilmerket og bilmodellen påverkar også prisen ein del. I følge finansavisa er det eksempelvis dyrare å forsikre ein BMW i4 enn ein Toyota RAV4, til tross for at BMW'en er ein billegare bil enn Toyota'en. Prisen påverkast mellom anna av kor ofte bilen får skadar, og kor dyre skadene er.
Kor mykje du kan få i billån, avheng av fleire forhold i økonomien din. Inntekter og utgifter, om du kjøper åleine eller saman med nokon, og om du har barn kan påverke kor stort lån du kan få. Har du noko eigenkapital i form av enten sparepengar eller innbyttebil, kan du låne meir – ofte til ei lågare rente enn om du må låne heile kjøpesummen.
Prøv vår billånskalkulator for å få ein god indikasjon på kva prisen på billånet blir før du søker.
Ja, du kan endre køyrelengda opp eller ned for bilforsikringa di når du sjølv ønsker.
Privatperson? Logg inn i «mine forsikringar», og vel bilen du ønsker å endre køyrelengde for. Der kan du endre køyrelengde og berekne ny pris på bilforsikringa. Ønsker du å oppdatere kilometerstand, kan dette gjerast ein gong i året.
Bedrift? Logg inn til «mine bedriftsforsikringar», og endre kjørelengde og oppdatere kilometerstand for de bilane du ønsker.
Har du køyrt over valt køyrelengde? Logg inn og juster køyrelengda opp. Det er viktig å følge med på at du ikkje køyrer lengre enn den køyrelengda du har sett. Erstatninga kan bli redusert dersom du har køyrt lengre enn avtalt og det skjer ein skade.
Bonus på bilforsikringa kan berre arvast eller delast mellom gifte, sambuarar og partnarar. Det vil sei at barn ikkje kan arve bonusen til sine foreldre. Hjå oss er startbonusen også den høgaste i marknaden - på 60 %. Les meir om reglane for bilforsikring og bonus.
Ripe i lakken Har du vore uheldig og fått lakkskade på bilen i form av ei ripe i lakken eller steinsprut, er du dekka av både kasko og toppkasko bilforsikring. Er du sjølv skuld i eller ikkje veit kven som har skulda må du betale eigenandel ved bruk av forsikringa. Ein lakkskade vil også medføre bonustap, med mindre det er ein parkeringsskade.
Det kan vere lurt å sjekke om det lønner seg å reparere skaden sjølv, då du må betale eigenandel per hending ved bruk av forsikringa. Som kunde får du 15 % rabatt på reparasjon av småskadar hos MPS Bilskade.
Lakkskade etter bilvask Har du fått lakkskade etter bilvask (sjølvvask) gjeld det same som over. Er det ein automatisk vaskehall eller eit eige selskap som har vaska bilen din, må du ta direkte kontakt med dette selskapet. Vi anbefaler at du gjer følgande:
Ta bilete av skadane på bilen og evt. feil på vaskehallen si vaskemaskin, mangelfull eller feil skilting o.l. som bevis, og varsl beteninga hos selskapet som vaska bilen din.
Noter namn og telefonnummer til eventuelle vitner til hendinga.
Noter namn på dei du snakkar med i beteninga, og noter opplysningar som blir sagt. Be om å få informasjon om kvar vaskemaskina eller selskapet er forsikra. Dei fleste bedrifter har ei form for ansvarsforsikring dersom dei blir ansvarlege for skade.
Viss bilnøkkelen er stole eller du ikkje finn den (og ikkje har ein reserve-bilnøkkel) må du kontakte bilforhandlaren din og bestille ein ny bilnøkkel. Har du ein eldre bil utan avansert nøkkelteknologi, kan du òg kontakte låsesmed. Hugs å ha identifikasjon og eigarskapsbevis for bilen din tilgjengeleg.
Hva dekker nøkkelforsikringen i bilforsikringa mi? Vi dekker ny bilnøkkel, programmering og omkoding hos autorisert verkstad/låsesmed, for følgjande typar bilforsikring.
Ved til dømes lukeparkering eller køyring i smale gater kan det vere fort gjort å vere uheldig og kantkøyre felgen mot fortauskanten. Både kasko og toppkasko bilforsikring dekker reparasjon eller erstatning av kantkøyrt felg.
Greitt å vite Det kan vere lurt å sjekke om det lønner seg å reparere felgen eller kjøpe ny felg sjølv, då du må betale eigenandel per hending ved bruk av forsikringa. Det vil også gje bonustap på forsikringa. Som kunde får du 15 % rabatt hos MPS Bilskade, på reparasjon av småskadar som kantkøyrte felgar, steinsprut i lakken o.l.
Bilforsikringa dekker som hovudregel ikkje reparasjon eller erstatning av punkterte dekk. Er dekket puntert på grunn av ein skarp gjenstand som til dømes spiker eller skrue, kan ofte dekte blir reparert. Har du kantkøyrt dekket eller kollidert og skada dekket, så kan du vere dekt av forsikringa.
Viss du får erstatning for eit øydelagt dekk, vil vi erstatta begge dekka på same aksling, med frådrag for alder og slitasje, og dessutan eigenandel.
Ja, vi tilbyr bilforsikring for alle typar Tesla. Du kan velje mellom ansvar, delkasko, kasko og toppkasko. Med elbilforsikring slepp du å bekymre deg viss det skulle skje noko med Teslaen din.
Vel du toppforsikringa vår til Teslaen din får du mellom anna dekning for:
Trafikkforsikringsavgift/årsavgift på elbil o.l.
Elbilar betalar det same i trafikkforsikringsavgift (årsavgift/vegavgift) som bilar med forbrenningsmotor. Dette gjeld også for hydrogenbilar.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}