Betaler du minst 50 % av transportkostnadane for reisa med ditt SpareBank 1 kredittkort, får du gratis reise- og avbestillingsforsikring inkludert på reisa.
Med LOfavør Mastercard har du som er medlem av eit LO-forbund eit eige kredittkort som gir tryggleik året rundt – på jobben, heime, på reise og ved netthandel.
Heilårs reiseforsikring Frå du forlet heimen din – heile året.
Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Reiser med overnatting eller reiser med fly, når minst 50 % av reisa sine transportkostnader er belasta kortet. Eigenandelsforsikringa for leigebil er kun gyldig om du har betalt leigebilen med kredittkortet.
Kor gjeld forsikringa?
Reiseforsikringane gjeld i alle land og stader i verda, utan reiseråd.
Enkeltreiseforsikring (kredittkort) • Kortinnehavar
• Faste husstandsmedlemmar (barn under 21 år) eller inntil tre medreisande
• Det er fleire avgrensingar i dekningane knytt til helse, etter du har fylt 80 år
Kor lenge kan ei enkeltreise vare?
Heilårs reiseforsikring Inntil 70 dagar. Kan utvidast til 90, 120, 180 dagar eller ønske antall veker.
Enkeltreiseforsikring (kredittkort) Inntil 90 dagar.
Kva dekker husforsikringa?
Sjukdom og skade
Dekkes av Heilårs reiseforsikring
Dekkes av Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Sjuk eller skada i utlandet? Kontakt vår alarmsentral SOS International på deira døgnopne telefon: (+47) 22 96 50 45
Dei vil hjelpe deg med å finne nærmaste godkjendte sjukehus eller legekontor og sørge for at du får riktig og nødvendig behandling. Dei hjelper deg med alt frå sjuke barn og matforgifting til brote bein. I tillegg vil dei ta seg av alt det praktiske.
Du er dekt med ubegrensa erstatning for riktig og nødvendig behandling. Denne dekninga opphøyrer etter du fyller 80 år for reiseforsikring i Mastercardet (enkeltreiseforsikringane).
Dekker blant anna tjuveri, brann og mista innsjekka bagasje, med nokre få unntak. Dekker personlege eigendelar du har med deg på reisa eller turen ut av huset.
Heilårs reiseforsikring Ubegrensa samla sum (inntil 40.000 kroner per enkeltgjenstand).
Enkeltreiseforsikring (kredittkort) Inntil 30.000 kroner samla per skadetilfelle (inntil 10.000 kroner per enkeltgjenstand).
Hvis du for eksempel må avbestille reisa di på grunn av akutt sjukdom, vil du få igjen det du har betalt for reise og opphald. Les om avbestillingsforsikringa.
Heilårs reiseforsikring Ubegrensa erstatning.
Enkeltreiseforsikring (kredittkort) Inntil 50.000 kroner. Dekninga opphøyrer etter du fyller 80 år.
Heilårs reiseforsikring Inntil 6.000 kroner per person.
Enkeltreiseforsikring (kredittkort) Inntil 1.500 kroner per person. Inntil 4.000 kroner per skadetilfelle.
Innhenting ved sjukdom
Dekkes av Heilårs reiseforsikring
Dekkes av Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Heilårs reiseforsikring Inntil 150.000 kroner per skadetilfelle.
Enkeltreiseforsikring (kredittkort) Inntil 20.000 kroner per skadetilfelle.
Forsinka bagasje
Dekkes av Heilårs reiseforsikring
Dekkes av Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Viss bagasjen din er forsinka med meir enn 4 timar ved utreise, får du erstatning. Forsinka bagasje ved heimreise
Heilårs reiseforsikring Inntil 5.000 kroner per person.
Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Inntil 3.000 kroner per person.
Tapte feriedagar
Dekkes av Heilårs reiseforsikring
Dekkes av Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Gir kompensasjon for tapte feriedagar, dersom du får ferien avbroten på grunn av sjukdom eller ulykke:
viss du blir lagt inn på sjukehus eller transportert heim på grunn av sjukdom/ulykke. Heilårs reiseforsikring: Ubegrensa inntil reisas lengde (inntil 2.000 kroner per person per døgn). Enkeltreiseforsikring (kredittkort): Inntil 25.000 kroner (inntil 1.000 kroner per person per døgn). Dekninga opphøyrer etter du fyller 80 år.
dersom du blir sengeliggande meir enn 3 døgn (med bekrefting frå legen som behandla deg på staden). Begge reiseforsikringane dekker inntil 10 dagar (inntil 750 kroner per person per døgn).
Eingangsutbetaling ved ulykke/død
Dekkes av Heilårs reiseforsikring
Dekkes av Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Ulykkesdekninga som gir rett til ei eingangsutbetaling ved død og ved varig medisinsk invaliditet. Den dekker ulykkesskader ved utandørsaktivitetar og fritidsaktivitetar, og du er forsikra både på reise og ved heimeulykke.
Eingangssummen reduserast etter fylte 70, og opphøyrer etter fylte 75 år.
Skade på leigebil
Dekkes av Heilårs reiseforsikring
Dekkes av Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Dekke eigenandelen (iht. leigekontrakt) du må betale til utleigeselskapet viss du får skade eller tjuveri av leigebil på ferie-, fritids- eller jobbreise i utlandet og i Norge.
Heilårs reiseforsikring Ubegrensa erstatning.
Ei enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Inntil 12.000 kroner per skadetilfelle, dersom leigebilen er betalt med kredittkortet.
Les meir om eigenandelsforsikring på leigebil
Skade på mobiltelefon
Dekkes av Heilårs reiseforsikring
Dekkes ikke av Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Dekker fysisk skade på privat mobiltelefon, som eksempelvis reparasjon av knust skjerm og øydelagt mobil.
Dekker ikkje vasskader.
Kundefordelar
SmartDelay+
Dekkes av Heilårs reiseforsikring
Dekkes ikke av Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Er flyet ditt forsinka med meir enn 1 time får du fri tilgang til flyplassen sin lounge eller ei utbetaling. Hugs å registrere flyginga minst to timar før avgang!
Les meir om SmartDelay+ og korleis du registrerer deg.
Reise-SMS
Dekkes av Heilårs reiseforsikring
Dekkes ikke av Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Få SMS når du kjem til eit nytt land, med påminning om kva du skal gjere, og kvar du kan få hjelp. Døgnet rundt, i heile verda.
Les meir om Reise SMS og korleis du aktiverer dette.
Eigenandelar og frådrag
Reisegods og behandlingsutgifter
Heilårs reiseforsikring Ingen eigenandel, men unntak av tjuveri og skade på mobiltelefon som er på 2.000 kroner.
Ei enkeltreiseforsikring (kredittkort)
• Reisegods 500 kroner
• Behandlingsutgifter ved ulykke 500 kroner
Rettshjelp
Heilårs reiseforsikring 4.000 kroner i eigenandel.
Enkeltreiseforsikring (kredittkort)
Ingen eigenandel.
Aldersfrådrag for mobil, sykkel, briller og el-utstyr
For nokre gjenstandar som er kjøpt nye er det aldersfrådrag ved erstatning.
Ei reiseforsikring kan dessverre ikkje dekke alle typar hendingar, då hadde det blitt veldig dyrt med forsikring. Her er eit par ting reiseforsikringa ikkje dekker som det er viktig å vere klar over, så du ikkje får deg ei overrasking om uhellet skjer:
Er du over 80 år, dekker ikkje reiseforsikring i kredittkortet reisesjuke, heimtransport, avbrotne reiser, behandlingsutgifter etter ulykke og avbestilling av reise.
Både reiseforsikringsbeviset og reisekortet ditt finn du ved å logge inn i «mine forsikringar», mobilbanken eller i nettbanken.
Logg inn så kan du laste ned, skrive ut, få det tilsendt på epost eller få tilsendt i posten. Etter du er logga inn finn du reisekortet og informasjon under: Forsikringsoversikt > Mine forsikringar > Reiseforsikring > Til reisekortet.
Har du enkeltreiseforsikring via Mastercardet ditt finn du reiseforsikringsbeviset under: Mastercard > Fordelar > Reisefordelar
Reisegods er personlege eigedelar du tar med deg når du reiser eller forlet huset. Forsikringa dekker blant anna tjuveri, brann og mista innsjekka bagasje, med nokre få unntak.
Med vår heilårs reiseforsikring er det ingen øvre grense for kor mykje du totalt kan få i erstatning for reisegods. For enkeltgjenstandar er erstatninga avgrensa til 40.000 kroner per enkeltgjenstand. For kontantar, pass og reisedokument er erstatning inntil 15.000 kroner per person.
For enkeltreiseforsikringa i kredittkortet er den totale forsikringssummen 30.000 kroner, og erstatninga er avgrensa til maksimalt 10.000 kroner per enkeltgjenstand.
Følgande eigendelar erstattast som éin enkeltgjenstand: (eksempel: tar du med deg 5 dyre smykke på reise med heilårs reiseforsikring, er makserstatninga på 40.000 kroner til saman for alle smykka).
Smykker, klokker, pelsverk og bunad.
Elektronisk utstyr med tilbehør.
Musikkinstrument med tilbehør.
Sports-/fritidsutstyr.
Våpen med tilbehør.
Køyreutstyr til motorkøyretøy.
Har du ekstra verdifulle ting? Gjenstandar utover det som står nemnt over vert erstatta med inntil 40.000 kroner per gjenstand i heilårs reiseforsikring (10.000 for enkeltreiseforsikring). Har du verdisaker som for eksempel sykkel, briller, smykker eller klokker som er verdt meir, så anbefaler vi å forsikre dei med verdisakforsikring. Då får du igjen heile verdien, i tillegg til at du er dekt for fleire hendingar.
Følgande gjenstandar er ikkje ansett som reisegods, og er difor ikkje dekka av reiseforsikring:
Motorkøyretøy og campingvogn/tilhengar samt utstyr til dette.
Køyre-/sikkerheitsutstyr til motorkøyretøy når dette er i bruk, eller når det oppbevarast saman med køyretøyet.
Båt med tilbehør. Kano, kajakk og segl-/surfebrett reknast ikkje som båt.
Fallskjerm-, basehopputstyr-, hang-/paraglider- og liknande med tilbehør.
Nei, reiseforsikringa gjeld ikkje viss det er utstedt reiseråd for landet eller område i landet du besøker. Eit reiseråd frå UD er ein reiseadvarsel og betyr i bunn og grunn «ikkje reis».
Kvifor gjeld ikkje reiseforsikringa? Når UD (Utenriksdepartementet) kjem med reiseråd, betyr det at norske styresmakter ikkje reknar det som trygt for norske borgarar å vere i dette landet eller området. Det er UD som bestemmer kva som er trygt for norske borgarar i utlandet, og dermed er det UD vi viser til i forsikringsvilkåra våre.
UD kjem med reiseråd til område der det er uro, som til dømes epidemi, terror, krig og naturkatastrofe. Dette vil påverke blant anna infrastruktur og helsevesen, og dermed også evna vår til å tilby deg hjelp. Vi ønsker at du skal kunne reise med full tryggleik og garanti om hjelp dersom noko skulle skje, utan unntak. Derfor vil vi heller ikkje oppmode deg til å reise til områder som ikkje er trygge.
Det viktigaste ved ei reiseforsikring er hjelp ved akutt og uventa sjukdom eller skade. Viss du vert sjuk eller skader deg, er det viktig at reiseforsikringa vår kan hjelpe deg med nødvendig hjelp raskt. Reiseforsikringa er difor kun gyldig viss UD opphevar reiserådet for landet eller området.
Kva med avbestilling eller heimreise? Viss reiserådet kom etter du bestilte reisa din, er du dekka av avbestillingsforsikringa. Viss du alt er på reise når det kjem eit reiseråd for området du befinn deg i, vil forsikringa dekke meirutgifter for å reise heim.
Kvar i verda gjeld reiseforsikring? Reiseforsikringa gjeld i heile verda, til alle land som ikkje Utanriksdepartementet frårår å reise til. Den gjeld frå du går ut døra heime, anten du skal på ferie, besøke familie eller berre ein tur i butikken. Reiseforsikringa gjeld derimot ikkje når du befinn deg:
I heimen din
På fast arbeidsstad i arbeidstida
På studie-/undervisningsstad, SFO eller barnehage
I militærteneste
På ekspedisjonar, som eksempelvis: turar til Arktis, Antarktis, Sibir, Amazonas, Himalaya, Andesfjella, Nord-Canadas villmark, skitur over Grønland og sykkel/rally gjennom Sahara.
Kor lenge gjeld reiseforsikring? Reiseforsikringa gjeld så lenge du har reiseforsikring, men har ei avgrensa varigheit når det gjeld enkeltreiser. Standard varigheit for enkeltreiser er 70 dagar, men varigheita kan bli utvida til 90, 120 eller 180 dagars reiseforsikring. Det er også mogleg å kjøpe utvida reisevarigheit per veke for enkeltreiser. Ta kontakt med oss om du ser at reisa di vert lengre enn varigheita du har valt.
Er du usikker på kva varigheit du har valt for reiseforsikringa di? Logg inn til reiseforsikringa di i «mine forsikringar»
Ja, reiseforsikringa dekker visse typar ekstremsport og andre risiko-aktivitetar, som er ein typisk eingongsaktivitet i samband med ei ferie- og fritidsreise.
Du kan også ende opp med heile eller delar av rekninga sjølv, dersom aktiviteten utførast grovt uaktsamt (som for eksempel under ekstreme vêrforhold som sterk vind eller ekstreme bølger). Dersom det skulle skje ei ulukke kan du vere dekka for:
*Dekker ikkje organisert luftsport der du utøver aktiviteten i regi av klubb, foreining eller arrangør.
Reiseforsikringa dekker:
Basehopping
Dykking djupare enn 40 meter
Friklatring
Wingsuit flying
Kamp- og sjølvforsvarssport
Hastigheitsløp med motorkøyretøy
Ekspedisjonar
Høgdeopphald høgare enn 6.000 meter
Dersom du planlegger å gjennomføre aktivitetar reiseforsikringa ikkje dekker, bør du skaffe deg ei eiga spesialforsikring via organisasjonen eller bedrifta som tilbyr aktiviteten.
Nei, reiseforsikringane dekkjer ikkje avbestilling av flybillettar, hotell, arrangement eller liknande i samband med ein konkurs.
Pakkereiser kan vere dekkja av Reisegarantifondet så lenge reiseselskapet du kjøpte reisen av er medlem. Sjå liste over alle som er medlem av reisegarantifondet.
Dobbel forsikring betyr at du har to av same forsikring. Mange er dobbeltforsikra utan at dei er klare over det. Verken forsikringsselskapa eller forsikringsformidlarar kan heller ikkje vite dette, då denne informasjonen ikkje delast mellom dei.
Ved dobbel forsikring på skadeforsikringane dine vil du aldri få dobbel utbetaling ved skade. Mens ved dobbel forsikring på personforsikringane er utbetalingane annleis. Du kan til dømes ha to livsforsikringar (eller fleire), som alle blir utbetalt ved dødsfall i samsvar med vilkåra.
Dekt av andre i familien Mange er forsikra via ektefelle eller sambuar utan at dei er klare over det. Både innbuforsikringa og reiseforsikringa kan utvidast til å gjelde heile familien.
Dekt av arbeidsgjevar Sjølv om det vanlegaste er å ha personalforsikringar via arbeidsgjevar, kan du også vere dekt av arbeidsgjevars reiseforsikring. Denne kan også dekke heile den tilsette sin familie dersom arbeidsgjevar har valt dette.
Dekt av andre forsikringar Mange får tilbod om å kjøpe spesialforsikringar som til dømes leigebilforsikring, idiotforsikring, skjermforsikring eller forsikring mot id-tjuveri. Veldig mange har allereie desse dekningane inkludert i innbu- eller reiseforsikringane sine. Sjå kva for forsikringar du ikkje treng.
Kva kan eg gjere? Mistenker du at du er dobbeltforsikra, anbefalar vi deg å kartlegge alle forsikringane dine.
Sjekk om du er forsikra via medlemskap i forening eller forbund.
Hør med arbeidsgjevar om kva for personalforsikringar du er dekt av.
Snakk med ektefelle/sambuar om kva for forsikringar hen har (også via hens arbeidsgjevar).
Er du usikker kan du kontakte oss så skal vi prøve å hjelpe deg å rydde opp. Det kan også hende det lønner seg å samle alle forsikringane ein stad.
Overforsikra/underforsikra Ved overforsikring betyr det at du har unødvendige forsikringar, dobbeltforsikring eller for høg forsikringssum. Ved underforsikring betyr det at du risikerer sjølv å betale for ein del av risikoen du i utgangspunktet ønsker å vere forsikra mot. Eit eksempel på å vere underforsikra: Du kjøper eit hus og forsikrar dette. Etter nokre år bygger du garasje på den same tomta, men gløymer å legge til garasjen i forsikringsavtalen for huset. Ved skade på hus og garasje vil du måtte betale for skadane på garasjen sjølv.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}