Vil du ha meir i pensjon?

Små beløp kan bli store over tid. Startar du tidleg med pensjonssparing, kan du få meir å leve av den dagen du blir pensjonist.

Jente med laptop som skjønar ho får meir i pensjon ved å spare

Korleis fungerer pensjon?

Pensjon er pengane du skal leve av når du blir pensjonist. Men visste du at mange berre får rundt halvparten av løna si i pensjon? Er dette nok for deg og det livet du drøymer om som pensjonist?

Kort forklart er pensjonen din sett saman av tre delar:

  • Folketrygda – pensjon frå staten som skal sikre deg inntekt når du blir pensjonist.
  • Frå jobb – pensjon som arbeidsgjevaren din sparer til deg medan du er i arbeid.
  • Eigen sparing – pengar du sjølv vel å spare til pensjon.

Saman utgjer dette inntekta du skal leve av når du sluttar å jobbe. Jo sterkare alle tre er, jo betre økonomi får du som pensjonist. Den delen du enklast kan påverke sjølv, er eigen sparing.

Korleis få meir i pensjon?

Å spare sjølv kan ha mykje å seie for korleis du får det som pensjonist. Startar du tidleg med pensjonssparing, jobbar tida i medvind for deg. Du rekk å spare meir og pengane kan gi meir avkastning.

Kor mykje kan du forvente å få utbetalt i pensjon dersom du sparer sjølv?

Set du opp sparinga i dag, kan du spare over ei halv million kroner til du går av med pensjon. Men dette er sjølvsagt avhengig av kor gamal du er når du startar sparinga, og kor mykje du set av i månaden til pensjonssparing. 

Marianne Christensen

Pensjonsekspert

SpareBank 1 Forsikring

Marianne har jobba med pensjon i SpareBank 1 Forsikring i over 15 år. Ho brenn for å gjere pensjon enkelt for folk flest – og til og med litt gøy!

Pensjon, Sparing, Økonomi, Leiing

marianne.christensen@sparebank1.no

Vi ser ei sterk auke i sparing til pensjon, men framleis er det mange som blir overraska over kor lite dei faktisk får utbetalt i pensjon utan eigen sparing. Det som kanskje overraskar mest, er korleis små beløp kan vekse seg store når dei får tid til å jobbe over mange år.

Kva sparar andre på din alder til pensjon?


Alderen din

Månadleg sparing

Årleg sparing

Når du blir 67 år
20 år400 kroner4800 kroner 845.000 kroner
30 år700 kroner8400 kroner820.000 kroner
40 år1100 kroner13.200 kroner679.000 kroner
50 år2000 kroner24.000 kroner577.000 kroner
Er du 30 år og sparer det dobbelte – altså 1400 kroner i månaden, betyr det ca. 1.640.000 kroner når du er 67 år. Det er mykje pengar!

Hugs at alle beløpa er før skatt.

For å kunne vise kva sparinga di kan bli bruker vi

  • felles bransjeregler for å rekne ut forventa årleg avkastning. Satsane som er brukte er:
    • Aksjar 6,5 %
    • Renter 2,75 %
  • produktet Pensjonssparekonto med alderstilpassa spareprofil. Ein alderstilpassa spareprofil inneber at risikoen justerast over tid ved at andelen aksjefond gradvis reduserast, og andelen rentefond aukast etter kvart som du blir eldre.
  • historisk data frå våre system, som viser kva andre på din alder har sparte i perioden 2021-2025.

Tala i dømet er ingen garanti. Avkastninga kan bli både høgare og lågare enn vist, og avhenger av korleis marknaden utviklar seg over tid.

Døme: Viss du er 20 år og sparer 400 kroner i månaden, kan du forvente å ha rundt 845.000 kroner når du blir 67 år. Det er likevel ingen garanti. Det faktiske beløpet du endar opp med kan bli både meir eller mindre, men i dei aller fleste tilfelle vil beløpet ligge eit stader mellom 291.000 og 2.727.000 kroner.

Bli klok med pensjonskalkulatoren!

I filmen forklarer vi hvordan du kan sjekke din egen pensjon, og hvordan du kan sitte igjen med litt mer

Video placeholder image

Kva med pensjon frå arbeidsgivar?

Alle arbeidsgjevarar i Norge må spare til pensjon for sine tilsette. Arbeidsgjevarane bestemmer kor stor del av løna di som skal settast av til pensjonssparing. Det er store forskjellar på kor mykje arbeidsgivarar sparer for deg, noko som vil ha stor betydning for deg og din framtidige pensjon.

For private pensjonsordningar betyr dette at arbeidsgivar legg til ein sum pengar til pensjonen din. Beløpet blir ikkje trekt frå lønna di, men kjem som ein bonus utbetalt i framtida.

Smarte damer tar grep om pensjonen sin

Kvinner får i snitt fortsatt lågare pensjon enn menn. Ei viktig årsak er at mange jobbar mindre gjennom livet. Heldigvis er det fleire kvinner som tek grep om eigen pensjon. Her får du tips som gjer det enkelt å kome i gang.

Kva lurer andre på?

Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?
Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema, enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.

Skal du starte utbetaling av pensjonen din?
Her finn du informasjon og kan starte utbetaling.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }