Pensjonsalder
67 år vert rekna som vanleg pensjonsalder i Norge, sjølv om mange vel å gå av med pensjon både tidlegare og seinare.
Du kan sjå på pensjonsalder som ein fase med fleire moglege val, ikkje berre som ein sluttdato for arbeidslivet.
67 år vert rekna som vanleg pensjonsalder i Norge, sjølv om mange vel å gå av med pensjon både tidlegare og seinare.
Du kan sjå på pensjonsalder som ein fase med fleire moglege val, ikkje berre som ein sluttdato for arbeidslivet.
Pensjonsalderen i Noreg er 67 år. Har du nok pensjonsopptening, kan du òg ta ut pensjon frå 62 år. Valet du tek påverkar kor mykje du får utbetalt resten av livet.
Dagens reglar har opna for større fleksibilitet for når du går av med pensjon. Du kan velje å
Pensjonsalder sier noko om når du kan ta ut pensjon, medan pensjoneringsalder handlar om når du faktisk går av frå jobben.
Uttaksalder handlar om når du startar utbetaling av pensjon. Det kan skje før, samtidig med eller etter at du sluttar å jobbe.
Den generelle aldersgrensa i arbeidslivet er 72 år. Når du fyller 72, kan arbeidsgjevar velje å avslutte arbeids-forholdet på grunn av alder.
Pensjonsalder i Noreg vert styrt av fleire aldersgrenser, varierer etter fødselsår og er under gradvis endring.
I Norge blir 67 år rekna som normal pensjonsalder, men du kan velje å ta ut pensjon tidlegare eller seinare, avhengig av situasjonen din.
Fire viktige aldre:
| Alder | Hva betyr det? |
| 62 år | Lavaste alder for å ta ut pensjon. Forutsett at du har høg nok pensjonsopptening. |
| 67 år | Alder der alle har rett til å ta ut pensjon. |
| 72 år | Den generelle aldersgrensa i arbeidslivet. |
| 75 år | Øvre alder for pensjonsopptening. |
Kva for pensjonsreglar som gjeld for deg, avhenger av kva år du er fødd. Pensjonssystemet er endra over tid, og ulike årskull har difor ulike rammer.
Kva som gjeld for ditt årskull kan du lese meir om på nav.no
Pensjonssystemet er tilpassa at vi lever lenger enn før. Det betyr at aldersgrensene i pensjonssystemet og forventningar til kor lenge vi jobbar endrar seg over tid.
1. januar 2026 auka den generelle aldersgrensa i arbeidslivet frå 70 til 72 år. Endringa er ei tilpassing til auka levealder og eit meir fleksibelt og inkluderande arbeidsliv. Målet er å gi fleire moglegheit til å jobbe lenger, om dei ønskjer det.
Ja, nokon kan ta ut pensjon frå 62 år, men ikkje alle.
For å ta ut pensjon før 67 år må du ha tent opp nok pensjon til at den samla utbetalinga når eit fastsett minstenivå. Dette kravet er der for å sikre at du har ein trygg inntekt og i seinare i livet.
Dette må du vite:
Den enklaste måten å finne ut om du kan ta ut pensjon frå 62 år, er å sjekke dine eigne tall hos NAV.
Fleksibel pensjonsalder betyr at du kan tilpasse når og korleis du går frå arbeid til pensjon.
Nokon kan starte uttak tidleg i 60‑åra, medan andre må vente lenger. For dei fleste handlar det ikkje om eit val mellom to faste alternativ. Vi anbefaler at du bruker litt tid på å sette deg inn i konsekvensane ved både sein og tidleg pensjonsalder før du bestemmer deg.
Val når du blir 62 år:
Mange har nytte av å begynne å planlegge pensjon fleire år før dei ser for seg å slutte i jobb. Det er vanleg å stille spørsmål som:
Tidleg pensjonsalder kan gi meir fridom og ein mjukare overgang ut av arbeidslivet, men krev at du har tenkt gjennom økonomien over tid.
Seinare pensjonsalder kan gi større fleksibilitet, fleire valmoglegheiter og betre økonomisk handlingsrom lenger fram.
Ønsker du å snakke med ein rådgjevar om pensjonen din? Rådgjevarane våre er her for å hjelpe deg.
Å pensjonere seg kan bety ulike ting. For nokon betyr det å slutte heilt i jobb, medan andre meiner å starte uttak av pensjon.
I dagens pensjonssystem er det mogleg å
Det betyr at tidspunktet for når du sluttar å jobbe, og når du startar uttak av pensjon, ikkje nødvendigvis er det same.
I Norge kan dei fleste ta ut pensjon frå 67 år, og nokre kan ta ut pensjon frå 62 år.
Sjå også:
Kva består pensjonen min av?
Kor mykje er full pensjon?
I kva rekkefølge bør eg ta ut pensjonen min?
Det finst ikkje eitt enkelt svar på kor mykje «full pensjon» er. Kor mykje du får i pensjon, avheng av fleire forhold gjennom livet. Dei to viktigaste er opptening, altså kor mykje som sparast, og alderen din når du startar å ta ut pensjon.
Full pensjon består vanlegvis av tre delar
1. Folketrygda (offentleg pensjon)
For å få full alderspensjon frå folketrygda, må du ha 40 års opptening i Norge Har du hatt låg eller ingen inntekt, kan du ha rett til garantipensjon.
Kor mykje du får i pensjon frå Folketrygda, avhenger blant anna av
Folketrygd blir tent opp for lønn opp til 7,1 G (1 G er 124.028 kroner).
G er forkortinga for «grunnbeløpet i folketrygda» og er beløpet alle ytingar i folketrygda blir rekna ut frå.
Les meir om alderspensjon hos nav.no
2. Tenestepensjon frå arbeidsgjevar
Dei fleste arbeidsgjevarar sparer til pensjon for deg gjennom ei pensjonsordning. Det finst ikkje eit fast beløp som definerer «full pensjon» i denne samanhengen – det er individuelt.
Kor mykje du får i pensjon frå arbeidsgivar, avhenger blant anna av
Tenestepensjon blir tent opp for lønn opp til 12 G (1 G er 124.028 kroner).
G er forkortinga for «grunnbeløpet i folketrygda» og er beløpet alle ytingar i folketrygda blir frå rekna ut.
Her kan du lese meir om pensjon frå arbeidsgjevar
3. Eiga sparing
For mange vil det vere nødvendig å spare sjølv for å få den pensjonen dei ønsker. Egen sparing er alt du har skaffa deg av verdiar fram til du går av med pensjon, minus det du måtte ha att av lån/gjeld.
Element som påverkar denne summen, er
Tips:
Du kan bruke pensjonskalkulatoren for å få eit personleg estimat på kva som kan bli full pensjon for deg.
Kva rekkefølge du bør ta ut pensjonen din er avhengig av kva pensjonsprodukt du har, når du ønsker å gå av med pensjon og kor mykje du føler at du treng som pensjonist. Råda her må derfor sjåast på som generelle og rettleiiande. Det viktigaste er at du skaffar deg oversikt over din pensjon, vurderer kva som er viktig for deg og legge ein plan for livet ditt som pensjonist. Vi vil på eit generell plan anbefale følgjande rekkefølge.
1. Avtalefesta pensjon (AFP)
Dersom du har ein avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor kan det løne seg å ta ut den først ettersom dette er ei livsvarig utbetalingsavtale. Eit av vilkåra for å starte uttak på avtalefestet pensjon (AFP) er at du må starte uttak på alderspensjonen frå folketrygden med minst 20 prosent. Du har moglegheita til å stoppe eller endre denne etter ein månad utan at det påverkar utbetalingen av din avtalefestet pensjon (AFP).
2. Alderspensjon frå folketrygden/NAV
Etter å ha starta avtalefestet pensjon (AFP) vil vi anbefale å starte uttak på din alderspensjon frå folketrygden. Denne blir betalt ut av NAV. Dette er ofte den største delen av pensjonen og er eit resultat av kor mange år du har vore i arbeid og kor høg inntekt du har hatt.
3. Fripolise og Ytelsespensjon
Dersom du sluttar i jobben eller byter arbeidsgjevar blir ytelsespensjonen din gjort om til ein fripolise, desse produkta stammar derfor frå same type pensjonsordning.
Etter avtalefesta pensjon (AFP) og alderspensjon frå folketrygda, kan det vere fornuftig å starte utbetaling på fripoliser og ytelsespensjon. Årsaka er at dine etterlatne ikkje arvar pengane frå ei ytelsesordning. Dersom du døyr før pengane er utbetalt vil verdiane på desse produkta tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
4. Hybridpensjon og pensjonsbevis
Pensjonsbevis er ein hybridpensjon frå ein tidlegare arbeidsgivar. Etterlatte vil heller ikkje arve pengane frå ei hybridordning. Dersom du døyr før pengane er utbetalte vil verdiane på desse produkta på same måte som ein ytelsespensjon tilfalle forsikringskollektivet. Hybridpensjon er ei ny ordning som gjer at det stort sett er avgrensa med opptening. Dette kan tale for å vente med uttaket.
5. Innskotspensjon, pensjonskapitalbevis og eiga sparing
Pensjonskapitalbevis er ein opptent innskotspensjon frå ein tidlegare arbeidsgjevar og er, saman med eiga sparing, avtalene du bør vente lengst med å ta ut. Årsaka til dette er at dersom du døyr før pengane er utbetalt vil verdiane på avtalen gå til dine arvtakarar. I tillegg har desse avtalane som regel ikkje livsvarig utbetaling, det kan derfor vere ein fordel å vente med desse.
Pensjonsalderen i Noreg er 67 år. Har du nok pensjonsopptening, kan du òg ta ut pensjon frå 62 år.
For å ta ut pensjon før 67 år må du ha tjent opp nok pensjon til at den samla utbetalinga når et fastsett minstenivå. Dette kravet er der for å sikre at du har ein trygg inntekt òg seinare i livet. Men hugs at ein tidleg start av pensjonsutbetalinga som regel vil gje mindre utbetalt i årleg pensjon.
Sjå også
Når kan eg pensjonere meg?
Pensjon frå arbeidsgjevar?
Pensjonsutbetaling
Pensjon frå folketrygda, offentleg tenestepensjon og obligatorisk tenestepensjon frå private verksemder blir skatta som pensjonsinntekt. Den er tilnærma lik den du betaler som lønnsmottakar, men med lågare trygdeavgifter. Det er den samla inntekta di som avgjer kva du vil måtte betale i skatt på pensjon.
For å finne ut kor mykje skatt du skal betale på pensjonen din, må du sjå på tre ting: alminneleg inntekt, trygdeavgift og frådrag.
Du kan lese meir om skattereglar for pensjonistar hos Skatteetaten.
Sjå også
Skatt på pensjon