Kva forsikringar treng familien? Plutseleg er det ikkje lenger berre deg sjølv og partnaren din å ta omsyn til. Det får naturlegvis også konsekvensar for kva forsikringar de burde ha. Her er ei oversikt over kva som er viktigast.
Livsforsikring er noko de begge burde ha når de eig bustad saman. Det kan ikkje ta bort sorgen etter eit dødsfall, men det sørgjer for at økonomien ikkje treng å bli ei ekstra belastning i ei elles vanskeleg tid.
Livsforsikringa kan bidra til at familien din har råd til å betale ned lån og dermed kan fortsetje å bu heime.
Ein alvorleg sjukdom kan endre livssituasjonen dramatisk. Økonomiske bekymringar er det siste de ønskjer å tenke på då. Ei god forsikring ved kritisk sjukdom kan gi familien økonomisk tryggheit og handlefridom i ei vanskeleg periode.
Mange brukar erstatninga på helsebringande aktivitetar eller tilleggsbehandling på private klinikkar, eller gir seg sjølv eller partnaren litt pusterom i etterkant av for eksempel eit tøft kreftløp. De har råd til å kunne ta dykk ulønna fri frå jobb for å kome dykk til hektene igjen – noko som kan vere eit behov for partnaren like mykje som for den som har vore sjuk.
Dei fleste baserer utgiftene sine på ei fast inntekt. Fell ein av dykk utanfor arbeidslivet på grunn av sjukdom eller ein ulykke, vil de ikkje lenger få den same lønna kvar månad.
Gjennom NAV er du dekt for tap av inntekt ved uføre, men dei dekker ikkje heile inntekta du hadde då du jobba. Maksimal uføretrygd frå NAV er 66 % av 6 G, noko som svarer til ca. 500.000 kroner. Det vil sei at jo høgare inntekt du har før du blir ufør, jo høgare blir også inntektstapet.
Difor er dette ei smart forsikring for deg som er forhaldsvis ung og har mange år igjen å jobbe. Uføreforsikringa hjelp deg og familien til å oppretthalde den levestandarden de har i dag, og de kan fortsetje å betale ned bustadlån og annan gjeld som før.
Ei barneforsikring gir økonomisk tryggleik viss barnet ditt skulle bli alvorleg sjuk eller utsett for ei ulykke. Forsikringa kan kjøpast for barn mellom 2 månader og 16 år, og opphøyrer ved fylte 26 år.
Barneforsikringa inkluderer blant anna gratis døgnopen helsetelefon – noko mange nyttar for å konsultere seg med fagpersonar når dei har sjuke barn. I tillegg har vi inkludert AV1-robot i barneforsikringa. Det betyr at barn som er langtidssjukmeldte kan få med seg undervisninga frå klasserommet og vere med vener frå sjukesenga.
Uførepensjon og uførekapital kan inkluderast i barneforsikringa. Då vil barna dine få moglegheit til å vidareføre uførepensjon og uførekapital til voksendekningar når dei er 26 år, utan å levere ny helseerklæring.
Uavhengig av om du er på reise utanlands eller innanlands, dekker reiseforsikringa deg frå du går ut døra heime. Reiseforsikringa gjeld uansett om du er på ein kort tur til butikken, eller på lengre reiser.
Mange arbeidsplassar dekker reiseforsikring for sine tilsette, dette kan vere lurt å sjekke ut. Nokre arbeidsplassar dekker også for partnar og/eller barn.
I reiseforsikringa si familiedekning, sikrast barna automatisk gjennom foreldre. Det vil seie at dei ikkje treng å skaffe seg si eiga reiseforsikring, før dei fyller 20 eller registrerer flytting i folkeregisteret.
Plutseleg har de litt større verdiar innandørs. Kanskje har de fått fint servise i bryllaupsgåve? Sikre difor at familien er godt nok sikra gjennom innbuforsikringa. Den dekker alle tinga de har i heimen, samt tjuveri av sykkel og barnevogn innanfor Norden.
Standard innbuforsikring dekker som hovudregel tinga dine ved brann, tjuveri og vasskade, medan topp innbuforsikring i tillegg dekker fysisk skade på tinga dine viss de har hatt uhell/uflaks. Toppdekninga gir utvida dekning på fleire område, og det er høgare forsikringssum på enkelte element, og dessutan at ho dekker sanering av veggdyr og skjeggkre.
Viss de har bil er de òg pålagde å ha bilforsikring. Ansvarsforsikring er eit lovpålagd minimum. I tillegg kan de utvide bilforsikringa avhengig av kor gammal bilen er og kor viktig den er i kvardagen.
Er borna i gang med lappen?
Ved øvingskøyring treng de ikkje justere bilforsikringa for sjåfør under 23. Hugs å logge køyretimane, så får dottera/sonen dykkar 70 % startbonus når dei kjøper sin eigen bil.
Våre kaskoforsikringar for båt og kaskoforsikring for campingvogn har feriegaranti, som betyr at de får dekt alternativ overnatting i opptil 15 dagar viss det skulle skje noko med båten eller campingvogna etter påbegynt ferie.
Med helseforsikring kjem du raskt til behandling ved sjukdom eller skade. Ein personlig sjukepleiar ordner alt det praktiske og sørger for at du kjem til rett spesialist, utan eigenandel.
I tillegg får heile familien gratis tilgang til døgnopen helsetelefon, og bruk av forsikringa er skattefritt.
Har de ting som er veldig dyre løner det seg å forsikre akkurat desse tinga. Har de heilt vanlege syklar, som dei fleste kanskje har, går denne inn i Innbu- og reiseforsikringane dykkar. Men har de ein dyr sykkel, over 40 000 kroner, burde de ha eiga sykkelforsikring for å få erstatta sykkelen viss den skulle bli stolen.
Ein verdisakforsikring er også noko de bør vurdere viss de til dømes har ekstra dyrt datautstyr, klokker, fotoutstyr, bunader eller andre dyre ting som smykker.
Har de hund, katt eller hest? Veterinærbesøk kan fort bli svært kostbart. Ei dyreforsikring dekker plutseleg sjukdom og ulykkesskade. Det kan vere alt frå forgifting og fallulykker, til fraktur på tenner og infeksjonar.
For mange kan behandlinga bli så dyr at ei forsikring i ytterste konsekvens kan vere forskjellen på om de har råd til å behandle dyret eller ikkje. Veterinærforsikringa dekker utgifter i samband med veterinærbehandling. Livsforsikringa gir erstatning viss kjæledyret blir borte, døyr eller må avlivast.
Inkludert i forsikringa får de tre gratis videosamtalar i året med dyktige veterinærar hos FirstVet viss det skulle skje noko med kjæledyret ditt.
Har de motorsykkel? Då treng de òg motorsykkelforsikring. Alle registrerte motorsyklar er lovpålagd å ha ansvarsforsikring, på same måte som med bil. Vel du ei utvida dekning kan du mellom anna få inkludert skader på eigen sykkel og veghjelp. I tillegg til samanstøyt, velt, hærverk og feilfylling av drivstoff.
Ei utvida dekning kan også gi deg leigebil i inntil 15 dagar ved skade. Brukar du motorsykkelen din som primærframkomstmiddel kan det vere fornuftig!
Ja, det treng de. Hytteforsikringa dekker bygninga og det som er fastmontert. For å få erstatta ting som ikkje er fastmontert på hytta, for eksempel møblar og klede, treng dykk i tillegg ei innbuforsikring - sjølv om de alt har ein innbuforsikring som dekker tinga de har heime.
Forsikringane du ikkje treng
Mange blir dessverre tilbydd å kjøpe forsikringar dei ikkje har bruk for. Har du alt reiseforsikring og innbuforsikring er det mange forsikringar du kan takke nei til.
Unngå å betale for dobbeltforsikringar. Sjå kva forsikringar dei fleste allereie har.
Dobbel forsikring betyr at du har to av same forsikring. Mange er dobbeltforsikra utan at dei er klare over det. Verken forsikringsselskapa eller forsikringsformidlarar kan heller ikkje vite dette, då denne informasjonen ikkje delast mellom dei.
Ved dobbel forsikring på skadeforsikringane dine vil du aldri få dobbel utbetaling ved skade. Mens ved dobbel forsikring på personforsikringane er utbetalingane annleis. Du kan til dømes ha to livsforsikringar (eller fleire), som alle blir utbetalt ved dødsfall i samsvar med vilkåra.
Dekt av andre i familien Mange er forsikra via ektefelle eller sambuar utan at dei er klare over det. Både innbuforsikringa og reiseforsikringa kan utvidast til å gjelde heile familien.
Dekt av arbeidsgjevar Sjølv om det vanlegaste er å ha personalforsikringar via arbeidsgjevar, kan du også vere dekt av arbeidsgjevars reiseforsikring. Denne kan også dekke heile den tilsette sin familie dersom arbeidsgjevar har valt dette.
Dekt av andre forsikringar Mange får tilbod om å kjøpe spesialforsikringar som til dømes leigebilforsikring, idiotforsikring, skjermforsikring eller forsikring mot id-tjuveri. Veldig mange har allereie desse dekningane inkludert i innbu- eller reiseforsikringane sine. Sjå kva for forsikringar du ikkje treng.
Kva kan eg gjere? Mistenker du at du er dobbeltforsikra, anbefalar vi deg å kartlegge alle forsikringane dine.
Sjekk om du er forsikra via medlemskap i forening eller forbund.
Hør med arbeidsgjevar om kva for personalforsikringar du er dekt av.
Snakk med ektefelle/sambuar om kva for forsikringar hen har (også via hens arbeidsgjevar).
Er du usikker kan du kontakte oss så skal vi prøve å hjelpe deg å rydde opp. Det kan også hende det lønner seg å samle alle forsikringane ein stad.
Overforsikra/underforsikra Ved overforsikring betyr det at du har unødvendige forsikringar, dobbeltforsikring eller for høg forsikringssum. Ved underforsikring betyr det at du risikerer sjølv å betale for ein del av risikoen du i utgangspunktet ønsker å vere forsikra mot. Eit eksempel på å vere underforsikra: Du kjøper eit hus og forsikrar dette. Etter nokre år bygger du garasje på den same tomta, men gløymer å legge til garasjen i forsikringsavtalen for huset. Ved skade på hus og garasje vil du måtte betale for skadane på garasjen sjølv.
Er ein gift er det ektemaken som får utbetalinga. Dersom ikkje, utbetaler vi til arvingane dine, etter arvelova eller testamentet ditt.
Vil du at sambuaren din, barna eller andre skal få utbetalinga frå livsforsikringa di, må du gi oss spesielt beskjed om kven som skal få den.
Du kan dele beløpet på fleire ved å legge til fleire personar. Dette gjer du anten når du kjøper forsikring, eller du kan endre når du ønsker. Då vil dette stå i forsikringsavtalen under begunstigelse. Denne måten å fordele på er vanleg dersom ein har sambuar.
Ved til dømes lukeparkering eller køyring i smale gater kan det vere fort gjort å vere uheldig og kantkøyre felgen mot fortauskanten. Både kasko og toppkasko bilforsikring dekker reparasjon eller erstatning av kantkøyrt felg.
Greitt å vite Det kan vere lurt å sjekke om det lønner seg å reparere felgen eller kjøpe ny felg sjølv, då du må betale eigenandel per hending ved bruk av forsikringa. Det vil også gje bonustap på forsikringa. Som kunde får du 15 % rabatt hos MPS Bilskade, på reparasjon av småskadar som kantkøyrte felgar, steinsprut i lakken o.l.
Ein varmepumpe kan vere dekka av både husforsikring og innboforsikring. Det vanlegaste er at varmepumpa er ein integrert del av huset, og då er ho dekka av husforsikring. Er det ein frittståande varmepumpe som du kan flytte rundt på, er ho definert som innbo og dermed dekka av innboforsikring.
Skade
Har du hatt fysisk skade på selve varmepumpa som til dømes skuldast brann, hærverk, kortslutning på grunn av lynnedslag eller spenningsfeil på straumnettet, kan du vere dekka for varmepumpa (minus eigenandel og aldringsfradrag).
Lekkasje
Har du fått skade på bygningen som følgje av lekkasje frå varmepumpa er du ikkje dekka. Her vil heller ikkje følgeskader vere dekka.
Slitasje og produktfeil
Forsikringen dekker ikkje slitasjeskader eller produkt-/monteringsfeil på varmepumpe. Har varmepumpa sluttet å virke bør du sjekke med forhandlaren, montøren eller leverandøren om det framleis er garanti på varmepumpa. Eventuelt om du kan reklamere.
Liten/inga drenering rundt huset eller tette dreneringsrøyr kan forårsake vanninntrenging og vasskader på bygningen. Bygningsforsikring (hytte- og husforsikring) dekker normalt ikkje skader som oppstår over tid, om skaden kjem av manglande vedlikehald av dreneringa. Innbuforsikring kan dekke deg for følgjeskadar om tinga dine har blitt øydelagt av vatnet.
Har du fått vasskader og følgjeskadar på huset som følgje av naturskadar eller utvendig lekkasje frå røyr vil du normalt vere dekka av bygningsforsikring.
For å endre adressa på innbuforsikringa di, kan du logge inn i mine forsikringar, mobilbanken eller nettbanken og velje "Innbuforsikring" under "Mine forsikringar". Der vil du finne linken til "Endre adresse". Dersom innbuforsikringa di nærmar seg hovudforfall, vil det ikkje vere mogleg å endre denne sjølv. Då må du ta kontakt med oss, så hjelper vi deg vidare.
Vi anbefalar at du ventar med å endre adressa til etter du har flytta til ny bustad og meldt dette til folkeregisteret. I flytteperioden dekkjer innbuforsikringane både ny og gamal adresse.
Har du LOfavør Innbuforsikring slepp du å endre adresse. Denne følgjer din folkeregistrerte adresse.
Treng du hjelp er det berre å ta kontakt med oss. Du kan både ringe oss, chatte, skrive til oss eller avtale eit møte med ein forsikringsrådgjevar i banken.
Har du innbuforsikring hos eit anna forsikringsselskap?
Forsikringsbevis og forsikringspolise er det same. Det som tidlegare vart kalla forsikringspolise blir vanlegvis no kalla forsikringsbevis. Forsikringsbeviset er eit dokument som inneheld informasjon om forsikringa di. Forsikringsbeviset ligg i forsikringsavtalen din og informasjonen beskriv blant anna:
Barneforsikringane dekker insulinavhengig diabetes mellitus. Diagnosen skal vere stilt av barnelege eller indremedisinar.
Skulle barnet få diabetes, så vil forsikringane gi ein eingongsutbetaling når diagnosen er stilt. Om NAV på bakgrunn av auka pleiebehov innvilgar hjelpestønad, supplerer barneforsikringa stønad med å utbetale utvida støtte. Størrelsen på utbetalinga avheng av stønadssatsen frå NAV, og kan maksimalt kome opp i 10 G.
Viss du har ei jolle som høyrer til ein større båt med kasko/toppkasko båtforsikring, er jolla inkludert i forsikringa på same måte som båten. Dette gjeld for joller opptil 12 fot med ein motor på maks 15 hk og maksverdi på 50.000 kroner.
Viss du berre ønsker å forsikre ei jolle, robåt eller annan småbåt kan du enkelt sjekke pris og kjøpe ei eiga forsikring på denne.
Ja, du kan kjøpe vår test-vinnande barneforsikring frå spedbarnet er 2 månader gammalt. Forsikringane gir blant anna utbetaling ved utvalde sjukdomar, dagpengar ved sjukehusinnlegging, tekniske hjelpemiddel, ombygging av bustad og uførepensjon. Når barnet fyller 26 år, blir barneforsikring omgjort til ei fortsettelsesforsikring.
Kva dekker avbestillingsforsikringa? Avbestillingsforsikring er ei dekning du har gjennom heilårs reiseforsikringa di og reiseforsikringa du har gjennom kredittkortet ditt. Avbestillingsforsikringa gir deg pengane tilbake viss du treng å avbestille ei reise på grunn av uventa hendingar.
Du er dekt viss avbestillinga skuldast:
Du, reiseledsager, næraste familie eller nøkkelperson i reisefølgje blir råka av alvorleg akutt sjukdom, ulykke eller dødsfall.
Brann, innbrot eller vannskade som krev at du må vere til stades.
Avbestilling av reise, hotell og andre reservasjonar Kontakt flyselskapet, hotellet, reisebyrået eller der du har gjort reservasjonen, og avbestill. Ta vare på stadfesting for eventuelle avbestillingsgebyr du må betale. Sjekk om reiseselskapet dekker noko ved avbestilling.
Be om legeerklæring og annan dokumentasjon Skuldast avbestillinga eigen sjukdom, skaff ei legeerklæring som stadfestar dette. Viss det skuldast annan sjukdom i familien, barn eller nøkkelperson i reisefølge, få ein stadfesting på dette. Viss avbestillinga skuldast andre årsaker enn sjukdom, som for eksempel branntilløp, ulykker og skadar, ta vare på alt som forklarar kvifor reisa måtte avbestillast.
Meld ifrå til forsikringsselskapet Få rettleiing og fyll ut skjema hos forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
Mange aktørar forsøker å selje deg ekstra avbestillingsbeskyttelse når du kjøper ei reise – hugs at du er godt dekt gjennom avbestillingsforsikringa du har inkludert i reiseforsikringa hos oss.
Hussopp og råte er ein tilleggsdekning til både hytte- og husforsikring. Den dekker både skade på bygningsmaterialer og konstruksjonar av tre forårsaka av hussopp, råte eller insekt, samt utgifter til bekjemping.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}